Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 1,5 millionar norske og 577 000 utanlandske overnattingar på hotell, campingplassar,  hyttegrender og vandrarheimar i februar. Det er ein auke på høvesvis 17 og 24 prosent frå februar 2022.

–Hotella i storbyane bidrog mest til oppgangen. 1 av 5 hotellovernattingar var i Oslo, og ein annan femdel var i reiselivsregionane Bergensregion, Trondheim og Romerike,  seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune.

Størst var auken i Oslo, kor dei utanlandske hotellovernattingane vart meir enn dobla frå februar i fjor medan dei norske auka med 64 000, som svarer til 36 prosent. På Romerike var det totalt 35 000 fleire hotellovernattingar.  Bergensregion og Trondheim hadde om lag 30 000 fleire overnattingar.

–Rett nok samanliknar vi med ein månad prega av pandemirestriksjonar. Dei siste restriksjonane vart fjerna i midten av februar i fjor, og hotella som var stengt i fjor har vore i drift i år, seier Kristin Aasestad.

Samanlikna med februar 2020 var det 5,9 prosent færre norske hotellovernattingar medan det var 13 prosent færre utanlandske hotellovernattingar.

Figur 1. Hotellovernattingar. Dei 10 reiselivsregionane med flest overnattingar. Februar 2023

Danskane leigde private fritidsbustader ved skistader

SSB har også tal på overnattingar i private hytter, hus og leilegheiter leigd ut  gjennom Tala omfattar berre overnattingar bestilt gjennom norske formidlingstenester. Overnattingar bestilt via internasjonale plattformar som Airbnb er ikkje med i tala. . Private fritidsbustadane er primært bygd for å tene eigars eige behov for fritid og rekreasjon, i motsetnad til hytter som er bygd for kommersielle formål.

I februar 2023 vart det formidla 240 000 slike overnattingar. Dette er ein auke på 54 prosent frå same månad i fjor. Meir enn 80 prosent av desse overnattingane blei utført av utanlandske gjester, og av dei utanlandske overnattingane var to av tre danske.

– I februar var det vinterferie ikkje berre i Noreg, men også Danmark og Sverige. Private fritidsbustader ved skidestinasjonar i Innlandet var spesielt populære blant danskane, seier Kristin Aasestad.

Utleige av private fritidsbustader var også påverka av restriksjonar i fjor. Samanlikna med februar i fjor auka utanlandske overnattingar  med 68 prosent.  Norske overnattingar auka med 11 prosent.

Figur 2. Overnattingar i private fritidsbustader leigd ut via norske formidlarar etter bustadsland. Februar 2023

Litt færre campingovernattingar

  • 153 000 overnattingar på campingplassar i februar 2023
  • 1,2 prosent nedgang mot februar 2022
  • Norske overnattingar gjekk ned 0,8 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 3,3 prosent

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar

  • 273 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • Norske overnattingar gjekk ned 2,4 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 6,5 prosent

I samsvar med definisjonar Eurostat, er flyktningar frå Ukraina som bur ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg fjerna i talgrunnlaget for statistikken, sjølv om det skjer ei økonomisk aktivitet på hotella. Denne type aktivitet er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Vi klarar ikkje å skilje ut alle overnattingar gjorde av flyktningar frå Ukraina. På overnattingsverksemder som har over 25 gjestedøgn frå Ukraina i løpet av februar, er gjestedøgna fjerna frå talgrunnlaget. Hotell som er reine mottak- og beredskapshotell er halde utanfor statistikken. I åra før koronapandemien var det mellom 600 og 1 200 overnattingar av gjester frå Ukraina ved dei kommersielle overnattingsverksemdene i februar månad i Noreg.

I publiseringa for januar 2022 vart sesongjusterte tal for overnattingar og losjiomsetning publisert for fyrste gang.  Det er ofte betydelege sesongvariasjonar i månadstal som gjer det vanskeleg å direkte tolke utviklinga frå ein månad til den neste. Ved å trekke ut sesongvariasjonar frå tala får vi betre informasjon om den underliggande utviklinga i serien og kan samanlikne påfølgjande månader. Klikk her for meir informasjon om kvifor månadstal sesongjusteres.