Nye tal frå statistikken Befolkning viser at folkeveksten på 15 300 er den største oppgangen i eit førstekvartal sidan 2012.

– Sjølv om fruktbarheita sokk vidare, heldt folketalet fram med å auke. I første kvartal passerte vi 5,5 millionar, mellom anna grunna tilveksten av ukrainske statsborgarar, seier rådgjevar Magnus Haug i SSB.

Nettoinnvandringa, altså innvandringar minus utvandringar, var den høgaste i eit førstekvartal sidan SSB byrja å publisere slike tal i 1997. 20 900 innvandringar og 6 300 utvandringar gav ei nettoinnvandring på 14 600.

Av dei 20 900 som flytta til Noreg i 1. kvartal var 7 700 ukrainske statsborgarar.

Stadig lågare fruktbarheit

Forutan flyttingar inn eller ut av landet er det talet på fødde og døde som påverkar eit lands folkevekst. I 1. kvartal var fødselsoverskotet, fødde minus døde, 760. Det er det lågaste fødselsoverskotet i eit førstekvartal nokon gong i SSBs statistikk, og skuldast i stor grad det stadig fallande fødselstalet.

Fruktbarheita har vore på veg ned i Noreg sidan 2009, med unntak av i 2021. Utviklinga heldt fram i byrjinga av 2023. Det vart fødd 12 300 born, mot 12 900 i same kvartal året før.

– Forutan unntaksåret 2021, har kvinner i alle alderstrinna frå 20 til 40 år fått færre og færre born dei siste ti åra. Det er ingen store endringar frå år til år, men ein jamn nedgang, seier Magnus Haug.

Figur 1. Fødde i 1. kvartal etter mors alder. Per 1 000 kvinne

Mange ukrainske flyktningar har vorte registrert innvandra til asylmottakskommunen, og har førebels ikkje flytta vidare til ein varig busettingskommune. Dermed har til dømes Råde kommune, kor Nasjonalt ankomstsenter ligg, svært mange innvandringar i høve til folketalet i både andre og tredje kvartal – og vil i kvartala framover ha omtrent like mange ekstra utflyttingar (anten utvandringar eller innanlandske utflyttingar). Dermed er det uråd å seie noko bestemt om kva dei ukrainske flyktningane har å seie for folketalet og befolkningssamansetjinga rundt om i kommunane i tida framover.