Gjennom søknader om produksjonstilskot i jordbruket blir det gitt tilskot til dyr på beite, eit tilskot for dyr som går minst 5 veker på utmarksbeite og eit for dyr som går minst 12 veker på beite (16 veker i visse geografiske soner), uavhengig av om beitet er utmarksbeite eller innmarks­beite. Dersom dyra  har vore på beite minst 12/16 veker, og minst 5 veker som ein del av dei 12/16 vekene eller utanom desse, blir det gitt tilskot til dyr på beite i begge gruppene. Føremålet med ordningane er å oppnå god utnytting av ressursane på utmarksbeite og å stimulere til pleie av kulturlandskapet. Det er mogleg å få tilskot for begge ordningane for dei same dyra.

Ti år med auke i talet på geiter på utmarksbeite

For 2025 blei det gitt produksjonstilskot for totalt 2,1 millionar husdyr på minst 5 vekers utmarksbeite. Av dette utgjorde sauer og lam 1,78 millionar dyr. Storfe på utmarks­beite utgjorde om lag 280 000 dyr, medan geiter utgjorde 69 000 og hestar 9 000. Dette er sjette året på rad med auke i talet på geiter på utmarksbeite, og ei auke på om lag 20 prosent dei siste ti åra. Samstundes er det 20 prosent mindre enn på byrjinga av 1990-talet.

Figur 1. Indeks for utvikling i talet på husdyr med minst 5 veker på utmarksbeite. 1989-2025¹. 1989=100
¹Førebelse tal for 2025 ²Omlegging av søknader om produksjonstilskot kan vere ei årsak til låge tal for registrerte beitedyr i 2017

Figur 2. Sau på minst 5 vekers utmarksbeite, etter kommune¹. 2025²
¹Beitedyr er registrert i den kommunen der jordbruksbedrifta har driftssenteret
²Førebelse tal

Færre sauer og storfe på beite

Det blei gitt produksjonstilskot for totalt 2,7 millionar husdyr på beite i minst 12 veker (16 veker i visse geografiske soner) i 2025. Av dette var det 2 millionar sauer og lam, 596 000 storfe, 78 000 geiter og 25 000 hestar. Frå 2024 til 2025 var det ein svak nedgang i talet på sau og storfe på beite, medan talet på geiter gjekk opp med nesten 6 prosent. Også hest på beite auka noko. Nesten alle sauene, 94 prosent, var på beite minst 12 eller 16 veker i sommarhalvåret. Av alle mjølkekyr og ammekyr var 87 prosent på sommarbeite i 2025, medan 59 prosent av alle ungdyra av storfe var på beite. Også blant geiter og hestar er langt dei fleste på beite i sommarhalvåret, høvesvis 98 og 90 prosent.

Figur 3. Husdyr med minst 12 (eller 16) veker på beite i prosent av husdyr i alt, etter husdyrslag. 2006-2025¹
¹Førebelse tal for 2025²Omlegging av søknader om produksjonstilskot kan vere ei årsak til låge tal for registrerte beitedyr i 2017

Organisert beitebruk

Gjennom ordninga Regionale miljøprogram (RMP) kan det givast tilskot til ei rekkje tiltak som skal vere med på å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn. Ordninga opnar for at fylka kan støtte tiltak som er mest målretta i deira område, og som kan bidra til å hindre gjengroing og stimulere til beiting og betre opplevingskvaliteter i kulturlandskapet. Tiltaka skal bidra til å ta vare på det tradisjonelle kulturlandskapet utover det ein oppnår gjennom nasjonale ordningar. Beitelag kan få tilskot gjennom RMP til drift, tilsyn og sanking av dyr frå beite. Tilskotet skal gå til å fremme den organiserte bruken av beite gjennom fellestiltak, og føremålet med ordninga er å legge til rette for ei meir rasjonell utnytting av utmarka, og å redusere tap av dyr på beite.

Det kan også givast tilskot til ulike planleggings- og tilretteleggingstiltak for god og effektiv bruk av utmarksbeita, slik som tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk og prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av beita.

Tilskotet kan og givast til investeringar knytt til utmarksbeite, t.d. oppsetjing av sperregjerde, buer for gjetarar og utstyr for elektronisk overvaking av beitedyra.

I miljøtemaet Kulturlandskap i RMP blei det i 2025 utbetalt totalt 213 millionar kroner. Det blei gitt tilskot til mellom anna beiting på inn- og utmark, skjøtsel av bratt areal og anna verdfulle jordbrukslandskap samt beiting i område som er verna. I 2025 fekk drift av bratt areal eit tilskot på 113 millionar kroner, medan slått og beite av lokalt verdfulle jordbrukslandskap i innmark og utmark fekk eit tilskot på om lag 48 millionar kroner. Tilskot til drift av beitelag utgjorde 44 millionar kroner i 2025.

Figur 4. Regionale miljøtilskot til kulturlandskapstiltak (RMP). 2013-2025. Millionar kroner

Kraftig reduksjon i seterdrifta

Seterdrift omfattar seter med minst 4 vekers mjølkeproduksjon i løpet av sommaren. Seterdrift kan gå føre seg på eiga seter (enkeltseter) eller ved deltaking i fellesseter.har hatt ei sentral rolle i landbrukets historie og skapt særeigne landskap i Noreg. Tidlegare var seterdrift svært omfattande, og tidleg på 1900-talet var det mange jordbruksbedrifter som hadde seter. Sidan midten på 1900-talet og fram til i dag har talet på jordbruksbedrifter med seter gått kraftig tilbake, men seterdrift er framleis eit viktig element i kulturlandskapet i fjellet i einskilde område av landet.

I 1949 var det 22 600 jordbruks­bedrifter, eller 11 prosent av alle jordbruksbedriftene, som hadde eiga seter eller del i seter. I 1959 var dette talet redusert til 13 700 jordbruksbedrifter, eller 7 prosent av alle jordbruksbedriftene. 50 år etter, i 2009, hadde talet gått ned til 1 700, eller 3 prosent av alle jordbruksbedriftene. Dei siste åra har vel 2 prosent av jordbruksbedriftene hatt seter eller del i seter.

Berre 733 setrer i drift i 2025

I 1949 var det registrert 21 812 setrer i drift. Sidan 1949 har talet på setrer gått kraftig ned. I 2005 (første året med RMP-tilskot) var det 1 403 setrer. RMP-tala for 2025 viser at det vart gjett tilskot til drift av 733 setrer. Av desse var 638 enkeltsetrer, 67 fellessetrer og 28 besøkssetrer. Til saman blei det gitt tilskot på 101,7 millionar kroner til seterdrift, og dette utgjorde 81 prosent av alle tilskota under miljøtema «Kulturminner og kulturmiljøer» i 2025. I 2024 var det 743 setrer i drift som fekk eit tilskot på 93,3 millionar kroner.

Figur 5. Talet på setrer og jordbruksbedrifter med seter eller del i seter. 2005-2025

Ordninga med søknader om produksjonstilskot i jordbruket 1. mars og 1. oktober blir administrert av Landbruksdirektoratet. Materialet inneheld opplysningar om areal og husdyrhald hos søkjarane. Statistisk sentralbyrå publiserar data frå søknadene på alle regionale nivå under føresetnad av at informasjon om enkeltbruk ikkje blir offentleggjord.

Regionale miljøprogram (RMP) skal stimulere til auka miljøinnsats i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak som ein kan få tilskot til å utføre. Tiltaka blir bestemt ut frå kva Statsforvaltaren ser som dei største miljøutfordringane i sitt fylke. Fleire tilskot som tidlegare var del av nasjonalt  miljøprogram  eller produksjonstilskot i jordbruket er no del av RMP, slik som tilskot til seterdrift, bratt areal og endra jord­arbeiding. For å søkje om tilskot frå RMP er det eit vilkår at søkjaren også fyller krava for å ta imot produksjonstilskot.

Dei ulike miljøtiltaka i RMP er delte inn i ulike miljøtema. Samla RMP-tilskot for 2025 var totalt 1149,2 millionar kroner. Her er 2025-tal fordelte etter miljøtema:

Avrenning til vatn: 399,5 millionar kroner

Biologisk mangfald: 99,2 millionar kroner

Friluftsliv: 7,0 millionar kroner

Klimarådgjeving: 8,6 millionar kroner

Jord og jordhelse: 89,0 millionar kroner

Kulturlandskap: 205,6 millionar kroner

Kulturminne og kulturmiljø: 124,8 millionar kroner

Miljøavtale: 2,9 millionar kroner

Plantevern: 5,7 millionar kroner

Utslepp til luft: 206,8 millionar kroner