Nye tal frå overnattingsstatistikken viser at det var nesten 2,6 millionar hotellovernattingar i september, ein auke på 2,7 prosent frå september i fjor. Utanlandske hotellovernattingar auka med 7,4 prosent til nesten 842 000, medan norske hotellovernattingar auka med 0,6 prosent til 1,7 millionar. 

– Vi ser at dei utanlandske gjestene held fram med å bidra til veksten i norsk reiseliv. Særleg på hotella har auken vore stor, og saman med fleire norske overnattingar har dette gitt ein ny septemberrekord, seier Kristin Aasestad, seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå. 

Figur 1. Norske og utanlandske hotellovernattingar. September 2018 - september 2026
 

Flest hotellovernattingar i Oslo

Det var flest hotellovernattingar i Oslo, med 560 000 overnattingar, følgt av Vestland med 450 000 og Akershus med nesten 272 000 hotellovernattingar. Samanlikna med september i fjor auka talet på hotellovernattingar også mest i desse tre fylka. I både Oslo og Akershus var det det om lag 28 000 fleire Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. enn i september i fjor. I Vestland auka overnattingane ved hotella med nesten 22 000.

Figur 2. Antal hotellovernattingar etter fylke. September 2026

Stor vekst i hotellovernattingar frå Kina

I september stod utanlandske gjester for om lag 33 prosent av hotellovernattingane. Av dei utanlandske hotellovernattingane var tre av fem frå Europa. Flest europeiske hotellovernattingar var det frå Sverige med 77 000 overnattingar. Deretter følgde Tyskland med 71 000 overnattingar, og Storbritannia med 61 000.

Blant dei utanlandske gjestene var det særleg stor vekst i hotellovernattingar frå Kina. I september var det over 50 000 kinesiske hotellovernattingar, ein auke på 33 prosent frå same månad året før. Talet på kinesiske overnattingar i september var tilbake på same septembernivå som åra før pandemien.

Vekst i losjiomsetninga

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet. ved norske hotell var på 2,8 milliardar kroner i september, ein auke på 6,3 prosent frå same månad året før.

– Losjiomsetninga til hotella auka meir enn talet på overnattingar. Det er interessant å merke seg at medan losjiomsetninga for hotella auka med 6,7 prosent, auka talet på overnattingar med 2,7 prosent, seier Aasestad.

Dei største bidraga til auken i losjiomsetning kom frå Oslo og Vestland, der losjiomsetninga steig med 12 prosent i begge fylka.

Omsetning for overnattingar som ikkje omfattar omsetning for eventuell servering og meirverdiavgift delt på utleidde rom. på eit hotellrom i Noreg i september var 1568 kroner, i september i fjor var den på 1495 kroner. Dette tilsvara ein auke på 4,9 prosent.

Campingovernattingar i september 2026

  • Om lag 514 000 overnattingar på campingplassane.
  • 330 000 norske overnattingar, ein nedgang på 1,6 prosent frå september i fjor.
  • 184 000 utanlandske overnattingar, ein nedgang på 6,6 prosent frå september 2025.

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar i september 2026

  • 355 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar.
  • Det var om lag like mange norske og utanlandske overnattingar.
  • Dei norske overnattingane auka med 6,9 prosent frå september 2025.
  • Dei utanlandske overnattingane vart redusert med 4,3 prosent i same periode.

 

Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar, og fordelinga på ulike nasjonalitetar har blitt betre over tid.

Betre fordeling på nasjonalitet skuldast blant anna:

  • Fleire oppgåvegjevarar rapporterer direkte frå sine bookingsystem. 
  • Utlendingsforskrifta krev at alle som driv hotell eller tilbyr overnatting registrerer opplysningar om utanlandske gjestar. Fleire store hotellkjeder har starta med ID-kontroll. 

Likevel er det framleis utfordringar med  gjester som bestiller via internasjonale bookingplattformer, der bustadsland ikkje alltid er eintydig ved bestilling. I nokre tilfelle kan desse gjestene bli registrert på landet kor bookingplattformen er registeret. Fleire av dei store bookingplattformane er amerikanske. Dette kan bidra til ein overrepresentasjon av amerikanske overnattingar i statistikken. Vi kjenner ikkje omfanget av denne feilregistreringa.

Frå februar 2026 har vi endra metoden for utrekning av overnattingar for faste sesongkontraktar ved campingplassar som ikkje kan rapportere eksakte tal for overnattingar.

Aktørar som ikkje har opplysningar om talet på overnattingar, kan no rapportere talet på sesongkontraktar i bruk. Statistisk sentralbyrå reknar deretter ut overnattingar ved hjelp av faktorar basert på månad og kva fylke campingplassen ligg i.

Faktorane er fastsette på bakgrunn av historiske data og dialog med bransjen.

Når vi nyttar faste faktorar vert ikkje eksterne forhold som vêr og etterspurnad tatt omsyn til.

SSB bereknar no bruken av sesongkontraktar ved fleire campingplassar. Det ser ut som at nokre av desse bedriftene tidlegare ikkje klarte å rapportere kor mykje sesongkontraktane vart nytta, noko som førte til at talet på overnattingar ofte vart underrapportert. Endringa kan føre til at talet på overnattingar blir høgare enn i tidlegare periodar. SSB har ikkje grunnlag for å fastslå kor stort omfang den tidlegare underrapporteringa hadde.