Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 2,1 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsbedriftene i januar. Dette er det høgste talet på Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. som er målt i statistikken for januar-månad. Det var litt over 80 000 fleire enn i same månad i fjor, og ein auke på 4 prosent.
Det var litt under 10 000 fleire norske og 71 000 fleire utanlandske overnattingar. Dette svarar til ein vekst på høvesvis 0,7 og 12 prosent.
– Samanlikna med januar i fjor, som også var ein rekordmånad blant januarmånadene, ser vi ein auke både blant norske og utanlandske overnattingar. Utanlandske gjestar stod for den største delen av veksten, seier seniorrådgivar Kristin Aasestad i Statistisk sentralbyrå.
Flest utanlandske overnattingar frå Danmark
Om lag 75 prosent av dei utanlandske overnattingane i januar kom frå Europa. Flest overnattingar var det frå Danmark med nær 110 000 overnattingar, ein auke på 28 prosent frå januar i fjor. Danske overnattingar utgjorde 16 prosent av alle utanlandske overnattingar i januar. Deretter følgde Storbritannia med 79 000, og Sverige med nesten 76 000 overnattingar. Overnattingar frå desse landa auka med høvesvis 18 og 2,2 prosent.
For danskar og svenskar var Oslo, Buskerud og Innlandet dei mest besøkte fylka. Dei to siste fylka har fleire av dei største skidestinasjonane i Noreg.
– Vi ser at mange utanlandske gjester overnattar i fylke med store skidestinasjonar. Snøtilhøva i Alpene har vore meir varierande dei siste åra, medan Noreg har hatt meir stabile snøforhold. Dette kan ha gjort at utanlandske skituristar vel Noreg framfor andre land, seier Aasestad.
– I tillegg gjer kronekursen det framleis gunstig for mange utlendingar å legge reisa til Noreg, held Aasestad fram.
For britane er Troms det mest besøkte fylket, etterfølgd av Oslo og Vestland.
Hotellrom i Tromsø dobbelt så dyrt som landsgjennomsnittet
Omsetning for overnattingar som ikkje omfattar omsetning for eventuell servering og meirverdiavgift delt på utleidde rom. for eit hotellrom i januar var nær 1400 kroner. Det var ein auke på 5,7 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Av dei 66 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB., var den klart høgaste gjennomsnittsprisen i reiselivsregion Tromsø, der eit hotellrom kosta litt over 2800 kroner i gjennomsnitt. Dette var det dobbelte av landsgjennomsnittet. På dei neste plassane følgde Nord-Troms-regionen og Trysil, begge med ein gjennomsnittspris på like under 2100 kroner per rom.
Kapasitetsutnytting av rom på hotell er selde rom i prosent av romdøgn, der romdøgn er talet på rom i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden. av rom ved hotella varierer mykje mellom reiselivsregionane. I januar var reiselivsregion Tromsø i ei særstilling, med ei kapasitetsutnytting av rom på 87 prosent. Deretter følgde Trysil, med 73 prosent. Til samanlikning var landsgjennomsnittet for hotellrom 45 prosent.