Folkeveksten i Noreg heldt fram i 2. kvartal. Det var 18 000 innvandringar, og 6 000 av desse var ukrainske statsborgarar. Dermed har 46 000 ukrainarar innvandra til Noreg sidan starten av 2022.

13 700 fødde og 10 300 døde gav eit fødselsoverskot på 3 400. Etter at dødelegheita auka for første gong på lenge i 2022, har ho vorte lågare att til no i 2023. 

– Lågare dødstal og høgare fødselstal har ført til eit høgare fødselsoverskot enn i same kvartal i fjor. Likevel er fødselsoverskotet framleis lågt i eit historisk perspektiv. Dette er ein tendens me forventar framover òg, mykje fordi talet på eldre aukar, seier Linn Krokedal i SSB.

Normalisert dødelegheit 

SSB har tidlegare skrive om at dødelegheita auka i 2022, etter å ha vore uvanleg låg i det første halvtanna året under koronapandemien. I 2023 har ho gått ned att, noko som kan tyde på ei normalisering av dødelegheita etter dei eksepsjonelle omstenda som vara frå 2020 til 2022.

Spesielt for dei eldre har dødsraten gått ned igjen etter 2022. Grafen nedanfor viser dødsratane for 2. kvartal, men mønsteret er det same for første halvår samla.

Figur 1. Døde i 2. kvartal per 1 000 innbyggjarar 1. januar

Fleire fødde, men uendra fruktbarheit  

Det vart fødd 13 700 barn i løpet av det siste kvartalet. Det er ein auke på om lag 400 barn frå same kvartal året før. Sjølv om fødselstalet har auka, er fruktbarheita den same når vi tar omsyn til talet på kvinner i fruktbar alder. Blant kvinner mellom 25–29 går fødselsratane framleis nedover. Dette følgjer ein trend frå dei siste 15 åra.