Det vart selt 241 millionar liter autodiesel i desember, 10 millionar liter meir enn i same månad i 2020 viser statistikken Sal av petroleumsprodukt. Salet av bilbensin enda på 73 millionar liter, ein auke på 3 millionar liter samanlikna med året før.

Auken i salet av drivstoff til vegtrafikk i desember 2021 må sjåast i samanheng med at salet førre år var påverka av innstramming i koronatiltaka.

Auka sal til vegtrafikken i 2021

Førebelse tal for 2021 (oppsummerte månadstal) syner eit samla sal av autodiesel og bilbensin på 3,9 milliardar liter. Samanlikna med endelege tal for 2020 gjev dette ein auke i salet på 1,9 prosent. Endelege tal for 2021 publiserast 8. april.

Figur 1. Sal av petroleumsprodukt per månad i 2021. Millionar liter. Førebelse tal