Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 2,2 millionar hotellovernattingar i oktober. Det er 87 000 fleire enn på same tid i fjor, ein auke på 4,2 prosent. Det var 29 000 fleire norske og 59 000 fleire utanlandske Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar på norske hotell, ein auke på høvesvis 1,8 og 12 prosent.
23 000 av dei 59 000 fleire utanlandske hotellovernattingane var i Vestland.
– Vestland har generelt vorte meir populært blant utanlandske gjester i år, og veksten kjem både frå europeiske land og frå Asia. Auken i oktober tyder på at sesongsvigningane er i ferd med å jamne seg ut. Mange verksemder satsar på aktivitetar heile året, seier førstekonsulent Endre Brunner Furu i Statistisk sentralbyrå.
Nær alle fylka hadde fleire utanlandske hotellovernattingar. I tillegg til Vestland bidrog Akershus, Nordland og Oslo mest til oppgangen. I Akershus var det 15 000 fleire utanlandske overnattingar, ein auke på 40 prosent. I Nordland var 5 000 fleire overnattingar og i Oslo 5 000 fleire, ein auke på høvesvis 20 og 2,7 prosent. Det var derimot færre utanlandske hotellovernattingar i Troms, Svalbard og Innlandet.
Over 70 prosent auke i hotellovernattingar frå Kina
Ser vi på heile landet var det om lag 36 000 hotellovernattingar frå Kina. Dette var 15 000 fleire enn i oktober i fjor, ein auke på 71 prosent. Frå Storbritannia kom det nesten 9 000 fleire overnattingar, medan Sverige og Danmark bidrog med over 8 000 fleire overnattingar til saman. Frå Tyskland var det litt færre overnattingar enn for sama månad i fjor.
– Overnattingar frå Kina held fram med å veksa. Samanlikna med oktober 2019, før pandemien, var det ein auke på over 30 prosent. Aldri før har vi registrert så mange overnattingar frå Kina i oktober månad, seier Furu.
Det var flest kinesiske hotellovernattingar i Vestland, følgd av Oslo.
Auke i overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter
Samla sett for hotell, campingplassar og hyttegrender og vandrarheimar var det 2,6 millionar overnattingar, ein auke på 4,2 prosent samanlikna med oktober 2024. Campingplassar rapporterte ein auke på 4,4 prosent medan hyttegrender og vandrarheimar hadde ein auke på 4,9 prosent.