Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 2,5 millionar hotellovernattingar i september. Flest hotellovernattingar hadde Oslo med 532 000 Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar følgt av Vestland med 428 000 overnattingar.

– September har vore ein god månad for hotella i Noreg. I dei fleste fylka var det rekord i talet på hotellovernattingar for ein septembermånad, seier rådgjevar Boyd Oyier i Statistisk sentralbyrå.

Hotellovernattingar i Vestland og Akershus bidrog mest til den samla oppgangen i september, samanlikna med september i fjor. Desse to fylka stod for 40 prosent av auken i talet på hotellovernattingar. Det var nedgang i talet på overnattingar i Telemark, Nordland og på Svalbard.

Figur 1. Hotellovernattingar etter fylke. September 2025

Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar, og fordelinga på ulike nasjonalitetar er betre i år enn den var i fjor.

Betre fordeling på nasjonalitet skuldast blant anna:

  • Fleire oppgåvegjevarar rapporterar direkte frå sine bookingsystem. 
  • Utlendingsforskrifta krev at alle som driv hotell eller tilbyr overnatting registrerer opplysningar om utanlandske gjestar. Fleire store hotellkjeder har starta med ID-kontroll. 

Ver difor merksam ved samanlikning av landfordelinga mellom tidlegare år og 2025. 

Stor auke i losjiomsetning på hotell

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldetved norske hotell var på 2,6 milliardar kroner i september i år. Samanlikna med september 2024 har losjiomsetninga auka med 10 prosent, medan talet på hotellovernattingar har auka med 5 prosent. Dei største bidraga for den samla auken i losjiomsetning kom frå Oslo og Vestland fylke. Her auka losjiomsetninga med høvesvis 10 og 8,5 prosent.

– Mange hotell har rapportert at prisane har auka på grunn av ein generell stigning i kostnadene og auka etterspurnad, seier Oyier.

Høgast pris for hotellrom på Svalbard og i Oslo

Omsetning for overnattingar som ikkje omfattar omsetning for eventuell servering og meirverdiavgift delt på utleigde rom var 1 495 kroner, ein auke på 6,3 prosent frå september i fjor.

Samanlikna med september i fjor har prisen per rom auka i alle fylka. Prisane auka mest på Svalbard etterfølgd av Trøndelag og Oslo, medan dei auka minst i Østfold og Innlandet. Den høgaste gjennomsnittsprisen på hotellrom var på Svalbard med 2 117 kroner etterfølgd av Oslo med 1 775 kroner.

Liten auke på campingplassane

Legg vi til overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, var det nesten 3,4 millionar overnattingar ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, camping og vandrarheim i september. For campingplassar var det ein auke i talet på overnattingar på 4,7 prosent, medan talet på overnattingar ved hyttegrender og vandrarheimar auka med 1,6 prosent.

Figur 2. Kommersielle overnattingar etter innkvarteringstype. September 2019- 2025

Totalt var det 532 000 overnattingar på campingplassane i september. Det var 336 000 norske overnattingar, same som i september i fjor. Utanlandske overnattingar auka med 14 prosent, til 197 000.

Det var flest utanlandske campingovernattingar frå Tyskland med litt over 85 000. Deretter følgde Nederland og Sverige med høvesvis 21 000 og 12 000 overnattingar.

 

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar

  • 351 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • Norske overnattingar gjekk ned 1,8 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 5 prosent