Nye tal frå kosthaldsstatistikken viser ein auke i kjøpt Inkluderer eteleg mengde selde mat- og drikkevarer frå daglegvarebutikkar i Noreg. Det vil seia mengde mat og drikke etter at emballasje, skinn, skal, bein eller anna som ikkje blir ete er fjerna. Tala viser ikkje faktisk matinntak. Det inkluderer heller ikkje kjøp frå kafé, restaurant, kiosk, bensinstasjon, grensehandel, Vinmonopolet og mat servert på institusjonar. mat- og drikkevarer per person per år frå daglegvarebutikkar mellom 2019 og 2025. Hovudforklaringa er ein stor vekst i kjøp av drikkevarer utan alkohol. For fleirtalet av dei andre Mat- og drikkevaregruppering tilpassa norske forhold. Grupperinga inneheld 15 hovudgrupper (nivå 1) etter opphav og bruk med tilhøyrande undergrupper (nivå 2) og undergrupper av undergrupper (nivå 3). For heile grupperinga, sjå ssb.no/klass/klassifikasjoner/716 er det ein nedgang eller nokså uendra kjøpt mengde per person mellom dei to åra.
– Tala viser at nordmenn i gjennomsnitt kjøpte størst mengde mat og drikke i pandemiåra 2020 og 2021. Tala for 2025 viser at ein stort sett er tilbake til kjøpsnivået før Koronapandemien traff Noreg i 2020 og 2021. Konsekvensane blei mellom anna stengte grenser, bortfall av tax free og restriksjonar for restaurant- og utelivsbransjen. Redusert grensehandel og færre restaurant- og kafébesøk førte til auka omsetning for daglegvarebutikkane i Noreg.. Samtidig er det nokre kjøpsvanar me la oss til under pandemien, som ser ut til å ha blitt oppretthaldne også etter gjenopninga, seier Trond Ekornrud, seniorrådgivar ved seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk i SSB.
Nordmenn drikk meir sukkerfri brus nå enn før pandemien
Nordmenn kjøpte i gjennomsnitt vel 103 liter sukra og søta drikkevarer utan alkohol frå daglegvarebutikkar i 2025. Dette er ein auke på om lag 20 liter per person frå 2019. Ei av hovudårsakene er auken i kjøp av sukkerfri brus, som er 14 liter høgare per person i 2025 enn i 2019. Tala viser samtidig at me kjøpte flest liter sukra og søta drikkevarer utan alkohol under pandemien. Samtidig er mengda liter per person på eit høgare nivå nå enn før pandemien, og dette er særleg tydeleg for sukkerfri brus.
– Nordmenn kjøpte over dobbelt så mykje sukkerfri brus som sukkerhaldig brus i 2025. Mens kjøp av sukkerfri brus har auka mellom 2019 og 2025, så har det vore ein nedgang i kjøp av sukkerhaldig brus, seier Ekornrud.
Ei av forklaringane til den store auken mellom 2019-2025 kan vera at «Mineralvatn, leskedrikkar og juice» er ei av gruppene som har hatt den lågaste auken i konsumprisindeksen i perioden.
For alkoholhaldig drikke, kjøpte me i gjennomsnitt rundt 34 liter «Øl og sider, alkoholhaldig» per person i 2025, som er ein auke på vel 1,5 liter frå 2019. Også for denne gruppa skjedde den største auken under pandemien då talet på kjøpte liter øl per person var høgare enn i 2025. Samtidig ser det også ut til at nivået for kjøpt alkoholhaldig drikke i daglegvarebutikkar er noko høgare i 2025 enn før pandemien. Dette kan tyda på at ein i stor grad har halde fram med kjøpevanane ein tileigna i pandemien også etter gjenopninga.
Figur 1 viser gjennomsnittleg eteleg mengde mat- og drikkevarer som blei kjøpt i daglegvarebutikkar per person i 2019 og 2025 fordelt etter utvalde matvaregrupper.
Me kjøper mindre kjøt og fisk enn før
Dei nasjonale kostråda anbefaler eit variert kosthald der me blir oppmoda til å eta meir av både grønsaker, frukt, bær og fisk. Samtidig blir ein anbefalt å eta mindre av raudt kjøt og kjøtprodukt, salt og saltrike matvarer, sukker, brus, saft og godteri (Helsedirektoratet.no).
Tala viser at nordmenn kjøpte mindre kjøt og fisk 2025 samanlikna med i 2019. Me kjøpte i gjennomsnitt 40 kg eteleg mengde kjøt og kjøtprodukt per person, og i underkant av 10 kg fisk og sjømat i daglegvarebutikkar i 2025.
– For kjøt og kjøtprodukt er det ein nedgang på nær 3 kg per person mellom 2019 og 2025, mens ein nedgang på vel 1 kg for fisk og fiskeprodukt, seier Ekornrud.
Helsemyndigheitene anbefaler nordmenn å eta mindre raudt kjøt. I 2025 kjøpte me i gjennomsnitt 11 kg eteleg mengde raudt kjøt per person i daglegvarebutikkar, som er ein nedgang på i underkant av 2,5 kg per person samanlikna med i 2019. Me kjøpte 7,9 kg kvit kjøt, som ein er ein liten oppgang frå 2019.
– Nordmenn kjøper framleis meir raudt kjøt enn kvitt kjøt per person. Samtidig har det vore ein nedgang i kjøp av raudt kjøt og ein auke i kjøp av kvitt kjøt mellom 2019 og 2025, seier Ekornrud.
Det kan vera fleire faktorar som bidreg til nedgangen i kjøp av både kjøt og fisk. Den store prisauken for desse matvarene i perioden 2019-2025, er truleg ei av forklaringane.
Mindre brød og poteter, men meir frukt og grønsaker
Nordmenn kjøpte i gjennomsnitt vel 39 kg brød per person i 2025, som er ein nedgang på om lag 4 kg samanlikna med i 2019. Nedgangen er særleg stor for kjøp Brød med 6 prosent fiber eller meir., mens kjøp av fint brød er relativt uendra.
Me kjøpte i gjennomsnitt vel 11 kg friske poteter per person i 2025, som er ein nedgang på 1,4 kg frå 2019. Tala for friske poteter viser rett nok ein liten oppgang mellom 2024 og 2025.
Helsemyndigheitene anbefaler at me skal eta meir frukt og grønsaker. Me kjøpte vel 75 kg frisk og fryste frukt og grønsaker, som er ein auke på 0,4 kg frå 2019. Det er særleg frukt som bidreg til auken i perioden. Mellom 2024 og 2025 er det rett nok ein auke i kjøp av både frukt og grønsaker.
Mindre søtsaker og ferdigrettar
Helsemyndigheitene anbefaler også at me skal eta mindre søtsaker. Tala viser at me i gjennomsnitt kjøpte vel 15 kg Inkluderer sukker, melis, honning, sirup. godteri med og utan sukker og kakao/sjokoladebaserte produkt. Inkluderer ikkje syltetøy og iskrem. per person i 2025, som er ein liten nedgang på rundt 0,3 kg frå 2019. Nedgangen er størst mellom 2024 og 2025 der hovudårsaka er mindre kjøp av sjokoladeprodukt.
Nordmenn kjøpte òg i gjennomsnitt i underkant av 22 kg Dei eteklare rettane inneheld råvarer som høyrer heime i andre matvaregrupper, som t.d. mjøl, ost, grønsaker, kjøt og fisk. I denne gruppa finn ein ofte ultraprossesert mat per person i daglegvarebutikkar i 2025, som er ein nedgang på 0,3 kg frå 2019. Av dei eteklare rettane utgjorde ulike variantar av frosenpizza i overkant av 3 kg per person i 2025, som er ein nedgang på rundt 1 kg per person frå 2019. Utviklinga i perioden viser at me kjøpte mest eteklare rettar under pandemien, og at tala i 2025 er nokolunde tilbake på nivået før pandemien.
Mindre mjølk og yoghurt, men meir ost
Me kjøpte i underkant av 73 liter mjølk og yoghurt per person i 2025, som er ein nedgang på vel 2 liter samanlikna med i 2019. Hovudforklaringa på nedgangen er mindre kjøp av i mjølk i perioden.
Samtidig kjøpte nordmenn i gjennomsnitt snautt 17 kg ost per person i 2025, ein auke på vel 2,5 kg frå 2019. Grunnlagstala viser ein auke i kjøp av både i feit og mager ost. Kjøpt mengde ost per person i 2025 er også høgare enn under pandemien.
Figur 2 viser gjennomsnittleg eteleg mengde selde mat- og drikkevarer i daglegvarebutikkar per person i perioden 2018-2025, fordelt etter alle matvaregrupper.
Figur 2
Visualiseringa viser utviklinga i selde mengder mat- og drikkevarer per person per år, målt i kilo, for perioden 2018 til 2025. Ho består av eit linjediagram der kvar linje representerer ei matvaregruppe. Du kan velja éi eller fleire grupper frå nedtrekksmenyen øvst for å tilpassa visninga. Brukarrettleiing: Bruk nedtrekksmenyen for å velja kva matvaregrupper du vil sjå. Du kan òg klikka på fargeforklaringa til høgre for å framheva ei bestemt gruppe. Hald musepeikaren over ei linje for å sjå nøyaktige verdiar. Nedst til høgre finn du ikon for å dela, byggja inn eller lasta ned visualiseringa og data. Metainformasjon: Talgrunnlag: Tilgjengelegheit: I denne interaktive visualiseringa testar me ut presentasjon av tal frå Statistisk sentralbyrå på ein alternativ og visuell måte, og løysinga kan reknast som ein pilot. Me har lagt vekt på å utvikla slike visualiseringar med relativt liten ressursbruk og har nytta eit tredjepartsverktøy (her: Tableau Public). Føremålet er å få erfaring med nye formidlingsformer, samt få innspel frå brukarane. Tenesta er optimalisert for større skjermar, og det kan vera at interaktiviteten ikkje er like brukarvenleg på mobile einingar. Verktøyet oppfyller dei fleste krava til universell utforming, men datavisualiseringar er i seg sjølve mest nyttige for personar med synssans. Send ein førespurnad til kontaktpersonane dersom du ønskjer tilgang til dette innhaldet på ein alternativ måte.
All informasjon om tala finn du i statistikken Kosthald.
Talgrunnlaget ligg i Statistikkbank-tabell 13692.
Størst dagleg mengde karbohydrat i kosthaldet
Kosthaldsstatistikken presenterer også tal for gjennomsnittleg mengde Næringsstoffa er byggjeklossane i matvarene som gir oss energi og/eller næring. Energi og næringsstoff er i hovudsak berekna frå deklarerte verdiar og tal frå den offisielle norske matvaretabellen. For varer som manglar verdiar, er maskinlæring brukt for å predikera verdiar. For fullstendig kodeliste, sjå: ssb.no/klass/klassifikasjoner/718/koder"/ per person per dag. Tala er baserte på eteleg mengde kjøpte matvarer i daglegvarebutikkar. Tala viser ikkje faktisk inntak av energi og næringsstoff per person. Det viser også berre gjennomsnittsverdiar for heile befolkninga. For tal på faktisk inntak og for ulike grupper i befolkninga, må ein sjå til utvalsundersøkingar som måler dette spesifikt, t.d. Norkost 4.
– Resultata viser at karbohydrat og feitt var dei to energigivande næringsstoffa den kjøpte maten innehaldt mest av i 2025. Dette er som forventa og stabilt gjennom heile perioden me har tal for, seier Ekornrud.
Utviklinga i perioden 2019-2025 viser at gjennomsnittleg mengde næringsstoff per person frå den kjøpte maten i daglegvarebutikkar har gått litt ned for næringsstoffa protein, karbohydrat, feitt og salt, uendra for kostfiber og gått litt opp for alkohol. Toppåra for kjøpt gjennomsnittleg mengde for alle næringsstoff i selde mat- og drikkevarer var under pandemien.
Karbohydrat og feitt dei største bidragsytarane til energien i kjøpte mat- og drikkevarer
Dei energigivande næringsstoffa i kosthaldet vårt er karbohydrat, protein, feitt, kostfiber og alkohol (Mattilsynet 2026). Delen av det totale energiinnhaldet i kosthaldet som kjem frå dei energigivande næringsstoffa blir ofte gitt i nemninga energiprosent (E%).
Utviklingen i norsk kosthold (Helsedirektoratet.no) viser at energi på engrosnivå var på 11,1 Energi i kosthaldet blir oppgitt i Mega joule (MJ). per person per dag i 2024. Resultata frå kosthaldsstatistikken viser at energiinnhaldet frå kjøpte matvarer i daglegvarebutikkar per person per dag har gått ned frå 9,1 MJ i 2019 til 8,8 MJ i 2025. Tala for 2025 er lågare enn i matforsyningsstatistikken og den nasjonale kosthaldsundersøkinga blant vaksne, Norkost 4. Det er viktig å understreka at tala berre inkluderer kjøp frå daglegvarebutikkar. I tillegg gjeld tala per person i heile befolkninga, ikkje berre den vaksne.
Figur 4 viser dei ulike energivande næringsstoffa sine prosentvise bidrag til den totale energimengda i kjøpte matvarer frå daglegvarebutikkar i 2025.
Karbohydrat var den største bidragsytaren til energien i kjøpte mat- og drikkevarer i daglegvarebutikkar i 2025 med nær 43 prosent. Det blir anbefalt av norske helsemyndigheiter at det totale karbohydratinnhaldet i kosthaldet skal ligga mellom 45–60 energiprosent. Sukkerartar, som inngår i karbohydrat, utgjorde i overkant av 17 prosent av det totale energiinnhaldet.
Feitt var den nest største bidragsytaren til det totale energiinnhaldet om lag 40 prosent. Det blir anbefalt at feittinnhaldet i kosthaldet skal ligga mellom 25–40 energiprosent. Metta feittsyrer, som inngår i feitt, utgjorde i overkant av 15 prosent av det totale energiinnhaldet. Det er anbefalt at metta feitt i kosten ligg under 10 energiprosent.
Protein utgjorde det tredje største energibidraget med i overkant av 14 prosent. Det blir anbefalt at proteininnhaldet til kosthaldet skal ligga mellom 10–20 energiprosent. Elles viser tala at kostfiber utgjorde om lag 2 prosent, og alkohol frå drikkevarer bidrog med i overkant av 1 prosent av den totale energimengda i den kjøpte maten frå daglegvarebutikkar. Tala viser elles små endringar for energiprosent i perioden 2019-2025.
For matvaregruppene som bidrog mest til dei ulike energigivande næringsstoffa i 2025, så viser tala at «Kornvarer» og «Sukker, søtsaker og syltetøy» var dei to største kjeldene til den totale mengda karbohydrat i kjøpe matvarer med høvesvis 38 og 17 prosent av den totale mengda karbohydrat. For feitt var det gruppene «Mjølk og mjølkeprodukt» og «Olje, smør og margarin» med høvesvis 21 og 18 prosent. For protein var det «Mjølk og mjølkeprodukt» og «Kjøt og kjøtprodukt» og med høvesvis 27 og 25 prosent, medan det for kostfiber var Kornvarer og Grønsaker, grønsaksprodukt (høvesvis 38 og 12 prosent). Utviklinga i perioden 2019-2025 viser relativt små endringar i kva matvarer som bidreg mest til dei ulike energigivande næringsstoffa.
SSB har utvikla ein kosthaldsstatistikk, som ved hjelp av ein ny metode gjer det mogleg å følgja utviklinga i befolkninga sine innkjøp av mat- og drikkevarer i daglegvarebutikkar frå år til år. Statistikken er basert på ei samanstilling av opplysningar frå følgjande datakjelder: Ved hjelp av ein ny metode gir statistikken ei oversikt over kosthaldet i den norske befolkninga. Metoden nyttar tal for eteleg mengde selde matvarer i eit utval norske daglegvarebutikkar i løpet av året. Statistikken presenterer tal for gjennomsnittleg eteleg mengde kjøpte mat- og drikkevarer per person i befolkninga per dag og per år, etter matvaregrupper og næringsinnhald. For meir om metoden som blir brukt, sjå om statistikken og metodenotatet «Kostholdsstatistikk - Metodenotat for publisering av 2018-årgangen». Statistikken må sjåast i samanheng med tal frå «Utviklingen i norsk kosthold (helsedirektoratet.no)» og utvalsundersøkingar om eigenrapportert matinntak som Norkost 4 (Helsedirektoratet.no) og Forbruksundersøkinga til SSB. Arbeidet med statistikken er finansiert av Helsedirektoratet, og utarbeidd i samarbeid med Avdeling for ernæringsvitskap ved Universitet i Oslo. Det er viktig å understreka at tala er basert på salstal frå eit utval på om lag 170 daglegvarebutikkar. Dersom det er ein skeivskap i matvarekjøpsmønsteret i butikkutvalet samanlikna med den totale butikkpopulasjonen kan dette påverka gjennomsnittstala for kjøpt eteleg mengde per person. Dette kan vera gjeldande innanfor enkelte matvaregrupper, og særleg for den mest detaljerte inndelinga av matvaregrupper (nivå 3).