Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 7,4 millionar overnattingar ved norske hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar i juli. Det er 611 tusen fleire enn på same tid i fjor, ein auke på 9 prosent. 

Det var 194 tusen fleire norske og 416 tusen fleire utanlandske overnattingar ved dei Tala omfattar overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar., ein auke på høvesvis 4,5 og 17 prosent. 

– Samanlikna med juli i fjor, som òg var rekordmånad, var det ein auke i både norske og utanlandske overnattingar. Utlendingar bidrog mest til auken, seier seniorrådgivar Kristin Aasestad i Statistisk sentralbyrå.

– Noreg er ein attraktiv sommardestinasjon for både nordmenn og utlendingar, og fleire veker med høge temperaturar frå nord til sør har nok bidratt til rekordtala, held Aasestad fram.

Figur 1. Norske og utanlandske overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter. Juli 2016 - juli 2025

God månad for hotella i storbyane

Det var 3,8 millionar overnattingar på hotell i juli, ein oppgang på 9,1 prosent samanlikna med juli i fjor. Det var 2,3 millionar norske og 1,5 millionar utanlandske overnattingar. 

Det var flest hotellovernattingar i storbykommunane. Oslo hadde flest overnattingar med 658 tusen, etterfølgt av Bergen med 356 tusen overnattingar. Disse to kommunane sto for over ein fjerdedel av alle hotellovernattingane. I Oslo auka utanlandske hotellovernattingar med 16 prosent medan dei auka med 40 prosent i Bergen.

I Ullensaker, der Oslo lufthamn Gardermoen ligg, var det 133 tusen overnattingar. Dette var ein auke på 19 prosent frå juli i fjor. 

Noko av auken i utanlandske overnattingar skuldast at fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar har vorte betre i år. 

Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar og fordelinga på ulike nasjonalitetar er betre i år enn den var i fjor. Dette skuldast mellom anna at fleire oppgåvegjevarar i fjor hadde utfordringar i samband med overgangen til nye bookingsystem. 

Redusert usikkerheit knytt til fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar skuldast blant anna: 

  • Fleire oppgåvegjevarar rapporterar direkte frå sine bookingsystem. 

  • Utlendingsforskrifta krev at alle som driv hotell eller tilbyr overnatting registrerer opplysningar om utanlandske gjestar. Fleire store hotellkjeder har starta med ID-kontroll. 

Ver difor merksam ved samanlikning av landfordelinga mellom tidlegare år og 2025. 

Figur 2. Endring i talet på hotellovernattingar i de største byane. Juli 2024-2025

Fleire på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar

Det var nesten 2,9 millionar overnattingar på campingplassane i juli, ein auke på 9,8 prosent frå juli i fjor. Det var 156 tusen fleire norske overnattingar og 103 tusen fleire utanlandske overnattingar. 

Godt vêr har nok bidrege til auken i overnattingar på campingplassane. I juli i fjor var det mykje regn på Sør- og Austlandet, medan det var sol og varme i nord. I år var det varmt i heile landet. 

Det var Vestfold fylke som bidrog mest til auken i overnattingar på campingplassane, med 60 tusen fleire overnattingar enn i juli i fjor, ein auke på 23 prosent. I Vestland var det over 40 tusen fleire campingovernattingar medan i Agder auka talet med 32 tusen. 

På hyttegrender og vandreheimar var det 637 tusen overnattingar, ein auke på 5 prosent frå same månad i fjor. 

Figur 3. Endring i antal campingovernattingar etter fylke. Juli 2024-juli 2025