Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var nesten 1,9 millionar norske og nesten 1,1 millionar utanlandske overnattingar ved norske hotell i juni. Det var ein nedgang i norske Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar  på 0,2 prosent, medan dei utanlandske overnattingane auka med 1,2 prosent.

– Det er aldri målt fleire hotellovernattingar for juni månad enn i 2026. Dette er ein auke på 0,3 prosent frå førre junirekord som var i 2025, seier rådgjevar Endre Brunner Furu i Statistisk sentralbyrå.

– Sjølv om mange nordmenn har fått strammare privatøkonomi ser det ut som at nordmenn framleis vel å feriere i eige land, legg Furu til.

Figur 1. Norske og utanlandske hotellovernattingar. Juni 2018 - juni 2026

Legg vi til overnattingar på campingplassar, Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar, var det nesten 4,8 millionar overnattingar ved Tala omfattar overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar i juni, ein nedgang på 0,9 prosent samanlikna med juni 2025.

Flest hotellovernattingar i Oslo 

Det var flest hotellovernattingar i Oslo, med 571 000 overnattingar, følgt av Vestland med 515 000 overnattingar. 

I juni stod utanlandske gjester for 36 prosent av hotellovernattingane. Av dei utanlandske hotellovernattingane var to av tre frå Europa. Flest europeiske hotellovernattingar var det frå Tyskland med 116 000 overnattingar, ein nedgang på 8,2 prosent frå juni i fjor. Deretter følgde Sverige med 91 000 overnattingar, og Storbritannia med 75 000. Hotellovernattingar frå desse landa auka med høvesvis 7,6 og 11 prosent.

Samanlikna med juni 2025 har talet på hotellovernattingar frå Asia gått ned med 17 prosent. Talet på hotellovernattingar frå Japan, Sør-Korea og Kina har gått ned med høvesvis 35, 26 og 7 prosent.

– Nokre hotell har rapportert om nedgang i overnattingar som skuldast at gjester frå Asia har kansellert reiser grunna uro i Midtausten, seier Furu. 

Figur 2. Antal hotellovernattingar etter fylke. Juni 2026

Nedgang på campingplassane 

Det var 1,4 millionar overnattingar på campingplassane i juni, ein nedgang på 3,5 prosent frå same månad i fjor. Det var 851 000 norske og 568 000 utanlandske overnattingar. 

Det var 427 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar i juni, om lag uendra frå juni i fjor.

Frå februar 2026 har vi endra metoden for utrekning av overnattingar for faste sesongkontraktar ved campingplassar som ikkje kan rapportere eksakte tal for overnattingar.

Aktørar som ikkje har opplysningar om talet på overnattingar, kan no rapporter talet på sesongkontraktar i bruk. Statistisk sentralbyrå reknar deretter ut overnattingar ved hjelp av faktorar basert på månad, og kva fylke campingplassen ligg i.

Faktorane er fastsette på bakgrunn av historiske data og dialog med bransjen.

Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar, og fordelinga på ulike nasjonalitetar har blitt betre over tid.

Betre fordeling på nasjonalitet skuldast blant anna:

  • Fleire oppgåvegjevarar rapporterer direkte frå sine bookingsystem. 
  • Utlendingsforskrifta krev at alle som driv hotell eller tilbyr overnatting registrerer opplysningar om utanlandske gjestar. Fleire store hotellkjeder har starta med ID-kontroll. 

Likevel er det framleis utfordringar med  gjester som bestiller via internasjonale bookingplattformer, der bustadsland ikkje alltid er eintydig ved bestilling. I nokre tilfelle kan desse gjestene bli registrert på landet kor bookingplattformen er registeret. Fleire av dei store bookingplattformane er amerikanske. Dette kan bidra til ein overrepresentasjon av amerikanske overnattingar i statistikken. Vi kjenner ikkje omfanget av denne feilregistreringen.