Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var registrert om lag 2,1 millionar overnattingar ved norske hotell i mars. Av desse stod utanlandske gjester for nesten 650 000 Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. , ein auke på 9,7 prosent frå same månad i fjor. Norske overnattingar fall samstundes med 2,7 prosent, til litt under 1,5 millionar.

– Nesten éin av tre hotellovernattingar i mars var utanlandske. Det var ein solid vekst i utanlandske overnattingar, medan nordmenn overnatta mindre på hotell enn i fjor, seier Kristin Aasestad, seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå.

Figur 1. Norske og utanlandske hotellovernattingar. Mars 2019 – 2026

Størst del utanlandske overnattingar i nord

Dei nordlegaste fylka hadde klart høgast del utanlandske hotellovernattingar i mars. På Svalbard stod utanlandske gjester for 64 prosent av overnattingane, medan dei i Troms utgjorde 60 prosent. Også Finnmark og Nordland hadde ein relativt høg del utanlandske overnattingar, med høvesvis 39 og 38 prosent.

Utanfor Nord-Noreg skil Oslo seg ut, der 40 prosent av hotellovernattingane var gjorde av utanlandske gjester.

– Tala viser store regionale skilnader i delen utanlandske overnattingar ved hotella i mars. I dei nordlege fylka og Oslo spela dei utanlandske gjestene ei særleg viktig rolle, seier Aasestad.

Agder, Trøndelag og Møre og Romsdal hadde dei lågaste delane utanlandske hotellovernattingar i mars, med høvesvis 10, 12 og 14 prosent.

Figur 2. Del utanlandske overnattingar pr fylke. Mars 2026

Dyrast med hotellrom på Svalbard

Omsetning for overnattingar som ikkje omfattar omsetning for eventuell servering og meirverdiavgift delt på utleidde rom. for eit hotellrom i mars var 1440 kroner. Det var ein auke på 2,1 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Av dei 66 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB., var den høgaste gjennomsnittsprisen i reiselivsregion Svalbard, der eit hotellrom kosta 2800 kroner i gjennomsnitt. Dette er nesten det dobbelte av landsgjennomsnittet. Deretter følgde reiselivsregionane Tromsø og Trysil med ein gjennomsnittspris på om lag 2400 og 2200 kroner.

Auke i overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter

Samla sett for hotell, campingplassar og hyttegrender og vandrarheimar var det 2,6 millionar overnattingar, ein auke på 2,8 prosent samanlikna med mars 2025. Campingplassar rapporterte ein auke på 16 prosent medan hyttegrender og vandrarheimar hadde ein auke på 10 prosent.

Figur 3. Kommersielle overnattingar etter innkvarteringstype. Mars 2019- 2026

Tala for februar er oppdatert samanlikna med publiseringa 27. mars. Dette inneber at nokre tal for februar i statistikkbanken er endra i høve til dei opphavleg publiserte. Det er gjort ei større retting i tala for rom og senger i reiselivsregion Oslo, i tillegg til mindre justeringar i enkelte andre reiselivsregionar.

Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar, og fordelinga på ulike nasjonalitetar har blitt betre over tid.

Betre fordeling på nasjonalitet skuldast blant anna:

  • Fleire oppgåvegjevarar rapporterer direkte frå sine bookingsystem. 
  • Utlendingsforskrifta krev at alle som driv hotell eller tilbyr overnatting registrerer opplysningar om utanlandske gjestar. Fleire store hotellkjeder har starta med ID-kontroll. 

Likevel er det framleis utfordringar med  gjester som bestiller via internasjonale bookingplattformer, der bustadsland ikkje alltid er eintydig ved bestilling. I nokre tilfelle kan desse gjestene bli registrert på landet kor bookingplattformen er registeret. Fleire av dei store bookingplattformane er amerikanske. Dette kan bidra til ein overrepresentasjon av amerikanske overnattingar i statistikken. Vi kjenner ikkje omfanget av denne feilregistreringen.

Frå februar 2026 har vi endra metoden for utrekning av overnattingar for faste sesongkontraktar ved campingplassar som ikkje kan rapportere eksakte tal for overnattingar.

Aktørar som ikkje har opplysningar om talet på overnattingar, kan no rapporter talet på sesongkontraktar i bruk. Statistisk sentralbyrå reknar deretter ut overnattingar ved hjelp av faktorar basert på månad, og kva fylke campingplassen ligg i.

Faktorane er fastsette på bakgrunn av historiske data og dialog med bransjen.