Med unntak av 2016, har arealet av korn- og oljevekstar minka frå 2004 til 2019. I 2020 auka altså arealet med 1,5 prosent til 2,83 millionar dekar. Arealet av bygg og havre auka frå 2019 til 2020, medan arealet av kveite, rug og rugkveite og oljevekstar gjekk ned. Av det totale kornarealet i 2020 utgjorde bygg 49 prosent, medan kveite og havre utgjorde om lag 24 prosent kvar.

Færre jordbruksbedrifter

Talet på jordbruksbedrifter gjekk ned med 1 prosent frå 2019 til 2020, til 38 700 i 2020. Samla jordbruksareal i drift på jordbruksbedriftene var 9,86 millionar dekar, ein auke på 17 100 dekar frå året før. Jordbruksareal i drift fordelte seg på 8,1 millionar dekar fulldyrka jord, 0,2 millionar dekar overflatedyrka jord og 1,6 millionar dekar innmarksbeite.

Figur 1. Talet på jordbruksbedrifter

¹ Tal for 2020 ble rettet 28. september 2021.

Gjennomsnittleg jordbruksareal per gardsbruk var 255 dekar i 2020, 3 dekar meir enn året før og 39 dekar meir enn i 2010. I 2010 hadde 20 prosent av jordbruksbedriftene mindre enn 50 dekar jordbruksareal i drift og 2,5 prosent hadde over 500 dekar i drift. I 2020 hadde 14 prosent mindre enn 50 dekar og 13 prosent over 500 dekar.

Figur 2. Jordbruksareal per jordbruksbedrift

¹ Gjeld bedrifter med minst 5 dekar jordbruksareal i drift. ² Samdrifter osv. med mindre enn 5 dekar jordbruksareal i drift er medrekna. ³ Tal for 2020 ble rettet 28. september 2021.

Figur 3. Jordbruksbedrifter etter storleiken på jordbruksareal i drift

¹ Tal for 2020 ble rettet 28. september 2021.

Færre driv med husdyr

I 2020 var det 27 900 jordbruksbedrifter med husdyr, 1,6 prosent færre enn året før. Sidan 2010 er det 16 prosent færre som driv med husdyr, og størst nedgang har det vore for dei som driv med alssvin med 35 prosent nedgang. I same perioden har det vorte 30 prosent færre einingar med mjølkegeit og 23 prosent færre med storfe.

Fleire kyr

Talet på kyr auka med 9 100 frå 2019 til 2020, og to tredjedelar av auken skuldast auke i talet på ammekyr. I perioden 2010-2020 har talet på mjølkekyr minka med 24 900 til 213 500, medan talet på ammekyr har auka med 36 000 til 105 800. Eit gjennomsnittleg mjølkebruk hadde 29,9 mjølkekyr i 2020, mot 21,4 i 2010. Gjennomsnittleg buskapsstorleik for ammekyr var 18,0 i 2020, mot 13,4 i 2010.

Færre alssvin

Frå 2019 til 2020 gjekk talet på alssvin i alt ned med 5,2 prosent til 75 900, og av desse var 40 800 alspurker som hadde hatt minst 1 kull. Dette er ein nedgang på 4 prosent frå året før, og 29 prosent færre enn i 2010. Gjennomsnittleg buskapsstorleik var 80 alssvin i 2020, mot 67 i 2010.

Talet på sau over 1 år var 902 700 i 2020, om lag det same som året før. Gjennomsnittleg sauetal var 65,4 i 2020, mot 62,4 i 2010.

Det var i alt 33 700 mjølkegeiter i 2020, 600 færre enn i 2019. I 2010 hadde eit gjennomsnittleg bruk med mjølkegeit 91 mjølkegeiter, medan gjennomsnittet var 120 i 2020.

Figur 4. Dyretal per jordbruksbedrift med vedkomande husdyr

¹ Tal for 2020 ble rettet 28. september 2021.