Artikkelen byggjer på statistikken «Utslipp til luft». Utsleppa gjeld jordbrukssektoren som er biologisk utslepp frå husdyr- og planteproduksjon. Dei fossile utsleppa frå oppvarming og maskinbruk vert ikkje bokført i jordbrukssektoren, men er teke med i artikkelen i avsnittet om utslepp av karbondioksid. Utslepp frå oppvarming er medrekna i sektoren «Oppvarming i andre næringer og husholdninger» og utslepp frå traktorar og motorreiskapar er bokført under «Luftfart, sjøfart, anleggsmaskinar mm». Utslepp frå transport av produkt, innsatsfaktorar til og frå jordbruksverksemda, og frå produksjon av innsatsfaktorar til jordbruket produsert utanfor jordbruket, er heller ikkje teke med. Utslepp som følgje av endringar i karbonbalansen i jordsmonnet er ikkje med i tala som blir presenterte elles i artikkelen. Utslepp er berekna på bakgrunn av aktivitetsdata som beskriver produksjonen, til dømes tal på husdyr i Noreg. Fleire detaljar om korleis klimagassutslepp frå jordbruk blir rekna ut, finst i rapporten (miljodirektoratet.no) Noreg leverer til FNs klimakonvensjon kvart år.
Jordbruket er den største kjelda til utslepp av metan (CH4), lystgass (N2O) og ammoniakk (NH3) i Noreg. I 2024 kom høvesvis 58 og 73 prosent av klimagassane metan og lystgass frå jordbruket. Utslepp av ammoniakk kan ha forsurande verknader gjennom ulike prosessar i jord og vatn. Ammoniakk er òg ei kjelde til lystgass gjennom nedfall og avrenning. I 2024 sto jordbruket for 95 prosent av ammoniakkutsleppa. Tala i denne artikkelen er henta frå statistikken Utslipp til luft.
Metan er den viktigaste klimagassen frå jordbruket
I 2024 stod metan frå fordøying hos husdyr (enterisk metan) for 51 prosent av dei totale klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren. Drøvtyggjarar, som storfe, sau og geit, produserer mest metan, medan andre husdyr, som gris og fjørfe, produserer mindre mengder av denne gassen. I 2024 var utsleppet av enterisk metan ca. 2,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Av dette kom 78 prosent frå storfé og 14 prosent frå sau. Utsleppa av enterisk metan samla var 8 prosent lågare i 2024 enn i 1990 og 1 prosent lågare enn i 2023. Forklaringa på nedgangen er færre storfé i perioden.
Metan kjem òg frå husdyrgjødsel i fjøs og lager, og i 2024 kom nær 9 prosent av klimagassutsleppa i jordbruket frå denne kjelda.
Frå 1990 har dei samla metanutsleppa i Noreg gått ned med 32 prosent. Dei reduserte utsleppa frå kjelder utanom jordbruk skuldast at ei viktig metan-kjelde, deponering av biologisk avfall, vart ulovleg frå 2009. Dette ga lågare utslepp av metan frå avfallsdeponi i denne perioden.
Mange kjelder til lystgass i jordbruket
Jordbrukssektoren stod for 73 prosent av dei totale lystgassutsleppa (N2O) i Noreg i 2024. Dei viktigaste kjeldene er spreiing av gjødsel og dyrking av organisk jord (myr). For gjødsel kjem utsleppa både frå spreiing av mineralgjødsel, lagring og spreiing av husdyrgjødsel og frå dyr på beite. Andre lystgasskjelder er avlingsrestar og ammoniakk som går over til lystgass gjennom nedfall og avrenning.
Utsleppa av N2O som skjer som følgje av dyrking av organisk jord kjem av auka mineralisering av gammalt nitrogenrikt organisk materiale (IPCC 2006). Utsleppet av N2O blir rekna ut frå arealet av oppdyrka organisk jord i Noreg og skil mellom dyrka mark og beitemark. Faktorane er i prinsippet avhengig av nitrogenkvaliteten på myrjorda, oppdyrkingspraksis og klimatiske forhold. Utsleppa har halde seg stabile sidan 1990, og i 2024 var 8 prosent av klimagassutsleppa i jordbrukssektoren frå denne kjelda.
Lystgassutslepp frå spreiing av mineralgjødsel er rekna ut frå salstal for gjødselvarer. I 2024 vart utsleppet frå denne kjelda 13,5 prosent av klimagassutsleppa frå jordbruket. Dette var ein oppgang på 5 prosent frå 2023, men 17 prosent lågare enn i 1990.
For 2024 var dei direkte lystgassutsleppa frå gjødsel i husdyrrom, gjødsellager, spreiing og beite på 276 kilotonn CO2-ekvivalentar. Dei indirekte utsleppa av lystgass kjem frå fordamping og nedfall, òg frå lekkasje og avrenning av ammoniakk. Desse indirekte lystgassutsleppa utgjorde 347 kilotonn CO2-ekvivalentar i 2024.
Figur 3 syner ein markant nedgang i lystgassutslepp frå andre kjelder enn jordbruk sidan 2005. Teknologiske framsteg i mineralgjødselindustrien forklarer deler av dette. Jordbruket har teke over større del av totalutsleppa sidan dette er biologiske utslepp som ikkje så lett let seg fjerne.
Jordbruksrelaterte CO2-utslepp
Hovudkjeldene til CO2-utsleppa frå jordbruket er bruk av drivstoff til maskinar og fyring, kalking og bruka av urea på jordbruksareala, i tillegg til endringar i karbonbalansen i jorda som følgje av drift og arealendringar. Men det er berre CO2-utslepp frå kalking og urea som bokførast i «jordbrukssektoren» i den offisielle utsleppsstatistikken frå SSB. Utslepp frå fyring er medrekna i kjelda «Oppvarming i andre næringar og hushald» og traktorar og motorreiskapar er bokført under «Luftfart, sjøfart, anleggsmaskinar mm». Tal for utslepp og opptak av CO2 frå areala blir rapportert til FNs klimakonvensjon og til Parisavtala under kategorien LULUCF (Land Use and Land Use Changes and Forestry) og blir utrekna av Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO). Det er dei fossile utsleppa frå energibruk som er teke med i avsnittet her.
Utsleppa av CO2 inkludert energibruk i jordbruket er synt i figur 4. I 2024 stod traktorar og maskinar for 59 prosent, 14 prosent var frå fyring og 27 prosent av CO2-utsleppa var frå spreiing av kalk og urea.
Sidan 1990 har utsleppa frå kalking og fyring gått kraftig ned, og dei samla CO2-utsleppa frå jordbruk inkludert energibruk var 30 prosent lågare i 2024 enn i 1990.
Gjødsel er hovudkjelda til ammoniakkutslepp
Jordbruket er den største kjelda til ammoniakk i Noreg og utsleppa kjem i hovudsak frå husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Som synt i figur 5 var størsteparten, 91 prosent, knytt til husdyrgjødsel, medrekna spreiing og beite. Rundt 6 prosent kom frå bruk av mineralgjødsel medan ammoniakkbehandling av halm og bruk av slam og organisk gjødsel utgjorde rundt 3 prosent.
Utsleppa av ammoniakk frå husdyrgjødsel er avhengige av fleire faktorar, til dømes dyreslag, nitrogeninnhald i fôr, lagringsmetode for gjødsla, klima, spreiingsmetode for gjødsel, dyrkingspraksis og eigenskapane til jorda. I 2024 var utsleppet av NH3 frå husdyrgjødsel estimert til om lag 25,5 kilotonn. Av dette var dei største utsleppa frå gjødsellager og spreiing. Ein mindre del vart sluppen ut av dyr på beite. Utsleppa av ammoniakk frå mineralgjødsel i 2024 var berekna til 1,8 kilotonn.
Utslepp av ammoniakk frå jordbruket har gått ned med 11 prosent frå 1990 til 2024. Forklaringa her er eit lågare utslepp frå handtering av halm, mindre bruk av mineralgjødsel og færre husdyr. Ammoniakkutsleppa frå husdyrgjødsel har vore ganske stabile i perioden tross færre husdyr. Her er årsaka meir proteinrik fôring seinare i tidsserien som gir høgare utslepp av ammoniakk. Men dei siste åra har det vore ein nedgang som skuldast færre husdyr. Frå 2023 til 2024 gjekk ammoniakkutsleppa for jordbruket ned med 2 prosent.
Utsleppsmål for jordbruket
Gjennom ulike internasjonale avtalar har Noreg forplikta seg til å nå framtidige utsleppsmål. Noreg har meldt inn eit forsterka klimamål under Parisavtala om å redusere utsleppa med minst 55 prosent i 2030 samanlikna med utslippsnivået i 1990 (regjeringen.no).
Ei avtale mellom jordbruksorganisasjonane og regjeringa vart sett i 2019 som gjeld reduksjon i klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå 2021-2030. For å overhalde dette lanserte næringa Landbrukets klimaplan kor målet er å kutte 4-6 millionar tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021-2030.
Sidan 2021 har det vore ein nedgang på 280 000 tonn CO2-ekvivalentar, noko som er 6 prosent lågare utslepp.
Gøteborgprotokollen er ein internasjonal avtale om reduksjon av luftforureining. Noreg slutta seg til avtala i 1999 og til den reviderte utgåva i 2019. Protokollen krev at utsleppet av ammoniakk i 2020 skal vere 8 prosent lågare enn nivået i 2005. Utrekningane for 2024 viser at ammoniakkutsleppet i Noreg var om lag 28,1 kilotonn, noko som er 10 prosent lågare enn i 2005. Det betyr at måla vert oppfylte (regjeringen.no). Gøteborgprotokollen inneheld òg forpliktingar for andre gassar, som SO₂ (svoveldioksid), NOₓ (nitrogenoksid) og NMVOC (flyktige organiske sambindingar), men jordbruket står for ein liten del av desse utsleppa.
Metodane som blir brukte i utrekningane av utsleppa, blir stadig utvikla. For at tidsserien skal være konsistent må endringar i metodane gjelde for heile tidsserien frå 1990. Dei utrekna utsleppa vil då kunne endre seg frå år til år. Hausten 2025 vart utrekning for enterisk metan frå sau endra. Dette gav ei utsleppsnedgang i heile tidsserien på 30 prosent pr år samanlikna med tal som har vore publisert tidlegare for denne kjelda.