Klimaendringar med meir nedbør fører til meir vasshaldig jord. Drenering og grøfting av jordbruksareal er difor viktig for å drenere bort vatn for å få betre avlingar, mindre jordpakking, betre bereevne og for å redusere risikoen for erosjon. I tillegg slepp godt drenert jord ut mindre lystgass enn vasshaldig jord. Opne grøfter er også viktige element i kulturlandskapet og er leveområde for mange dyr og planter. Som regel blir alt nydyrka areal grøfta der det er behov for grøfting.
26 prosent auke i innvilga tilskot til drenering
Tilskot til drenering blei innført i 2013 då Landbruks- og matdepartementet fastsatte ei ny forskrift om tilskot til drenering av jordbruksareal. Formålet er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksareal ved å gi tilskot til drenering av dårleg drenert jord med potensial for auka jordbruksproduksjon. Det er òg eit viktig mål å redusere risikoen for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. Forskrifta blei endra frå 2016 og omfattar no også planerte areal som ikkje tidlegare har vore grøfta. For anna areal gjeld framleis kravet om at arealet tidlegare skal vere grøfta. Det blir gitt tilskot til fem ulike dreneringstiltak: systematisk grøfting, profilering, omgraving, avskjeringsgrøfting og anna (usystematisk) grøfting.
Frå og med 1. juli 2017 blei satsen sett opp frå 1 000 kroner til 2 000 kroner per dekar for systematisk grøfting, profilering og omgraving. Satsen for anna grøfting blei dobla til 30 kroner per meter grøft med avgrensing til 2 000 kroner per dekar. Denne tilskotsauken førte til meir drenering og ein auke i søknadstala i 2017. I samband med jordbruksoppgjeret i 2023 auka tilskotet til 4 000 kroner per dekar frå og med andre halvår 2023. Ved anna grøfting kan det bli gitt tilskot på inntil 61 kr per meter grøft.
Areal med systematisk grøfting, profilering og omgraving auka frå 25 700 til 55 000 dekar frå 2016 til 2017, og lengd med avskjeringsgrøfting og anna grøfting auka frå 489 000 til 725 000 meter. Etter 2017 har areal med systematisk grøfting, profilering og omgraving gått ned til 26 600 dekar i 2021, for så å auke til 45 968 dekar i 2025. Det er ei auke på 30% frå 2024, men omtrent same nivå som i 2023. Lengd med avskjeringsgrøfting og anna grøfting har variert etter 2017 og var på det lågaste i 2021 med 597 400 meter. I 2025 blei det gitt tilskot til 933 800 meter avskjeringsgrøft og anna grøfting, det utgjer ei auke på 12 prosent frå 2024. Desse tala gjeld areal det er søkt og innvilga tilskot til. Ein har ikkje tal for grøfta areal det ikkje er søkt og innvilga tilskot til.
Innvilga tilskot auka frå 33 til 115 millionar kroner frå 2016 til 2017, samstundes auka talet på tiltak frå 2 000 til 3 200. I 2025 blei det innvilga 237,7 millionar kroner til drenering, ei auke på 48,8 millionar eller 26 prosent frå året før.
Det blir gitt tilskot til drenering i alle fylka, og det er sett av mest middel til drenering på jord for matproduksjon, og det er vekstar som korn, potet og grønsaker som er høgast prioritert. Det blir drenert mykje i kornfylka kring Oslofjorden, men også i fylka Trøndelag og Innlandet.
Avrenning til vassdrag
Tiltak retta mot avrenning til vassdrag er eit prioritert område i Regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP). Det blei gitt i alt 399,5 millionar kroner i tilskot til avrenningstiltak på totalt 2,1 millionar dekar jordbruksareal og til i alt 2 497 kilometer med vegetasjonssoner, ugjødsla randsoner og grasdekte vassvegar i åker, og til 895 kilometer i eng.
I RMP vil tiltaka variere mellom fylka. Det betyr til dømes at kornareal i fylke utan tilskot til avrenningstiltak, ikkje kan bli klassifisert etter metodar for jordarbeiding. Alle viktige kornfylke har slike tilskot.
Generelt vil areal med vegetasjonsdekke eller areal som ikkje er haustpløgd, vere mindre utsett for erosjon og næringssaltavrenning enn areal som er jordarbeidd. Eit viktig tiltak for å redusere forureininga frå jordbruket, er å erstatte haustpløying av kornareal med jordarbeiding om våren på dei mest erosjonsutsette areala. Storleiken på areal som ligg i stubb over vinteren vil mellom anna variere med om det er mogleg med haustsåing av korn. Mykje nedbør om hausten vil føre til sein innhausting slik at det blir for seint å så haustkorn.
Areal med korn og oljevekstar til modning utgjorde om lag 2,84 millionar dekar eller 29 prosent av totalt jordbruksareal i drift i 2025. Kornareal i stubb med RMP-tilskot utgjorde 63 prosent, eller 1,80 millionar dekar, av kornarealet våren 2025. Tal frå tidlegare år viser at kornarealet i stubb varierer frå år til år, og var nede i 34 prosent i 2018.
Det er eigne RMP-tilskot til direktesåing av haustkorn, og kornareal som blir tilsådd om hausten varierer mykje frå år til år, avhengig av vêrtilhøva om hausten.
For å motverke erosjon og avrenning av næringsstoff frå jordbruksareal med open åker, blei det frå hausten 1991 gitt særskilt økonomisk støtte til jordbruksbedrifter med open åker tilsådd med fangvekstar og til areal med grasdekte vassvegar. Seinare er det også gitt også gitt tilskot til grasdekte kantsoner i åker, kantsoner i eng og grasstriper i åker.
For 2025 blei det gitt tilskot til om lag 453 kilometer grasdekte vassvegar i åker, 29 kilometer med grasstriper i åker og 2 910 kilometer med grasdekte kantsoner i åker og eng. Samla tilskot for desse ordningane var 78,6 millionar kroner.
Regionale miljøprogram (RMP) skal stimulere til auka miljøinnsats i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak som ein kan få tilskot til å utføre. Tiltaka blir bestemt ut frå kva Statsforvaltaren ser som dei største miljøutfordringane i sitt fylke. Fleire tilskot som tidlegare var del av nasjonalt miljøprogram eller produksjonstilskot i jordbruket er no del av RMP, slik som tilskot til seterdrift, bratt areal og endra jordarbeiding. For å søkje om tilskot frå RMP er det eit vilkår at søkjaren også fyller krava for å ta imot produksjonstilskot.
Dei ulike miljøtiltaka i RMP er delte inn i ulike miljøtema. Samla RMP-tilskot for 2025 var totalt 1149,2 millionar kroner. Her er 2025-tal fordelte etter miljøtema: Avrenning til vatn: 399,5 millionar kroner Biologisk mangfald: 99,2 millionar kroner Friluftsliv: 7,0 millionar kroner Klimarådgjeving: 8,6 millionar kroner Jord og jordhelse: 89,0 millionar kroner Kulturlandskap: 205,6 millionar kroner Kulturminne og kulturmiljø: 124,8 millionar kroner Miljøavtale: 2,9 millionar kroner Plantevern: 5,7 millionar kroner Utslepp til luft: 206,8 millionar kroner
Også i ordninga Ordninga har som føremål å fremme natur- og kulturmiljøverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusere forureininga frå jordbruket. (SMIL) gis det tilskot for å redusere eller forsinke avrenning. Det er ti tiltaksgrupper tilknytt formålet og totalt blei det gitt 129,2 millionar kroner i tilskot i 2025. Ein stor del av det, 104,9 millionar kroner, blei gitt til å utbetre Hydrotekniske anlegg er konstruksjonar som hovudsakleg handterer overvatn så som lukka bekkar, kanalar og kulvertar eller stikkrenner under vegar.. Andre tiltak inkluderer mellom anna sikring mot erosjon langs bekkar og vassdrag og etablering og vedlikehald av Fangdammar er konstruerte våtmarker som har til hensikt å halde tilbake jordpartiklar, næringsstoff og anna partiklar som blir transporterte i bekkar. Fangdammar bidreg òg til å bremse avrenninga ved store mengder nedbør eller liknande. og våtmarker.
Frå ordninga starta i 1994 har det vore ein gradvis auke i talet på søknadar om etablering og vedlikehald av fangdammar. I 2024 blei det gitt 4,4 millionar kroner i stønad til fangdammar og våtmarker, medan det i 2025 blei gitt tilskot på 6,0 millionar kroner til denne tiltaksgruppa. I perioden 1994–2025 er det til saman løyvd tilskot til 1 519 tiltak fangdammar og våtmarker, 57 av desse i 2025.
