Det er sett strenge krav for å bruke plantevernmiddel i jordbruket. Gjennom ulike handlingsplanar er det mellom anna sett krav om autorisasjonskurs, føring av sprøytejournal, funksjonstesting av utstyr, prognosevarsling og autorisasjon av forhandlarar.
Forskrift om plantevernmiddel blei revidert i 2015 og implementerer dermed EU sitt plantevernmiddeldirektiv. Integrert plantevern er ein sentral del av det nye regelverket. Mattilsynet har utarbeidd ei rettleiing til det nye plantevernregelverket.
Bruk av plantevernmiddel på friland
Bruken av plantevernmiddel kan variere frå år til år. Særleg gjeld det middel mot sopp og skadedyr på friland der bruken heng saman med vêrforholda. Statistisk sentralbyrå har med tilskot frå Landbruksdirektoratet undersøkt bruken av plantevernmiddel på frilandsproduksjonar i jord- og hagebruk i 2001, 2003, 2005, 2008, 2011, 2014, 2017 og 2022. Undersøkingane omfattar potet, kepalauk, hovudkål, gulrot, jordbær, eple, eng og beite, bygg, havre, vårkveite, haustkveite og oljevekstar. Desse vekstane omfattar om lag 98 prosent av jordbruksarealet i drift.
Med unnatak for eng og beite, som utgjer om lag to tredelar av arealet, varierte delen av arealet for dei vekstane som blei handsama med plantevernmiddel minst ein gong gjennom vekstsesongen 2022, frå 70 til 98 prosent. Totalt 32 prosent av jordbruksarealet i drift, inklusive eng og beite, blei sprøyta i 2022.
Figur 1. Del av frilandsarealet som blei handsama med kjemiske plantevernmiddel. 2001 - 2022. Prosent
Søylediagram med 8 søyler.
Figuren har 1 X akse som viser År.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 32 til 37.
Figur 1. Del av frilandsarealet som blei handsama med kjemiske plantevernmiddel. 2001 - 2022. Prosent
Bruk av plantevernmiddel er i mange høve heilt nødvendig for å sikre god plantehelse og høge avlingar. Plantevernmiddel kan ha uønskte verknader ved at dei kan føre til skadar i miljøet, helseplager for dei som utfører sprøyting og som restar i produkta. Alle preparata som er på marknaden, må godkjennast av Mattilsynet, og gjennom substitusjonsprinsippet kan tilsynet ta ut allereie godkjente preparat dersom det kjem nye og betre preparat med mindre skaderisiko.
Figur 2. Jordbruksbedrifter med ulike former for integrert plantevern. 2022. Prosent
Søylediagram med 5 serier.
Figuren har 1 X akse som viser Vekst og ulike former for integrert plantevern.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 17.6 til 98.5.
Vekstskifte
Førebyggjande tiltak gjennom bruk av resistente sortar, tilpassa gjødsling, drenering mv.
Nytta varsling, prognosar mv.
Har nytta tilpassa dosar etter behov
Unngått bruk av same middel år etter år
Figur 2. Jordbruksbedrifter med ulike former for integrert plantevern. 2022. Prosent
Vekst og ulike former for integrert plantevern
Vekstskifte
Førebyggjande tiltak gjennom bruk av resistente sortar, tilpassa gjødsling, drenering mv.
I 2021 gjennomførte SSB ei undersøking om bruken av biologiske og kjemiske plantevernmiddel i veksthus. Undersøkinga omfatta produksjonane blomstrande potteplanter, snittblomster, utplantingsplanter/sommarblomster, dekorasjonsplanter, salat, urter, tomat og agurk Tilsvarande undersøkingar blei gjennomført for 2012 og 2017.
Gartneria bruker ulike variantar av integrert plantevern. Dette gjeld biologisk plantevern, med bruk av ulike nytteorganismar, tiltak i gartneriet i form av temperaturstyring, lys, vatn, plantenæring mv. og kjemisk plantevern nytta i ulike kombinasjonar.
Figur 4. Del av veksthusarealet som blei handsama med nytteorganismar, etter produksjon. 2020. Prosent
Søylediagram med 8 søyler.
Figuren har 1 X akse som viser Vekst.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 22.6 til 99.7.
Figur 4. Del av veksthusarealet som blei handsama med nytteorganismar, etter produksjon. 2020. Prosent
Ein stor del av areala blei handsama med biologiske planteverntiltak, som i hovudsak er ulike nytteinsekt. I gjennomsnitt blei 88 prosent av areala med grønsaker i veksthus handsama minst ein gong med desse nytteorganismane, medan 45 prosent blei handsama minst ein gong med kjemiske middel. Dette er om lag på same nivå som i 2017.
Figur 5. Del av veksthusareal som blei handsame med kjemiske plantevernmiddel, etter produksjon. 2020. Prosent
Søylediagram med 8 søyler.
Figuren har 1 X akse som viser Vekst.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 4 til 89.5.
Figur 5. Del av veksthusareal som blei handsame med kjemiske plantevernmiddel, etter produksjon. 2020. Prosent
I veksthusproduksjonar med grønsaker blei 62 prosent av areala berre handsama med nytteorganismar, medan 3 prosent berre blei handsama kjemisk. 26 prosent av arealet vart handsama med både nytteorganismar og kjemiske middel, medan 9 prosent ikkje blei handsama med plantevernmiddel.
Figur 6. Del av akkumulert areal¹ av biologiske handsamingar mot ulike skadegjerarar etter produksjon. 2020. Prosent
Søylediagram med 6 serier.
Figuren har 1 X akse som viser Vekst.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 10.3 til 100.
Bladlus
Hærmygg
Mjøllus (kvitfly)
Spinnmidd
Trips
Andre
Figur 6. Del av akkumulert areal¹ av biologiske handsamingar mot ulike skadegjerarar etter produksjon. 2020. Prosent
Vekst
Bladlus
Hærmygg
Mjøllus (kvitfly)
Spinnmidd
Trips
Andre
Agurk
18,6
2,1
13,7
33,3
29,5
2,8
Tomat
10,3
0,1
45,1
43,3
0,9
0,3
Urter
44,5
8,9
5,6
4,9
18
18,1
Salat
44,7
36,3
0
0
0,2
18,8
Dekorasjons-planter
29,5
2,8
4,1
23
35,2
5,4
Utplantingsplanterog sommarblomster
32,2
8,9
3,9
5,3
41,2
8,5
Snittblomster
16,2
0
0
10,1
73,7
0
Blomstrandepotteplanter
23,6
17,6
10,8
5,8
35,9
6,3
¹ Akkumulert handsama areal er summen av alle gjentak av handsamingar mot gruppa av skadegjerarar i ein produksjon.
Av prydplanter, blei 6 prosent av areala berre handsama med nytteorganismar, medan 40 prosent berre vart handsama med kjemiske middel. 39 prosent fekk både nytteorganismar og kjemiske middel, medan 16 prosent verken blei handsama med nytteorganismar eller kjemiske plantevernmiddel.
Biologisk handsaming mot bladlus og trips utgjorde størst del av det samla handsama arealet for alle nytteorganismar i veksthusproduksjonane med høvesvis 30 og 20 prosent.
Kjemiske plantevernmiddel blir delt inn i hovudgruppene ugrasmiddel, soppmiddel, skadedyrmiddel og vekstregulatorar. Ugrasmiddel blir i liten grad nytta i veksthusproduksjonane. Vekstregulatorar blir nytta i prydplanter for å endre utsjånaden på plantene. 79 prosent av prydplantene vart kjemisk handsama, og vekstregulatorane utgjorde 59 prosent av handsama areal, skadedyrmiddel 28 prosent og soppmiddel resten. 29 prosent av grønsakene vart kjemisk handsama, og bruken fordelte seg med 56 prosent skadedyrmiddel og resten soppmiddel.
Figur 7. Del av akkumulert handsama areal¹, etter hovudgrupper av kjemiske plantevernmiddel som er nytta og produksjon. 2020. Prosent
Søylediagram med 3 serier.
Figuren har 1 X akse som viser Vekst.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 6.2 til 100.1.
Soppmiddel
Skadedyrmiddel
Vekstregulatorar
Figur 7. Del av akkumulert handsama areal¹, etter hovudgrupper av kjemiske plantevernmiddel som er nytta og produksjon. 2020. Prosent
Vekst
Soppmiddel
Skadedyrmiddel
Vekstregulatorar
Agurk
66,7
33,3
Tomat
6,9
93,1
Salat
8,5
91,5
Dekorasjons-planter
6,2
84,5
9,3
Utplantingsplanterog sommarblomster
18,4
34,3
47,4
Snittblomster
22,2
65,8
12,1
Blomstrandepotteplanter
8,2
19,9
72
¹ Akkumulert handsama areal er summen av alle gjentak av handsamingar med gruppa av kjemiske plantevernmiddel i ein produksjon.
I Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel (2021-2025) er det sett som mål å redusere risikoen for helse og miljø ved bruk av plantevernmiddel og redusere avhengnaden av kjemiske plantevernmiddel.
Yrkesbrukarar skal ha eit bevisst forhold til bruk av plantevernmiddel og nytte integrert plantevern
Førekomst av restar av plantevernmiddel i norskprodusert mat og drikkevatn skal vere så låg som mogleg og ikkje overskride vedtekne grenseverdiar
Betre kunnskap om førekomst av plantevernmiddel i grunnvatn og overflatevatn og redusere forureining til vatn
Førekomst av plantevernmiddel i grunnvatnet skal ikkje overskride grenseverdien for drikkevatn
Førekomst av plantevernmiddel i overflatevatn skal ikkje overskride verdiar som kan gi skade på miljøet
Bruken av kjemiske hobbypreparat skal reduserast
Omsetnad av plantevernmiddel
Omsetnaden av plantevernmiddel var i 2022 til saman 782 tonn verksamt stoff. Dette var ein reduksjon på 98 tonn frå året før. Ugrasmiddel stod for 577 tonn. Omsetnadsstatistikken frå Mattilsynet viser at i gjennomsnitt blei 12 prosent av omsett mengd plantevernmiddel i femårsperioden 2018 til 2022 nytta i hobby-hagebruket. I tillegg blir det nytta plantevernmiddel i skogbruket, langs veger og jernbane, på golfbaner og grøntanlegg og i samanheng med ulike byggje- og anleggsarbeid. I SSB sine undersøkingar om bruken av plantevernmiddel, er det rekna ut at under halvparten av omsett mengd blir nytta innanfor jordbruket.
Den sterke nedgangen som har vore i omsetnaden av ugrasmiddel frå 1970-talet og til i dag, er i stor grad ein effekt av overgang frå preparat som krev store dosar til lågdosemiddel mot ugras i korndyrking.
Figur 8. Omsett mengd plantevernmiddel, inklusive bruk utanfor jordbruket, som gjennomsnitt for femårsperiodar. Tonn verksamt stoff
Figuren viser omsett mengd plantevernmiddel som gjennomsnitt for femårsperiodar