Frå januar til desember i 2025 var det 40,6 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter i Noreg, syner nye tal frå overnattingsstatistikken. Det er første gong at statistikken viser over 40 millionar Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar.   i løpet av eit år.

Det var 14,2 millionar utanlandske overnattingar i 2025, ein auke på heile 14 prosent samanlikna med året før.

– Vi har aldri registrert fleire utanlandske overnattingar i statistikken enn i 2025. Gunstig kurs mot fleire valutaer og marknadsføring av Noreg som ein destinasjon med unike naturopplevingar kan forklare at fleire utanlandske turistar vel Noreg, seier Kristin Aasestad, seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå.

Nordmenn stod for 26,4 millionar overnattingar ved dei Tala omfattar overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar.   i 2025, ein vekst på om lag 1 prosent frå året før. Dette er rundt 100 000 fleire enn den førre rekorden, som vart sett under pandemien i 2022.

– Under pandemien auka talet på norske overnattingar, og det er interessant å sjå at det høge nivået har halde seg også etterpå, seier Aasestad.

Figur 1. Norske og utanlandske overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter. 2018–2025

3 av 4 utanlandske overnattingar kom frå Europa

I 2025 var omtrent 75 prosent av dei utanlandske overnattingane frå europeiske land. Tyskland var klart størst med litt under 2,6 millionar overnattingar, etterfølgt av Sverige med 1,3 millionar. Deretter kom Nederland, Storbritannia og Danmark, med høvesvis 985 000, 977 000 og 896 000 overnattingar.

For alle desse landa var det ein solid auke i talet på overnattingar samanlikna med 2024.

– Danmark og Storbritannia skil seg ut frå andre europeiske land. Omtrent halvparten av overnattingane frå desse landa skjer om vinteren, og mykje tyder på at vinterdestinasjonar er særleg populære blant desse turistane, seier Aasestad.

Asiatiske turistar tilbake for fullt

Overnattingsbedriftene registrerte 1,2 millionar overnattingar frå Asia i 2025. Samanlikna med året før var det ein vekst på 30 prosent.

– Talet på overnattingar frå Asia var i 2025 tilbake på same nivå som før pandemien. For dei europeiske landa gjekk gjeninnhentinga raskare, men no er også dei asiatiske turistane tilbake for fullt, seier Aasestad.

Kina bidrog mest til denne auken. I 2025 var det 392 000 overnattingar frå Kina, 78 prosent fleire enn året før.

Figur 2. Utanlandske gjestedøgn frå utvalde land. 2024 og 2025

Flest overnattingar i Oslo og Vestland

Fylket med flest overnattingar i 2025 var Oslo med 6,9 millionar overnattingar, nest flest hadde Vestland med 6,2 millionar. Deretter følgjer Innlandet med 3,7 millionar overnattingar, Trøndelag med 3 millionar, og Nordland med 2,8 millionar.

Den høgaste delen utanlandske overnattingar finn vi på Svalbard, der 65 prosent av overnattingane i 2025 kom frå utlandet. Deretter følgjer Troms med 55 prosent. Nordland og Vestland hadde om lag 45 prosent.

– Dei høge delane utanlandske overnattingar i desse fylka kan forklarast med at dei har fleire reisemål som er særleg populære blant utanlandske turistar, seier Aasestad.

Alle fylke hadde vekst i talet på overnattingar frå 2024 til 2025. I alle fylka var det fleire utanlandske overnattingar, og i dei fleste var det også vekst i dei norske.

Størst vekst ved hotella

Talet på overnattingar ved norske kommersielle overnattingsbedrifter auka med om lag 2 millionar frå 2024 til 2025. Hotella stod for den største delen av denne veksten, med ein auke på 1,4 millionar frå året før. Nær sagt heile denne auken kom frå utanlandske gjester. Det var til saman 28 millionar hotellovernattingar i 2025.

På campingplassane var det totalt 8,4 millionar overnattingar, ein vekst på 456 000 frå 2024. Dei utanlandske overnattingane auka med 9 prosent, medan dei norske steig med 4 prosent.

Ved Alle bedrifter med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar. vart det registrert 4 millionar overnattingar i 2025. Her var det ein auke på om lag 134 000 utanlandske overnattingar, medan dei norske overnattingane var omtrent uendra frå året før.

Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar, og fordelinga på ulike nasjonalitetar var betre i 2025 enn den var i 2024.

Betre fordeling på nasjonalitet skuldast blant anna:

  • Fleire oppgåvegjevarar rapporterar direkte frå sine bookingsystem.
  • Utlendingsforskrifta krev at alle som driv hotell eller tilbyr overnatting registrerer opplysningar om utanlandske gjestar. Fleire store hotellkjeder har starta med ID-kontroll.

Ver difor merksam ved samanlikning av landfordelinga mellom tidlegare år og 2025.

Auke i utanlandske og norske overnattingar i desember 2025

I desember 2025 var det registrert 2 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter. Det er første gong det har blitt registrert over 2 millionar overnattingar for desember i overnattingsstatistikken.

Det var ein auke på 5,1 prosent frå desember året før.

Det var 1,3 millionar norske overnattingar i desember, ein auke på 3,7 prosent. Samstundes var det om lag 700 00 utanlandske overnattingar,8 prosent fleir enn i desember 2024.