I dette skjemaet rapportar ein samla opplysningar om avløpsleidningar, små avløpsanlegg og tal på personar tilknytt avløpsanlegg totalt i kommunen.

Med "små avløpsanlegg" meinast alle anlegg, både for einskilde hus, mindre private fellesanlegg og anlegg knytte til avløpsnettet med utsleppsløyve for belastning mindre enn 50 pe (oppgitt i anleggas utsleppsløyve).

Det skal fyllast ut eit skjema per kommune.

Kva som er krevjast for å få "godkjent skjema"

  • Del 1 – kommunen og rapporteringsansvarleg
  • Del 2 – offentleg avlaupsnett
  • Del 3 – tal innbyggjarar knytt til alle typar avløpsanlegg, uavhengig av storleiken på anlegg. Sum bør være tilnærma lik talet på innbyggjarar i kommunen.
  • Del 4 – tal små anlegg, tilknyting og fordeling etter anleggstype og busettingsmønster:
    • Her er minimum å fylle ut dei to første kolonnane for del 4.2. I del 4.1 og 4.3 skal kommunar med servicebedrifter eller fritidsbustader knytt til små anlegg fylle inn minimum første kolonne.

Behov for assistanse/hjelp

For tekniske KOSTRA spørsmål, ta kontakt med kostra-support@ssb.no (tlf. 62 88 51 70). Dersom det er behov for hjelp med faglege spørsmål omkring utfyllinga av skjema, kontakt primært fylkesmannens kontakt på området/skjemaet, eventuelt send ein e-post til vann@ssb.no.

Datateknisk og skjemaets verkemåte

Skjemaet har bygd inn åtvaringar som dukkar opp dersom det blir oppdaga moglege feil i rapporterte data eller manglande rapportering i forhold til kva som skal til for at skjemaet "blir godkjent". Desse åtvaringane i dei fleste tilfelle ignorerast slik at man kan komme vidare i utfyllinga og sende inn skjema til slutt.

Det er lagt inn førehandsutfylte data for utvalde felt i skjemaet. Dersom informasjonen er normalt henta frå KOSTRA rapporteringa frå året før, og er gjort for å forenkle rapporteringa for kommunen. Dersom desse talene ikkje lenger stemmer, vil vi be om at førehandsutfyllinga  i skjemaet blir korrigert.

Lagring av skjemadata

Lagring av data aktiverast gjennom følgjande tre alternativ (skjer ikke løpande etter kvar som man tastar inn tala):

  • Beveg deg frå ein side til ein annan i skjema
  • Returner til hoveddsida (klikk på lenken "til hodedsiden")
  • Trykk på grønn "kontroller" knapp (brukes normalt til datasjekk)

Merk samstundes at for å faktisk sende inn endeleg skjema til SSB, så held de ikkje å berre lagre, men man må avslutte med knappen "send inn". Først då er ein endeleg ferdig.

Delegering av skjemautfyllinga

I rapporteringsløysninga er det mogleg å delegere utfylling av deler av eller heile skjemaet til ein annan person dersom det er meir hensiktsmessig. Man kan da med utgangspunkt i det elektroniske skjemaet å laga ein automatisk e-post med passord og pin-kode til den personen man ønskjer å delegere til, som da får moglegheit til å logge seg inn via internett og fylle ut dei delane av skjemaet som ble delegert.

Rettleiing for korleis ein i detalj går fram for å delegere eit skjema finn ein under arkfana ”Nyhende” i skjemaportalen (krevjar at ein er logga inn).

Det er viktig å være klar over at kommunen er framleis ansvarleg for at rapporteringa blir gjennomført, og at dei sjølv må logge inn og godkjenne/sende inn skjema helt til slutt i prosessen.

Del 1. Opplysningar om kommunen og den ansvarlege for rapporteringa

Det er viktig at namn på den som har ansvaret for skjemaet er gitt (normalt den personen som har fylt ut skjemaet), samt e-post og telefonnummer til vedkommande. SSB vil eventuelt når det er naudsynt nytte denne kontaktinformasjonen i kvalitetssikringa av rapporteringa.

Del 2. Offentleg avlaupsnett

Generelt

Med spillvassleidningar meiner ein her både separate spillvassleidningar og fellesleidningar for spillvatn og overvatn, men ikkje reine overvassleidningar. Stikkleidningar skal ikkje reknast med. Det er berre kommunalt eigde leidningar som skal rapporterast.

Rettleiing til utvalde spørsmål

  1. Med talet på avslutta saker over kjelleroverfløyimingar (med opphav frå sluk/avløp), der kommunen har erkjent erstatningsansvar meiner ein tal på saker som er erkjent erstatningsansvarleg i det aktuelle rapporteringsåret, uavhengig av kva for år skaden skjedde.
  2. Med pumpestasjonar meiner ein det kommunalt eigde pumpestasjonar.
  3. Med kloakkstoppar meiner ein tal tilfelle av stopp på leidningsnettet eller kummar.
  4. Med regnvassoverløp meiner ein talet på dei fysiske innretningane/installasjonar eller overløpspunkt på leidningsnettet som trer i funksjon ved store nedbørmengder inn på nettet. Merk at det altså ikkje er tal på registrerte hendingar av regnvannsoverløp som skal rapporast her.
  5. Med grad av fellessystem meiner ein prosent av spillvassnettet, som utgjer felles røyrsystem for spillvatn og overvatn.
  6. Den totale lengda offentlege spillvassleidningar i kommunen er førehandsutfylt i skjemaet på grunnlag av dei opplysningar som ble gitt ved føregåande rapportering (som regel fjorårets rapportering). Tala bør kontrollerast og eventuelt oppdaterast dersom dei er endra sidan sist. Dersom alderen på leidningsnettet ikkje er kjent, føres dette i kolonnen ”ukjent” i tabellen, mens resten av leidningsnettet fordelar ein i forhold til alder på leidningsnettet. Sum leidningsnett totalt reknast ut automatisk.
  7. Nytt spillvassnett omfattar leidningar som har blitt knytt til eksisterande leidningsnett i rapporteringsåret, eller nylagt nett utan forbinding med eksisterande nett, og som i begge høve har medført ei auke av total lengde eksisterande leidningsnett. Ved ein reduksjon av eksisterande spillvassnett som følgje av leidningsutskifting m.m. i løpet av året, settast nye spillvassleidningar lagt i rapporteringsåret til null (0). Nytt spillvassnett er forenkla illustrert som Q1 i figuren nedanfor (markert i rødt).
  8. Utskifta/rehabilitert omfattar delar av eksisterande spillvassnett som er erstatta fullt ut av nye leidningar i rapporteringsåret, samt dei delar av eksisterande leidningsnett som er rehabilitert utan at leidningane er erstatta fullt ut med nye leidningar. Utskifta/rehabilitert nett, såkalla fornying, er forenkla illustrert som FN i figuren nedanfor (markert i grønt).
Bildet viser ei konseptskisse av kva som meninast med nytt og fornya leidningsnett slik det blir bruka i rapportering av skjema 26A

Del 3. Talet på innbyggjarar i kommunen knytt til avløpsanlegg

Generelt

Her skal ein gje opp total tal på innbyggjarar i kommunen som er knytt til avløpsanlegg innanfor kommunegrensa. Innbyggjarar knytt til fritidsbustader og hytter skal ikkje med her.

Det skiljast mellom innbyggjarar knytt til anlegg med kapasitet over eller under 50 pe, og om anlegga er kommunale eller ikkje-kommunale. Private anlegg høyrer inn under ikkje-kommunale anlegg.

Anlegg som i denne samanheng blir sett på som ”kommunale anlegg” er følgjande:

  • kommunal etat/eining
  • interkommunalt samarbeid m/særrekneskap
  • kommunalt føretak (KF)
  • interkommunalt selskap (IKS)
  • kommunalt aksjeselskap

Fjorårsrapporteringa er lagt inn som førehandsutfylling slik at kommunen blir merksam på kva som er rapportert tidlegare år. Kommunen skal ta foreta ein kontroll og eventuell oppdatering av tala for å få med eventuell endringar sidan sist rapportering.

Tabellen under kan nyttas til hjelp dersom kommunen ikkje har eksakte tal på innbyggjarar knytte til anlegga:

Tal på personar per hushold. 2022.

FylkePersonar per hushald
30 Viken2,2
03 Oslo1,95
34 Innlandet2,04
38 Vestfold og Telemark2,09
42 Agder2,16
11 Rogaland2,26
46 Vestland2,16
15 Møre og Romsdal2,16
50 Trøndelag - Trööndelage2,08
18 Nordland - Nordlánnda2,07
54 Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku2,06

Kjelde: https://www.ssb.no/statbank/table/06076/ 

Rettleiing til utvalde spørsmål

  1. Summen for tal innbyggjarar knytt til avløpsanlegg i ein kommune ("SUM-feltet" under del 3) skal ideelt samsvare med kommunens innbyggjartal. Det er viktig å vere klar over at det er nytta førehandsutfylt innbyggjartal for datoen 1/1 det aktuelle rapporteringsåret. Det er tal på tilknytt per 31/12 i rapporteringsåret som skal rapporterast, men sidan offisielle folketal per 31/12 ikkje er tilgjengeleg ved tidspunktet for skjemaproduksjon, er 1. januar tall lagt inn her. Mindre avvik mellom tilknyting og offisielt folketal datert 1/1 er derfor forventa (ideelt sett skal avviket utgjere befolkningsauka/-reduksjonen mellom 1/1 og 31/12 rapporteringsåret (sjekk eventuelt http://www.ssb.no/befolkning/ for oppdaterte folketal per 31/12 for å få dette heilt riktig).

Del 4. Gi opp talet på anlegg med tillaten belastning mindre enn 50 pe og fordeling av anlegga

Generelt

Heile del 4 gjeld for kommunale og ikkje-kommunale anlegg mindre enn 50. Dersom kommunen ikkje har fullstendig oversikt over tal anlegg, føretek ein eit omtrentleg anslag.

Felles for dei tre tabellane (4.1-4.3) er at tal på anlegg skal fordelast etter busettingsmønster (i eller utanfor tettbygd område). Summen i første kolonne av dei tre tabellane skal da stemme over ens med fordelingane på busetjingsmønster.

  • Tabell 4.1 gjeld for små anlegg som primært behandlar avløpsvatn frå institusjonar, hotell, campingplassar, rorbuer, veikroar o.l..
  • Tabell 4.2 gjelder for små anlegg som primært behandlar avløpsvatn frå fast busette.
  • Tabell 4.3 gjelder for små anlegg som primært behandlar avløpsvatn frå fritidsbustader/hytter.

Det blir ein skjønnsmessig vurdering av kva for ein av dei tre tabellane anlegget føres opp i dersom anlegget dekker fleire typar bygningar, f.eks. både fast busette og fritidsbustader. Dersom ein type bygning er dominerande i forhold til belastning på anlegget, førast anlegget inn i den tabellen.

Eit anlegg skal berre rapporterast ein gang for å unngå dobbeltrapportering. Dersom anlegget utgjer ein kombinasjon av ulike reinseprinsipp, førar ein det opp under det reinseprinsippet som sjåast som mest høggradig.

Tettbygd område er definert i samsvar til ordlyden i forureiningsforskrifta §11-3 (1. juni 2004 nr. 931):

En samling hus der avstanden mellom husene ikke er mer enn 50 meter. For større bygninger, herunder blokker, kontorer, lager, industribygg og idrettsanlegg, kan avstanden være opptil 200 meter til ett av husene i hussamlingen. Hussamlinger med minst fem bygninger, som ligger mindre enn 400 meter utenfor avgrensningen i første og andre punktum, skal inngå i tettbebyggelsen. Avgrensningen av tettbebyggelse er uavhengig av kommune- og fylkesgrenser. 

På bakgrunn av denne definisjonen er det utarbeida kart som viser tettbygde område med tilhøyrande avløpsanlegg. Karta ligg på GEONORGE, tettbebyggelser.

Inndeling på anleggstypar i skjema 26A 

AnleggstypeUtfyllande kommentar
WC/vassklosett: 
Ureinsa (inga behandling av svart- og gråvatn)Inga behandling av svart- og gråvatn (ureinsa/direkte utslepp)
Slamavskiljar utan etterfiltreringFelles slamavskiljar for svart- og gråvann utan vidare behandling (minimalt reinsa)
Slamavskiljar med infiltrasjon (stadeigne masser)Felles slamavskiljar for svart- og gråvann, infiltrasjon i stadeigne løsmasser (ingen definerte utsleppspunkt etter filter)
Slamavskiljar med sandfilter (tilførde masser)Felles slamavskiljar for svart- og gråvatn, sandfilter med tilførde løsmasser (definert utsleppspunkt etter filter)
Slamavskiljar med konstruert våtmark/filterbedFelles slamavskiljar for svart- og gråvatn, filterbed/konstruert våtmark i tilførde masser (definert utsleppspunkt etter filter)
Biologisk minireinseanleggBiologisk minireinseanlegg  (definert utsleppspunkt etter reaktor)
Kjemisk minireinseanleggKjemisk minireinseanlegg  (definert utsleppspunkt etter reaktor)
Kjemisk/biologisk minireinseanleggKjemisk/biologisk minireinseanlegg  (definert utsleppspunkt etter reaktor)
Tett tank for svartvatn, ureinsa gråvatnTett tank for svartvatn, ureinsa gråvatn
Tett tank for svartvatn, gråvassfilterTett tank for svartvatn, gråvassreinsing med filter (biofilter, sandfilter, infiltrasjon, filterbed/konstruert våtmark)
Tett tank for svart- og gråvatnTett tank for svart- og gråvatn (ingen lokale utslepp)
Vassfritt toalett: 
Biodo, forbrenningsdo, utedo m.m., ureinsa gråvatnBiodo, forbrenningsdo, utedo m.m., ingen behandling av gråvatn (ureinsa)
Biodo, forbrenningsdo, utedo m.m., gråvassfilterBiodo, forbrenningsdo, utedo m.m. og gråvassreinsing med filter (biofilter, sandfilter, infiltrasjon, filterbed/konstruert våtmark)
Anna: 
Anna løysningAnna løysning

Kjelde: NIBIO, 2022

Del 4.2. Fordeling av anlegg under 50 pe på busetting

Merk ved utfylling at det er innbyggjarar knytt til små anlegg under 50 pe (tidlegare rapportert i del 3b i skjemaet) som skal fordelast på reinseprinsipp i del 4.2 for fast busetting.

Del 5. Tal på utslippstillatingar med reinsekrav gitt i løpet av året

Her skal kommunen fylle inn tal på utsleppstillatingar med reinsekrav som det er gitt løyve for i løpet av året.

Oversikt over kva for geografiske områder som høyrer inn under «følsamt område», «normalområde» og «mindre følsamt område» er omtala i forureiningsforskriftas kapittel 11, vedlegg 1:

  • Følsame områder: Kyststrekninga Svenskegrensa-Lindesnes med tilhøyrande nedbørfelt og Grimstadfjordområdet (Nordåsvannet, Grimstadfjorden, Mathopen og Dolviken)
  • Normale områder: Ferskvassførekomstar i Noreg som ikkje er klassifisert som følsame.
  • Mindre følsame områder: Kystfarvatn og elvemunningar frå Lindesnes til Grense Jakobselv som ikkje er klassifisert som følsame.

For ytterlegare informasjon, sjå forureiningsforskrifta, kap 4 (lovdata.no)

Del 6. Kommentarar og merknader til skjema

Her kan man fylle inn eventuelle kommentarar til dei rapporterte tala, eller komme med kommentarar til korleis skjemaet fungerer (f.eks. ting som er uklare, type opplysningar som det spørjast etter, omfang, utforming av skjema).

Del 7. Tidsbruk

Her er vi interessert i eit anslag på tida det tar å fylle ut eit eksemplar av skjemaet. Så langt det er mogleg skal tidsbruken inkludere alt ekstraarbeid som skjemaet påfører  skjemautfyller. Dette gjeld også den ekstra interne registreringa, tilrettelegging av data forut for skjemautfyllinga som ikkje er strengt nødvendig av omsyn til andre av kommunens/føretakets interne eller eksterne krav.

Tidsbruk er viktig informasjon for SSB for å kunne gjere reie for oppgåvebyrda som kommunane blir pålagt gjennom KOSTRA rapporteringa.