Nedgang i sal av petroleumsprodukt til vegtrafikken
I juli enda samla sal av bilbensin og autodiesel (inkl. iblanda biodrivstoff) på 330 millionar liter. Det er ein nedgang på 9,3 prosent samanlikna med salet i juli i fjor.
Det vart selt 233 millionar liter autodiesel i juli, 17 millionar liter mindre enn i same periode i 2021 viser statistikken Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff. Salet av bilbensin gjekk òg ned med 17 millionar liter, og enda på 97 millionar liter.
Figur 1. Sal av petroleumsprodukt i juli månad i 2020, 2021 og 2022. Millionar liter. Førebelse tal
Søylediagram med 3 serier.
Figuren har 1 X akse som viser Petroleumsprodukt.
Figuren har 1 Y akse som viser Millionar liter. Dataene varierer fra 3 til 257.
2022
2021
2020
Figur 1. Sal av petroleumsprodukt i juli månad i 2020, 2021 og 2022. Millionar liter. Førebelse tal
Petroleumsprodukt
2022
2021
2020
Andre produkter¹
46
51
42
Fyringsparafin og fyringsolje
3
3
3
Marine gassoljer
171
159
145
Anleggsdiesel
62
70
67
Autodiesel
233
250
257
Bilbensin
97
114
110
¹ Omfattar tungdestillat, tungolje, flybensin og bitumen (asfalt).
I perioden januar til og med juli i år har salet av bilbensin minka med 4,2 prosent samanlikna med same periode i 2021. Salet av autodiesel er tilnærma uendra.