Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 2,4 millionar norske og 1,6 millionar utanlandske hotellovernattingar i juli. Norske Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. auka med 4,8 prosent medan dei utanlandske auka med 3 prosent.
– I juli i år passerte talet på hotellovernattingar ved dei norske hotella 4 millionar. Aldri før har det vore registrert så mange hotellovernattingar i løpet av éin månad. Den førre rekorden vart sett i juli i fjor, med litt over 3,8 millionar overnattingar, seier Endre Furu, rådgjevar i Statistisk sentralbyrå.
Flest hotellovernattingar i Oslo
Det var flest hotellovernattingar i Oslo, med 714 000 overnattingar, følgt av Vestland med 653 000 overnattingar. Samanlikna med juli i fjor auka talet på hotellovernattingar mest i Oslo, Akershus og Innlandet. Desse tre fylka stod for nesten 75 prosent av den samla veksten i hotellovernattingane. Størst var nedgangen i Trøndelag og Møre og Romsdal, der talet på hotellovernattingar gjekk ned med litt over 8000 i begge fylka.
Store skilnader i andelen utanlandske overnattingar
I juli var nesten 40 prosent av hotellovernattingane i Noreg gjort av utanlandske gjester. Svalbard hadde den høgaste andelen utanlandske overnattingar, der heile 82 prosent av alle overnattingane var gjorde av utlendingar. Vestland følgde med 56 prosent, medan andelen i Oslo var 51 prosent. Også dei nordlegaste fylka hadde mange utanlandske overnattingar. I Troms og Finnmark var halvparten av hotellovernattingane gjorde av utlendingar.
Agder hadde den høgaste andelen norske overnattingar. Der var 87 prosent av hotellovernattingane gjort av nordmenn, følgt av Østfold og Telemark begge med 83 prosent norske hotellovernattingar.
Dyrast hotellrom på Svalbard
Omsetning for overnattingar som ikkje omfattar omsetning for eventuell servering og meirverdiavgift delt på utleidde rom. for eit hotellrom i juli i Noreg var 1600 kroner. Det var ein auke på 5,8 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Den høgaste gjennomsnittsprisen hadde Svalbard, der eit hotellrom kosta nesten 2900 kroner i gjennomsnitt. Deretter følgde Møre og Romsdal og Agder med ein gjennomsnittspris på rett under 2200 kroner.
Fleire campingovernattingar
Det var 3,1 millionar overnattingar på campingplassane i juli, ein auke på 6,9 prosent frå juli i fjor. Det var 2,1 millionar norske og litt under 1 million utanlandske overnattingar.
Flest campingovernattingar var det i Innlandet med nesten 473 000 overnattingar, deretter følgde Vestland og Agder med høvesvis 440 000 og 428 000 campingovernattingar.
I nesten alle fylka på Aust- og Sørlandet var det ein auke i talet på overnattingar ved campingplassane i juli i år samanlikna med juli sist år. Størst nedgang var det i Nordland og Møre og Romsdal.
– Vi ser at veksten i campingovernattingane i stor grad kom i fylka på Austlandet og Sørlandet. Det gode sommarvêret her kan vere ei av forklaringane på denne utviklinga, seier Furu.
– Samstundes ser vi at fleire store campingplassar i år har rapportert litt fleire einingsdøgn enn i fjor, men fordi dei har oppgitt at det har vore fleire personar i kvar eining har det i år blitt berekna fleire gjestedøgn ved desse campingplassane, legg Furu til.
Frå februar 2026 har vi endra metoden for utrekning av overnattingar for faste sesongkontraktar ved campingplassar som ikkje kan rapportere eksakte tal for overnattingar. Aktørar som ikkje har opplysningar om talet på overnattingar, kan no rapportere talet på sesongkontraktar i bruk. Statistisk sentralbyrå reknar deretter ut overnattingar ved hjelp av faktorar basert på månad og kva fylke campingplassen ligg i. Faktorane er fastsette på bakgrunn av historiske data og dialog med bransjen. Når vi nyttar faste faktorar vert ikkje eksterne forhold som vêr og etterspurnad tatt omsyn til. SSB bereknar no bruken av sesongkontraktar ved fleire campingplassar. Det ser ut som at nokre av desse bedriftene tidlegare ikkje klarte å rapportere kor mykje sesongkontraktane vart nytta, noko som førte til at talet på overnattingar ofte vart underrapportert. Endringa kan føre til at talet på overnattingar blir høgare enn i tidlegare periodar. SSB har ikkje grunnlag for å fastslå kor stort omfang den tidlegare underrapporteringa hadde.
Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar i juli 2026
- 657 000 overnattingar på Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar.
- 297 000 norske overnattingar, 0,8 prosent auke frå juli 2025
- 360 000 utanlandske overnattingar, 5 prosent auke frå juli 2025
Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar, og fordelinga på ulike nasjonalitetar har blitt betre over tid. Betre fordeling på nasjonalitet skuldast blant anna: Likevel er det framleis utfordringar med gjester som bestiller via internasjonale bookingplattformer, der bustadsland ikkje alltid er eintydig ved bestilling. I nokre tilfelle kan desse gjestene bli registrert på landet kor bookingplattformen er registeret. Fleire av dei store bookingplattformane er amerikanske. Dette kan bidra til ein overrepresentasjon av amerikanske overnattingar i statistikken. Vi kjenner ikkje omfanget av denne feilregistreringa.