Det var 300 fleire fødde og 600 færre døde enn i same kvartal i fjor. Dermed vart fødselsoverskotet 3 900, 900 høgare enn i same kvartal i 2022. Innvandringstalet var 24 600, som tyder at det framleis er klart høgare innvandring enn før 2022, mest grunna krigen i Ukraina. Med 8 900 utvandringar vart folkeveksten i alt 19 500 i årets 3. kvartal.

Figur 1. Endringar i befolkninga i 3. kvartal

Innvandringa frå Ukraina heldt fram 

8 200 ukrainske statsborgarar flytta til Norge i 3. kvartal. Det er 500–2 200 fleire enn i dei tre føregåande kvartala, men klart færre enn i 2. og 3. kvartal 2022.

Figur 2. Nettoinnvandring i 3. kvartal, ukrainske statsborgarar og i alt

Ved utgangen av 3. kvartal budde det 55 600 Personar som har både norsk og ukrainsk statsborgarskap vert talde som norske statsborgarar i befolkningsstatistikken. Dei er dermed ikkje rekna med i desse tala. i Noreg. Av desse hadde 51 400 innvandra til Noreg i 2022 eller 2023, medan 400 vart fødde i Noreg i den same perioden.