Ved utgangen av 2. kvartal var folketalet i Noreg 5 455 600 personar, viser nye tal frå statistikken Befolkning. Folkeveksten i kvartalet var på 20 000 personar.

Noreg har ikkje hatt eit andrekvartal med folkevekst over 10 000 sidan 2017, eller over 15 000 sidan 2011. Folkeveksten på 20 000 er altså svært høg, samanlikna med same kvartal dei seinare åra.

– Tala er uvanlege, men ikkje uventa, grunna krigen i Ukraina og flyktningane derfrå, seier Magnus Haug, rådgjevar i SSB.

I alt var det 26 100 innvandringar. Held ein ukrainarane utanfor, var innvandringstalet omtrent på same nivå som i same kvartal i fjor og åra føre, forutan i 2020 då det var strenge koronatiltak. Talet på utvandringar var 8 400, og dermed var nettoinnvandringa 17 700. Talet på utvandringar var 8 400, og dermed var nettoinnvandringa 17 700.

– Ved årsskiftet budde det 3 600 ukrainske statsborgarar i Noreg. Dette talet har no mangedobla seg, og ved utgangen av kvartalet var det 18 300, seier Magnus Haug.

Lågaste talet på fødde på 25 år

Etter fleire år med søkkande fruktbarheit, var det ein auke i fødselstalet i 2021. No har det snudd ned att.

– Tala for både 1. og 2. kvartal i 2022 syner at dei siste åras normale utvikling med fallande fødselstal er tilbake. I 2. kvartal vart det fødd 13 300 born, det lågaste for eit andrekvartal i løpet av dei 25 åra SSB har ført slik kvartalsstatistikk, seier Magnus Haug.

Samstundes auka talet på døde. Auken i dødstalet og nedgangen i fødselstalet gjorde at fødselsoverskotet – fødde minus døde – i 2. kvartal var 2 400.

– Det er første gong sidan 2002 at fødselsoverskotet i 2. kvartal er under 4 000, seier Magnus Haug.

Auke i talet på døde i år

Dødstalet i 2. kvartal var 10 900, etter å ha lege stabilt mellom 9 300 og 9 800 i andrekvartala frå 2013 til 2021.

– Dette er i tråd med utviklinga sidan koronapandemien kom til landet. Det første halvtanna året med korona, fram til hausten 2021, var dødelegheita lågare enn før pandemien. Deretter har ho stige, seier Magnus Haug.

I mange grupper var dødsratane høgre i 2. kvartal 2022 enn i same kvartal i 2019, altså før pandemien. For mange grupper er forskjellen marginal, men auken har vore større blant dei over 90 år, seier Magnus Haug.

– Men det var også blant dei eldste at dødelegheita sokk mest under det første året av pandemien. Dermed verkar det sannsynleg at dei siste kvartalas auke er ei opphenting etter den uvanleg låge dødelegheita under pandemien, seier Magnus Haug.

Figur 1. Døde i 2. kvartal per 1 000 innbyggjarar 1. januar

Mange ukrainske flyktningar har vorte registrert innvandra til asylmottakskommunen, og har førebels ikkje flytta vidare til ein varig busettingskommune. Dermed har til dømes Råde kommune, kor Nasjonalt ankomstsenter ligg, svært mange innvandringar i høve til folketalet i andre kvartal – og vil i kvartala framover ha omtrent like mange ekstra utflyttingar (anten utvandringar eller innanlandske utflyttingar). Det er derfor for tidleg å seie noko bestemt om kva dei 14 700 ukrainske statsborgarane har å seie for folketalet og befolkningssamansetjinga rundt om i kommunane.