Kulturlandskapet er gjennom fleire tusen år forma av bruken og ressursut­nyttinga til menneska. Her inngår bruken av åker og slåttemark, beitemarker og lyngheier. Heilskapen av gardstun, innmark og utmark har store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Seterbruket har vært svært omfattande og har skapt særeigne kulturlandskap. Kulturlandskapet er i stadig endring og er prega av element frå både historisk og moderne bruk. Ein viktig del av kulturarven er gamle hus, og landbruket forvaltar mange av dei gamle bygningane.

Jordbruket sitt samfunnsoppdrag er å drive lønsam og trygg produksjon av mat og sikre ei berekraftig forvaltning av ressursane. Jordbrukets kulturlandskap gir moglegheit til å satse på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetting og turisme. Kulturlandskap som slåttemark, beitemark og kystlynghei er blant dei mest truga naturtypane i Noreg. Attgroing og nedbygging er ein trussel mot naturmangfaldet, særleg i artsrike kulturmarker. Endringane har si årsak i endringar i samfunnet, marknaden for jordbruksprodukt, produksjonsmåten og bruksstrukturen i jordbruket. Endringane i kulturlandskapet er mellom anna knytt til:

  • Tap av natur
  • Attgroing
  • Forfall av bygningar i gards- og setermiljø
  • Press frå by- og tettstadsvekst
  • Rasjonalisering og intensivering i næringa
  • Endring i klima

Aktiv jordbruksdrift er viktig for å ta vare på kulturlandskapet. Rydding, slått og beiting held kulturlandskapet og artsrike naturtypar i hevd. Det finst fleire ordningar i jordbruket for å få tilskot til å ta vare på kulturlandskapet. 

Verkemiddel i Nasjonalt miljøprogram

For å ivareta jordbrukets sektoransvar for miljø finst både juridiske og økonomiske verkemiddel. I tillegg blir det arbeidd kontinuerleg med å utvikle og ta i bruk kunnskap om miljøvennleg drift.

Vilkår for dei økonomiske verkemidla er tilpassa ut frå føremål og miljøkvalitetar/miljøomsyn som skal ivaretakast. Areal- og kulturlandskapstilskot har eit breitt føremålsområde og (generelle) nasjonale kriterium som skal bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Meir målretta verkemiddel blir brukt der det er behov for særleg innsats for å ivareta miljøomsyn, utover det som er forventa ved ordinær jordbruksdrift, og utforming av verkemidla må byggje på kunnskap om skilnad i driftsforhold, miljøutfordringar og prioriteringar. Regionale tilskot er (i hovudsak) årlege miljøtiltak i drifta med årlege tildelingar. Kommunevise tilskot er i hovudsak eingongsstønad til investeringar og istandsetting.

Beitetilskot og areal- og kulturlandskapstilskot

Gjennom produksjonstilskotsordninga vert det gitt beitetilskot for å stimulere til pleie av kulturlandskapet og å oppnå god utnytting av utmarksressursane. Det vert gitt tilskot for dyr som beiter i utmark, og for dyr som beiter berre på innmark eller både på innmark og i utmark. Vidare vert det òg gitt tilskot for dyr av verneverdige husdyrrasar. Areal- og kulturlandskapstilskotet skal bidra til å skjøtte, halde ved like og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv jordbruksdrift. For å vidareutvikle økologisk produksjon blir gitt det ekstra areal- og husdyrtilskot til produsentar som har lagt om eller er under omlegging til økologisk drift.

Tiltak i Regionale miljøprogram (RMP) retta mot kulturlandskapet

Gjennom eit regionalt og lokalt tilpassa regelverk kan det givast tilskot der formålet er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn. Det einskilde fylke kan støtte dei tiltaka som er mest målretta i deira område.

Tiltak innafor området kulturlandskap skal bidra til å ivareta det tradisjonelle kulturlandskapet utover det ein kan oppnå gjennom nasjonale ordningar. I 2025 blei det gitt til saman 206 millionar kroner i tilskot til ulike kulturlandskapstiltak i jordbruket. Drift av bratt areal og drift av beitelag skal vere med på å oppretthalde tradisjonell drift, medan beiting og slått av verdifulle jordbrukslandskap skal bidra til å ivareta meir spesielle kulturlandskapsverdiar. Særeigne landskapselement som åkerholmar og gardsdammar er viktige å ta vare på, òg av omsyn til biologisk mangfald.

Figur 1. Regionalt miljøtilskot til kulturlandskapstiltak. 2021-2025. Millionar kroner

Regionale miljøprogram (RMP) skal stimulere til auka miljøinnsats i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak som ein kan få tilskot til å utføre. Tiltaka blir bestemt ut frå kva Statsforvaltaren ser som dei største miljøutfordringane i sitt fylke. Fleire tilskot som tidlegare var del av nasjonalt  miljøprogram  eller produksjonstilskot i jordbruket er no del av RMP, slik som tilskot til seterdrift, bratt areal og endra jord­arbeiding. For å søkje om tilskot frå RMP er det eit vilkår at søkjaren også fyller krava for å ta imot produksjonstilskot.

Dei ulike miljøtiltaka i RMP er delte inn i ulike miljøtema. Samla RMP-tilskot for 2025 var totalt 1149,2 millionar kroner. Her er 2025-tal fordelte etter miljøtema:

Avrenning til vatn: 399,5 millionar kroner

Biologisk mangfald: 99,2 millionar kroner

Friluftsliv: 7,0 millionar kroner

Klimarådgjeving: 8,6 millionar kroner

Jord og jordhelse: 89,0 millionar kroner

Kulturlandskap: 205,6 millionar kroner

Kulturminne og kulturmiljø: 124,8 millionar kroner

Miljøavtale: 2,9 millionar kroner

Plantevern: 5,7 millionar kroner

Utslepp til luft: 206,8 millionar kroner

Tiltak for auka biologisk mangfald i kulturlandskapet

Tiltaka innan biologisk mangfald i RMP skal bidra til å ivareta utvalde og truga naturtypar, samt andre verdifulle areal i jordbruket. Dei skal også legge til rette for beiting og hekking av fugl på jordbruksareal. Tiltaka er knytte til skjøtsel av kulturmark, areal med særskilt naturkvalitet, artsmangfald og areal avsett til fuglebiotopar.

Innanfor temaet Biologisk mangfald blei det i 2025 gitt 99,2 millionar kroner i samla tilskot, og det utgjer i underkant av 9 prosent av totalt RMP-tilskot. Innan Biologisk mangfald gjekk ein tredel til tiltaka skjøtsel av biologisk verdifulle areal og truga naturtypar, medan 24 prosent av midla gjekk til å etablere soner for pollinerande insekt i kulturlandskapet. 21 prosent gjekk til skjøtsel og beite av kystlynghei, eit viktig kulturlandskap langs kysten.

Figur 2. Fordeling av RMP-tilskot til ulike tema innanfor Biologisk mangfald. 2013-2025. Millionar kroner

Kulturminne og kulturmiljø

Kulturminne er spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø. Kulturmiljø er område der kulturminne inngår som ein del av ein større heilskap eller samanheng, som eit gardstun eller ei setergrend. Innan områda kulturminne og kulturmiljø skal tiltaka gjennom RMP bidra til å gjere spor i landskapet etter tidlegare jordbruksdrift synlege, slik som gravminne og rydningsrøyser, samt å oppretthalde tradisjonelle driftsformer som seterdrift. Det blei gitt til saman 125 millionar kroner i tilskot til ulike tiltak innan kulturmiljø og kulturminne i 2025, og langt det meste, 102 millionar, gjekk til drift av seter.

Figur 3. Regionalt tilskot til kulturminne og kulturmiljø. 2013-2025. Millionar kroner

Kulturminne i samband med jordbrukslandskapet kan vere:

  • Bygningar på gardstun og i inn- og utmark
  • Buplassar, hustufter og ruinar
  • Gravhaugar og gravrøyser, helleristningar, offerstader
  • Rydningsrøyser, veiter, vatningsanlegg, bakkemurar, tre- og steingjerde
  • Gamle vegar, stiar, klopper og vad

Eksempel på kulturmiljø i jordbrukslandskapet er:

  • Gardstun
  • Seteranlegg
  • Ei samling gravhaugar
  • Naustmiljø

Tiltak innan friluftsliv og tilgjenge skal vere med på å ivareta tilgangen til jordbrukets kulturlandskap ved å halde stiar på jordbruksareal opne. I 2025 blei det gitt 7 millionar kroner i tilskot til vedlikehald av 770 kilometer turstiar i jordbrukslandskapet.

Figur 4. Tilskot til vedlikehald av turstiar i jordbrukslandskapet. Kroner. Turstiar som er vedlikehaldne. Meter. 2020-2025

Tilskot til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) retta mot kulturlandskapet

Formålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), er å ta vare på natur- og kulturminna i kulturlandskapet og å redusera forureininga frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. SMIL-ordninga forvaltast av kommunane. Ordninga skal gi ein målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsettingar. 

I 2025 omfatta SMIL-ordninga totalt 267,8 millionar kroner, delt på 128,5 millionar kroner til tiltak i kulturlandskapet og 139,3 millionar kroner til tiltak mot forureining.

Figur 5. Innvilga tilskot til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) fordelt på hovudformål. 2005-2025. Millionar kroner

Tiltaka i kulturlandskapet omfattar fire miljøtema med tilhøyrande undertema:

  • Kulturlandskap og landskapsskjøtsel
    • Verdifulle jordbrukslandskap på innmark
    • Verdifulle jordbrukslandskap i utmark
  • Biologisk mangfald
    • Utvalde naturtypar
    • Slåttemark/slåttemyr
    • Kystlynghei
    • Biologisk verdifulle areal
  • Kulturminne og kulturmiljø
    • Verneverdige bygningar
    • Steingjerde
    • Skigardar mv.
  • Friluftsliv
    • Etablering og istandsetting av turstiar

Innanfor hovudformål kulturlandskap blei det gitt mest tilskot til kulturminne og kulturmiljø med 62 millionar kroner, følgd av kulturlandskap og landskapsskjøtsel med 51 millionar kroner.

Figur 6. Innvilga tilskot til Kulturlandskap i SMIL fordelt på miljøtema. 2004-2025. Millionar kroner

Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Utvalde kulturlandskap er ei samling av dei mest verdifulle kulturlandskapa i Noreg. Landskapa er valde ut fordi dei er særeigne jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen i fleire generasjonar, Ved utgangen av 2025 var det i alt 51 område. 

Utvalde kulturlandskap er ei felles satsing mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Ansvaret for forvaltning av tilskot blei overført til kommunane i 2020, og kommunen skal lage forvaltningsplan der dei beskriv verdiane og utfordringar i området og prioriterer tiltak i sin kommune. I 2025 kom det 967 søknadar, og det blei gitt tilsegn om 40,9 millionar kroner i tilskot. Formålet med satsinga er å sikre langsiktig forvaltning av utvalde landskapsområde med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, forma av langvarig og kontinuerleg tradisjonell bruk.

Figur 7. Innvilga tilskot til utvalde kulturlandskap for delt på miljøtema. 2021-2025. Millionar kroner

Jordbrukets verdsarvsatsing

Åtte norske verdsarvområde står på UNESCOs verdsarvliste. Verdsarven er den kultur- og naturarven som har ein unik, universell verdi sett frå eit historisk, kunstnarisk, vitskapleg eller estetisk synspunkt. I tre av dei norske områda på lista spelar jordbruket ei vesentleg rolle. Dette er Vegaøyan på Helgelandskysten, Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden og Røros bergstad og Circumferensen. Områda har monalege verdiar knytt til jordbrukets kulturlandskap, og der verdien i stor grad vil bli svekka dersom det aktive jordbruket blir redusert eller blir borte.

Det blir årleg sett av midlar over Jordbruksavtalen til ei eiga satsing for å styrkja landbruket i dei tre verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap, Vegaøyan og Røros bergstad og Circumferensen, områda rundt bergstaden. For å styrke landbruket er det ei eiga tilskotsordning for desse tre områda. Formålet med tilskotet er å sikre langsiktig skjøtsel og drift av områda. I tillegg yter også Miljøforvaltninga midlar til verdsarvområda.