Om statistikken

1. Administrative opplysingar

1.1. Namn

Overnattingsstatistikk

1.2. Emnegruppe

10.11 - Hotell- og restaurantverksemd

1.3. Kor ofte og aktualitet

Hyppigheit: Månad

Aktualitet: Om lag 4 veker etter utgangen av referansemånaden.

1.4. Regionalt nivå

Fylke. Ein kan tinge statistikk inndelt etter kommunar eller andre geografiske einingar.

1.5. Ansvarleg seksjon

440 - Seksjon for transport-, reiselivs- og IKT-statistikk

1.6. Lovheimel

Hotell, camping, hyttegrender: § §2-1, 2-2 og 2-3 i lov av 16. juni 1989 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (Statistikklova). Norske Vandrerhjem: Organisasjonen sjølv hentar inn data.

1.7. EU-rettsakt

Direktiv. "Council Directive 95/57/EC of 23 November 1995 on the collection of statistical information in the field of tourism".

1.8. Internasjonal rapportering

Data vert rapporterte til Eurostat, FN og OECD.

2. Bakgrunn og føremål

2.1. Føremål og historie

Kommersiell overnattingstrafikk er ein viktig del av norsk reiseliv. Formålet er difor å kartleggje nivået og utviklinga for den kommersielle overnattingstrafikken så fullstendig som mogleg.

Hotellstatistikken vart etablert i 1950.
Campingstatistikken vart etablert i 1968.
Hyttegrendstatistikken vart etablert i 1998.
Tal for Norske Vandrerhjem vart publisert for første gong i SSB sin årlege publikasjon i 1965, men er tekne inn som ein del av den månadlege publiseringa frå og med juli 2002.

Dei faglege endringane som er gjorde i statistikken opp gjennom åra, er nærare omtalte i punkt 6.1 Samanlikningar over tid og stad.

2.2. Brukarar og bruksområde

Statistikkane vert nytta av Næringsdepartementet, Innovasjon Norge, organisasjonar og forskingsinstitusjonar innanfor reiselivet samt internasjonale organisasjonar som til dømes Eurostat. Kartlegginga av turisttilstrøyminga til Noreg er viktig som grunnlag for forsking og ikkje minst som oppfølging av marknadsføringa av Noreg i utlandet og som grunnlag for oppfølging av myndigheitene si satsing på reiseliv som vekstområde.

Internt i Statistisk sentralbyrå er Nasjonalrekneskapen ein sentral brukar.

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Statistikken omfattar hotell og andre overnattingsbedrifter, camping, hyttegrender, samt medlemsbedrifter i Norske Vandrerhjem.

Hotellstatistikken omfattar alle hotella og liknande overnattingsbedrifter med 20 senger eller meir.

Campingstatistikken omfattar alle plassane med ein kapasitet på anten minst åtte hytter eller ein totalkapasitet på minst 50 einingar.

Hyttegrendstatistikken omfattar alle hyttegrendene med ein kapasitet på tre hytter eller meir.

Statistikken for Norske Vandrerhjem gjeld alle overnattingsbedriftene som er medlemmer i Norske Vandrerhjem.

Hotell og Norske Vandrerhjem: Statistikken byggjer på månadsvise oppgåver over talet på overnattingar fordelte på gjesten sin nasjonalitet og på gjesten sitt formål med hotellopphaldet.

Camping og Hyttegrender: Statistikken byggjer på månadsvise oppgåver over anten talet på einingsdøgn eller gjestedøgn, fordelte på gjesten sin nasjonalitet. For camping vert einingsdøgna og gjestedøgna også fordelte på overnattingsmåte.

Talet på einingsdøgn vert publisert som talet på overnattingar. Einingsdøgna vert omrekna til overnattingar basert på tidlegare undersøkingar som syner at kvar familie/reisefølgje som deler hytte/vogn består av tre personar.

Nasjonalitetsfordelinga for alle statistikkane er i samsvar med EUs direktiv for turismestatistikk. I tillegg registrerer ein talet på overnattingar frå personar som bur i Mexico.

3.2. Datakjelder

Postalt innhenta papirskjema, online rapportering i form av tekstvedlegg til e-post samt rapportering over Internett.

3.3. Utval

Overnattingsstatistikkane er baserte på fullteljing for dei bedriftene som er større enn dei nemnde grensene, sjå punkt 3.1.

3.4. Datainnsamling

Hotell, camping og hyttegrender: Papirskjema vert sende ut den 25. i månad m-1. Frist for innsending er 5. i månad m+1. Norske Vandrerhjem samlar sjølv inn data frå sine medlemmer som vert sende over til SSB samla i form av tabellar.

3.5. Kontroll og revisjon

Hotell, camping, hyttegrender: Alle statistiske data vi får vert kontrollerte for matematiske og logiske feil.

For non-respondentar vert manglande verdiar berekna maskinelt basert på kjennskap til respondentane. Basis for desse berekningane er registeret sine oppgåver over opningstid og kapasitet for alle overnattingsbedriftene. I desse berekningane er det gått ut frå at non-respondentar har same kapasitetsutnytting som respondentane i same stratum.

Det er god statistisk samanheng mellom delen av yrkesovernattingar og overnattingsprisen som hotellet kan få i marknaden. Denne samanhengen er nytta for å berekne overnattingspris og vidare losjiomsetning for bedrifter som ikkje har gitt oppgåve over omsetning.

3.6. Berekningar

Om lag 5 prosent av bedriftene gjer ikkje oppgåve over verksemda kvar månad. Ein bereknar tal både for overnatting og omsetning for desse bedrifta. Basis for berekningane er registerets oppgåver over opningstid og kapasitet for alle hotell. I berekningane går ein ut frå at non-respondenter har same kapasitetsutnytting for senger og rom som respondentene innan same hotellgruppe (land-, by- og turist- og høgfjellshotell) og region. Med kunnskap om kapasitetsutnytting for senger og rom samt kapasitet for non-respondentene, kan ein berekne talet på overnattingar og selde rom.

Det er statistisk god samanhang mellom ein bedrifts del yrkesovernattinger og den overnattingspris som bedrifta oppnår i marknaden. Denne statistiske samanhangen er nytta for å berekne overnattingspris og losjiomsetning for bedrifter som ikkje har gitt oppgåve over omsetning.

Resultat vert publisert i original form. Nokre av hotelldata vert sesongjusterte ved hjelp av X12ARIMA, http://www.ssb.no/maanedshefte/del1/kifig46n.shtml

3.7. Konfidensialitet

Ein offentleggjer ikkje tall dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen. Orsaka er fare for identifisering ved at talet kan føres tilbake til oppgåvegjevar. Særlig gjeld dette ved offentleggjering av tal på lågt geografisk nivå, f.eks. fylker i camping og hyttegrendstatistikken utanfor sommarsesongen. Ein løyser dette ved å undertrykkje desse tala i tabellen.

4. Omgrep, variablar og grupperingar

4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

For hotell gjeld talet på bedrifter som er registrerte som opne minst ein dag i den perioden som tabellen har tal for.

Senger og rom i hotell gjeld talet på senger og rom i dei bedrifta som er registrerte som opne.

Kapasitetsutnytting av senger i hotell er talet på overnattingar i prosent av talet på sengedøgn, der sengedøgn er talet på senger i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden.

Kapasitetsutnytting av rom i hotell er selde rom i prosent av romdøgn, der romdøgn er talet på rom i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden.

Rom
og senger er to ulike mål på kapasiteten ved eit hotell, fordi romma i ulik grad er enkelt- eller dobbeltrom. Eit hotell med til dømes berre dobbeltrom kan ha 100 prosent utnytting av romma, medan sengene berre er utnytta til 50 prosent. Kapasitetsutnytting av senger og rom kan såleis vise ulik utvikling frå ein periode til ein annen.

For campingplassar og hyttegrender gjeld talet på bedrifter som er registrerte som opne minst ein månad den perioden som tabellen har tal for.

Hyttegrender er hytter/rom som er tilrettelagde for sjølvstell og organisert som ei samling av enkeltståande einingar. Ved sjølvstell er graden av service vanlegvis redusert og inkluderer til dømes ikkje oppreiing av senger og vask av rom og eventuelle sanitæranlegg som hyttene måtte vere utstyrte med. Bedriftene må vere drive under felles leiing, med eigen resepsjon og vere drive på kommersiell basis.

Hytter, senger og rom gjeld kapasitet i dei bedriftene som er registrerte som opne. Berekningar av talet på senger og rom for bedrifter som har endra kapasitet, kan i mange tilfelle gje eit resultat med desimalar. Kapasitetstala som vert publiserte er derimot avrunda etter vanlege avrundingsreglar. Summen av talet på senger for heile landet treng difor ikkje alltid stemme med summen av tala for fylke eller kommunar.

Einingsdøgn: Ei eining (familie eller reisefølgje) som overnattar i ei hytte/ eit rom uavhengig av kor mange personar det er i eininga.

Overnatting: Ein person overnattar ei natt.

Nasjonalitet: Med gjesten sin nasjonalitet meiner vi det landet der gjesten er busett, ikkje det landet der gjesten har statsborgarskapen sin. I dei fleste tilfella er dette eit og same land.

Sesongkontrakt: Campingvogn på fast kontrakt (sesongkontrakt) er leige av fast plass for vognene til ein pris uavhengig av kor mykje vogna er i bruk.

Totalkapasitet for campingplassen er summen av talet på hytter og oppstillingsplassar for telt, campingvogn eller bubil.

Losjiomsetning ved hotella er omsetning for overnattingsverksemda, altså ikkje omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet.

Losjiomsetning ble frå 1. september 2006 pålagt 8 prosent merverdiavgift etter meirverdiavgiftslova, i motsetning til serveringsomsetning som har 25 prosent. For å lette arbeidet som bedrifta har med fordeling av pensjonsprisen mellom omsetning med lav og høg sats, kan bedriftene nytte Finansdepartementet sine forskrifter av 28. november 1977. Med oppgåver over losjiomsetning, talet på overnattingar og selde rom, kan ein berekne gjennomsnittlege prisar både per overnatting og per rom. Nokre bedrifter endrar kapasitet i året. Med opplysningar om senge- og romkapasiteten i bedrifta dei ulike månadene, vert talet på senger og rom på års- eller sesongbasis berekna som eit månadleg gjennomsnitt.

4.2. Standard klassifikasjonar

Fylke og kommune
Standard for Næringsgruppering.

5. Feilkjelder og uvisse

5.1. Måle- og handsamingsfeil

Generelt vil det kunne oppstå feil både under utfyllinga av skjemaet (oppgåvegjevar gjev feil svar) og i kodinga og registreringa av skjemaet til elektronisk medium (optisk lesing).

5.2. Fråfallsfeil

Ved utløpet av fristen ligg svarprosenten på om lag 60 prosent, medan han ved publisering ligg på rundt 90-95 prosent. Totale og partielle fråfall vert berekna maskinelt, sjå 3.6. Berekningar

5.3. Utvalsfeil

Overnattingsstatistikkane er baserte på fullteljing for dei bedriftene som er større enn dei nemnde grensene, sjå punkt 3.3. Det er soleis ingen utvalsfeil.

5.4. Andre feil

Campingplassane si rapportering av bruk av campingvogner på fast kontrakt, er i mange tilfelle basert på vurderingar.

6. Samanlikningar og samanheng

6.1. Samanlikningar over tid og stad

Hotellstatistikken vart etablert i 1950. På grunn av diverse forandringar i omfang og opplegg, kan ein ikkje samanlikne statistikken i heile perioden. I samband med endringa i hotellova i 1984 vart godkjenningsordninga oppheva. Den manglande jamføringsgraden frå 1984 til 1985 er nærare dokumentert i Norsk Hotellnæring 1950-1990. Sosiale og økonomiske studier 77, Statistisk sentralbyrå.

Bortsett frå tre utvidingar i 1990, 1995 og i 2005 ved av fleire nasjonar spesifisert i statistikken, kan ein likevel samanlikne hotellstatistikken frå 1985 til i dag.

Campingstatistikken vart etablert i 1968, der omfanget er endra fleire gonger sidan den gong. I 1988 vart det etablert eit register med opplysningar om opningstid og kapasitet for alle plassane som gjorde det mogleg å berekna tal for non-respondentar. Desse endringane er nærare dokumenterte i Camping i Norge 1984-1994. Rapporter 95/17, Statistisk sentralbyrå. I 1996 vart nasjonalitetsfordelinga utvida til å tilfredsstilla EU sine krav. I 1998 vart omfanget utvida samt at også overnattingar i sesongkontrakt vart registrerte i statistikken. Vidare vart campingstatistikken utvida til også å dekkje både vinter- og haustsesongen med fortløpande månadleg publisering. Bortsett frå ein utviding i 2005 ved fleire nasjonar spesifisert i statistikken, kan overnattingsstatistikken for campingplassar samanliknast frå 1998.

Hyttegrendstatistikken vart etablert i 1998 og kan samanliknast fram til 2002. Frå 2002 er enkelte bedrifter i hotellstatistikken omklassifiserte til hyttegrender. Dette har medført at statistikken ikkje heilt kan samanliknast frå 2002 til 2003. Bortsett frå ein utviding i 2005 ved fleire nasjonar spesifisert i statistikken, kan overnattingsstatistikken for hyttegrender likevel samanliknast frå 1998.

Hyttegrendene og campingplassane rapporterer gjestetrafikken i form av einingsdøgn (sjå punkt 3.1 Omfang). Einingsdøgn vert rekna om og publiserte som overnattingar baserte på tidlegare undersøkingar om at kvar familie/reisefølgje som deler hytte/vogn består av tre personar. Enkelte større hyttegrender har endra rapporteringsform ved at dei frå og med 2004 i staden rapporterer talet på overnattingar. Den tidlegare nytta omrekningsnøkkelen på tre personar per familie/reisefølgje har vist seg å vere for låg for desse bedriftene, noko som har ført til at tala ikkje heilt kan samanliknast frå 2003 til 2004.

6.2. Samanheng med annan statistikk

Nasjonalrekneskapen nyttar hotellstatistikken i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen.
Hotellstatistikken sine tal for norske overnattingar vert nytta for å kvalitetssikre Reise- og Ferieundersøkinga.

Overnattingsstatistikkane vert nytta til berekningar i den kvartalsvise omsetningsindeksen for samferdsel og reiseliv. I tillegg vert dei nytta til å kvalitetssikre strukturundersøkinga for hotell- og restaurant.

7. Kvar finn ein statistikken?

7.1 Publikasjonar og andre lenkjer

Statistikken vert offentleggjort elektronisk via Dagens statistikk på SSB si heimeside på Internett. Statistikken vert offentleggjort også elektronisk i SSB sin Statistikkbank på Internett http://statbank.ssb.no/statistikkbanken/.

Enkelte tabellar vert publiserte i Statistisk årbok.

Hotellstatistikken til og mars 2004 finn ein på http://www.ssb.no/hotell, og frå og med april 2004 på http://www.ssb.no/overnatting/

Camping til og med juli 2002 ligg på http://www.ssb.no/camping, og frå og med august 2002 på http://www.ssb.no/overnatting/

Hyttegrender til og med juli 2002 ligg på http://www.ssb.no/hyttegrend, og frå og med august 2002 http://www.ssb.no/overnatting/

Norske Vandrerhjem http://www.ssb.no/overnatting/

Norsk Hotellnæring 1950-1990. Sosiale og økonomiske studier 77, Statistisk sentralbyrå

Hotellstatistikken. Dokumentasjon av imputering og tabellrutinar på ny edb-plattform. Notater 95/36, Statistisk sentralbyrå

Overnattingsstatistikk 2001. Noregs offisielle statistikk. http://www.ssb.no/emner/10/11/nos_overnatting/arkiv/nos_c732/nos_c732.pdf

Camping i Norge 1984 - 1994. Rapporter 95/17, Statistisk sentralbyrå

7.2. Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata er lagra i Oracle-databaser, og som filer i SAS- og ASCII-format.


2010 © Statistisk sentralbyrå