I alt var det 28 800 innvandringar i kvartalet. Det er mykje høgare enn i same kvartal dei siste åra, og over 20 000 for første gong sidan 2016.

– Men trekkjer vi frå dei 10 200 ukrainske statsborgarane, er innvandringstalet ganske normalt. Det er altså grunna krigen i Ukraina og flyktningar derfrå at innvandringstalet var uvanleg høgt, seier seniorrådgjevar Anders Sønstebø i SSB.

– Det var likevel 4 500 færre ukrainarar som innvandra enn i andre kvartal, då det kom 14 700, seier han.

I dei tre første kvartala vart i alt 25 100 ukrainarar registrert busett i Noreg.

– Dermed vart også folkeveksten høg. Folketalet auka med 19 700, samanlikna med mellom 9 800 og 13 000 i 3. kvartal 2017 – 2021. Sist det auka med meir enn 20 000 i eit tredjekvartal var i 2012, seier Sønstebø.

Høgare dødelegheit

Medan innvandringa auka frå i fjor, bidrog både lågare fødselstal og høgare dødstal til å dempe folkeveksten. 

– Dødelegheita var uventa låg til litt over eit år inn i koronapandemien. Så auka ho frå hausten 2021, og har i dei siste kvartala vore noko høgare enn før pandemien, seier Sønstebø.

– Frå første til 3. kvartal døydde det mellom 29 700 og 30 800 personar i kvart år mellom 2017 – 2019. Same tal for 2022 er 33 700, seier Sønstebø.

For SSB er det vanskeleg å seie noko om årsakene til auken.

– Det er nok ein kombinasjon av fleire ting. Vi forventa ein oppgang etter uvanleg låg dødelegheit i 2020 og første halvår i 2021, i tillegg til at ein stadig større del av befolkninga er i aldersgrupper med høg dødelegheit. Dette forklarar noko av auken, men ikkje heile, seier Sønstebø.

Saman med eit fødselstal som held fram med å søkke – om ein ser bort frå ein oppgang i 2021 som kan ha samanheng med spesielle omstende under koronapandemien – gir det ein solid nedgang i fødselsoverskotet.

– I 3. kvartal var det 2 900 fleire fødde enn døde. 2001 var førre gong eit tredjekvartal hadde eit fødselsoverskot under 4 000, seier Sønstebø.

Fødselstalet i tredjekvartal var 13 800, ein nedgang på heile 1 400 frå 2021 – men rett nok berre 340 lågare enn i 2020.

Mange ukrainske flyktningar har vorte registrert innvandra til asylmottakskommunen, og har førebels ikkje flytta vidare til ein varig busettingskommune. Dermed har til dømes Råde kommune, kor Nasjonalt ankomstsenter ligg, svært mange innvandringar i høve til folketalet i både andre og tredje kvartal – og vil i kvartala framover ha omtrent like mange ekstra utflyttingar (anten utvandringar eller innanlandske utflyttingar). Dermed er det uråd å seie noko bestemt om kva dei ukrainske flyktningane har å seie for folketalet og befolkningssamansetjinga rundt om i kommunane i tida framover.