221684
221684
Over 1 million undersøkt og behandla i offentleg tannhelseteneste
statistikk
2015-07-02T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
tannhelse, Tannhelsetenesta, tannstatus, karies, tannleger, tannpleiere, tannlegesekretærer, driftsutgifterHelsetjenester, KOSTRA, Helse, Offentlig sektor
true

Tannhelsetenesta2014

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Over 1 million undersøkt og behandla i offentleg tannhelseteneste

1,06 millionar personar blei undersøkte og behandla i den offentlege tannhelsetenesta i 2014. Tannhelsa til barn og unge ser ut til å ha blitt styrka ytterlegare dei siste åra. 3,3 milliardar kroner blei brukte på tannhelse i fylkeskommunane i 2014.

Tannhelsetenesta, nøkkeltal
2014Prosentvis endring
Absolutte tal2013 - 20142010 - 2014
Tannhelsetilstand
Gjennomsnittleg tal på tenner med karieserfaring per 12-åring1,00,0-23,1
Gjennomsnittleg tal på tenner med karieserfaring per 18-åring4,0-4,8-13,0
SIC-indeks for 12-åringar2,7-6,9-18,2
Årsverk
Tannlegeårsverk, avtalte (offentleg og privat)4 053,91,29,6
Tannpleiarårsverk, avtalte (offentleg og privat)883,202,714,1
Tannlegespesialistar (offentleg og privat)4694,921,4
Aktivitet
Prioriterte personar, undersøkt/behandla868 0321,95,0
Barn og ungdom 3-18 år, undersøkt/behandla717 8642,84,5
Eldre langtidssjuke og uføre i heimesjukepleie, undersøkt/behandla33 673-2,514,9
Eldre langtidssjuke og uføre på insititusjon, undersøkt/behandla32 416-3,11,7
Vakse betalande klientell, undersøkt/behandla203 1243,618,5
2014Prosentvis endring
1000 kroner2013 - 20142010 - 2014
Utgifter
Brutto driftsutgifter, tannhelsetenesta totalt3 290 8097,019,7
Brutto driftsutgifter, pasientbehandling2 539 1186,915,7
Brutto driftsutgifter, fellesfunksjonar751 6917,335,6

Den offentlege tannhelsetenesta skal først og fremst sørgje for tannhelsetenester til pasientgrupper som er prioriterte etter tannhelselovgivinga. Det inkluderer til dømes barn og ungdom, psykisk utviklingshemma og grupper av eldre, langtidssjuke, uføre på institusjon og mottakarar av heimesjukepleie. Totalt blei om lag 1,06 millionar personar undersøkte og behandla i den offentlege tannhelsetenesta i 2014. Om lag 8 av 10 av dei undersøkte og behandla er i prioriterte grupper. Både prioriterte pasientar og vaksne betalande som er blitt undersøkte, aukar i den offentlege tannhelsetenesta.

Den siste femårsperioden frå 2010 til 2014 har delen av pasientar i prioriterte grupper som har vore undersøkte og behandla, halde seg stabil på drygt 60 prosent. I underkant av 870 000 pasientar frå prioriterte grupper blei behandla i 2014, som er ein auke på 2 prosent frå 2013. For den siste femårsperioden 2010-2014 har auken vore på 5 prosent.

Flest vaksne som bruker offentleg tannhelseteneste i Finnmark

Vaksne pasientar som ikkje er i nokre av dei prioriterte gruppene, soknar i utgangspunktet til den private tannhelsetenesta. Fleire nyttar likevel offentlege tenester. I 2014 var det i overkant av 265 000 vaksne betalande pasientar under tilsyn i den offentlege sektoren. Av desse var det vel 203 000 som blei undersøkte og behandla. Det er 3,6 prosent fleire enn i 2013. Av alle som blei undersøkte og behandla i den offentlege tannhelsetenesta, utgjorde vaksne betalande pasientar vel 19 prosent i 2014. Dette svarer til ein auke på 2 prosent frå 2013.

Tala viser elles store fylkesvise forskjellar når det gjeld kor stor del vaksne betalande pasientar utgjer av det totale pasientgrunnlaget i den offentlege sektoren. Medan 2 prosent av dei som blei undersøkte og behandla i offentleg tannhelseteneste i Oslo, var vaksne i 2014, utgjorde dei vaksne 37 prosent i Finnmark. Ei av årsakene til at mange vaksne vel å gå til den offentlege tannhelsetenesta i enkelte fylke, er at det private tilbodet ikkje er så godt utbygd i fylka det gjeld.

Fleire barn og unge utan hol i tennene

Den offentlege tannhelsetenesta skal mellom anna prioritere gratis undersøking og behandling av barn og unge. Ikkje alle barn og unge i alle aldersgrupper blir kalla inn og møter til time kvart år, og det er fylkesvise variasjonar i rutinane for innkallingar til time. Likevel viser tala for dei som faktisk er undersøkte den siste femårsperioden, at det blir stadig færre med hol i tennene: Gjennomsnittstalet på hol går ned, fleire barn og unge er heilt utan hol i tennene (DMFT=0), og talet på barn med mange hol (DMFT>9) minkar.

I 2014 blei om lag åtte av ti 5-, 12- og 18-åringar i Noreg undersøkte/behandla eller registrerte i den offentlege tannhelsetenesta, og delen som ikkje har hol i tennene i det heile , aukar framleis. Av femåringane som blei undersøkte, var det 82 prosent som hadde tenner heilt utan karieserfaring (dmft=0). Tilsvarande tal var 82,9 prosent i 2013 og 80,8 prosent i 2010. For tolvåringane som blei undersøkte i 2014, var det 59,8 prosent med DMFT=0. Tilsvarande tal var 56,5 prosent i 2013 og 50,3 prosent i 2010. For 18-åringane var det 20,9 prosent med DMFT=0 i 2014. Tilsvarande tal var 19,8 prosent i 2013 og 16,8 prosent i 2010.

Færrast hol i Hedmark, flest i Finnmark

Det har vore ein nokså jamn nedgang i kariesførekomsten i tennene blant 12- og 18-åringar dei siste 25 åra. I 2014 hadde ein gjennomsnittleg 12-åring eitt hol, akkurat som i 2013. Ein gjennomsnittleg 18-åring hadde fire hol i tennene i 2014, som er ein nedgang frå 2013. I Hedmark fylke har både 12-, og 18-åringar færrast hol i tennene, medan Finnmark var det fylket som rapporterte flest hol både for 12- og 18-åringar. Samstundes har skilnaden mellom Finnmark og dei andre fylka minka noko i femårsperioden 2010-2014.

3,3 milliardar til tannhelsetenester

Den offentlege tannhelsetenesta sorterer under fylkeskommunane, og deira totale utgifter til tannhelsetenester var på nesten 3,3 milliardar kroner i 2014. Det er ein auke frå 2013 på 7 prosent. Til samanlikning har auken i utgifter i den siste femårsperioden frå 2010 til 2014 vore på 20 prosent. Dei største utgiftene i den offentlege tannhelsetenesta er knytte til pasientbehandling, men det er utgiftene som ikkje er direkte avhengige av pasientbehandling, som aukar mest relativt sett.

I 2014 brukte fylkeskommunane vel 2,5 milliardar kroner på mellom anna personell, materiell og kjøp av tenester som er direkte relaterte til pasientbehandling, noko som er ein auke på 7 prosent frå 2013. Frå 2010 til 2014 har desse utgiftene gått opp nesten 16 prosent. Når det gjeld utgifter som ikkje er direkte knytte til pasientbehandling, som til dømes drift av lokale, utstyr og leiing/administrasjon, var desse på vel 750 millionar kroner i 2014. Det inneber ein vekst på 7 prosent frå 2013 til 2014, og ein auke på 36 prosent i femårsperioden 2010-2014.

Fleire årsverk i både offentleg og privat sektor

Pasientbehandlinga i tannhelsetenesta blir i all hovudsak utført av tannlegar, tannpleiarar og tannlegespesialistar. Talet på årsverk i den offentlege fylkeskommunale sektoren er stigande for tannlegar, tannpleiarar og tannlegespesialistar. I 2014 var det i alt 1 232 avtalte tannlegeårsverk i fylkeskommunane, som er 0,5 prosent fleire enn i 2013. I den siste femårsperioden har veksten vore på 7 prosent. Når det gjeld tannpleiarårsverka, gjekk desse opp frå 469 i 2013 til 480 året etter, noko som gir ein vekst på 2 prosent. For tannlegespesialistane var det 50 årsverk i den offentlege tannhelsetenesta i 2014. Dette er ein auke på 4 årsverk frå 2013.

2 prosent fleire private tannlegeårsverk

Den private tannhelsetenesta har eit anna pasientgrunnlag og oppdrag enn den offentlege, noko som mellom anna kjem til syne i sysselsettinga. I 2014 var det i alt 3 293 avtalte tannlegeårsverk i privat sektor. Det svarer til ein auke på 2 prosent frå 2013. Omtrent den same utviklinga gjeld for tannpleiarårsverka i sektoren. I 2014 var det 404 avtalte tannpleiarårsverk. Det inneber ein auke på 3 prosent frå 2013. 9 av 10 tannlegespesialistar arbeider i den private tannhelsetenesta. I 2014 var det registrert 419 årsverk med spesialistar i privat sektor, 4,4 prosent fleire enn i 2013.

Høgare dekningsgrad for spesialistar

Fordi fylkeskommunane i Noreg etter tannhelsetenestelova skal sørgje for at tannhelsetenester, inkludert spesialisttenester, i rimeleg grad er tilgjengelege for alle som bur eller oppheld seg i fylket, er det vanleg å sjå dekningsgraden for tannhelsepersonell for den offentlege og private sektoren samla. Ei samanlikning av tala mellom 2013 og 2014 viser ein oppgang i dekningsgrad for alle dei tre yrkesgruppene: I 2013 var det 0,88 tannlegeårsverk per 1 000 innbyggjarar i offentleg og privat sektor samla. Det inneber ein auke på om lag 1 prosent frå 2013, og 6 prosent i femårsperioden me her studerer. For tannpleiarar har dekningsgraden halde seg uendra frå 2013 til 2014. Begge desse åra var det 0,17 tannpleiarårsverk i offentleg og privat sektor samla per 1 000 innbyggjarar.

For tannlegespesialistar viser tala ein betring i dekningsgrad samanlikna med allmenntannlegar og tannpleiarar. I 2014 var det 0,091 tannlegespesialistårsverk per 1 000 innbyggjarar, medan det i 2013 var ein lågare dekningsgrad med 0,087 per 1000 innbyggjarar. Det er fylkesvise forskjellar i dekningsgrad for alle dei tre yrkesgruppene, og forholdet mellom tannpleiarar og tannlegar kan variere mykje mellom fylka.