Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 1,5 millionar norske og nesten 736 000 utanlandske overnattingar ved norske hotell i mai. Det var ein nedgang i norske Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. med 5,9 prosent, medan dei utanlandske overnattingane auka med 6,7 prosent.
Etter pandemien har talet på overnattingar ved hotella i mai auka kvart år. I mai i år snudde utviklinga, og for første gong sidan 2020 gjekk talet på overnattingar i mai ned samanlikna med året før.
– I mai var mange norske hotell ramma av streiken i hotell- og restaurantbransjen. Dette kan forklare at vi for første gong på seks år ser ein nedgang i talet på hotellovernattingar i mai, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i Statistisk sentralbyrå.
– Sjølv om det var ein nedgang i talet på hotellovernattingar samanlikna med mai i fjor, er talet på overnattingar det nest høgaste som er mål for ein mait månad, berre slått av mai i fjor, legg Aasestad til.
1 av 3 hotellovernattingar var utanlandske
Delen utanlandske overnattingar ved hotella har auka gradvis sidan pandemien. Går ein fire år tilbake, stod utlendingar for 19 prosent av overnattingane ved norske hotell, og i mai i år var den på 32 prosent.
Svalbard hadde den høgaste delen utanlandske hotellovernattingar, der stod utanlandske gjester for 70 prosent av overnattingane. Også Oslo og Vestland hadde relativt høge delar utanlandske overnattingar, med høvesvis 48 og 42 prosent.
Agder hadde den lågaste delen utanlandske overnattingar med 12 prosent. Deretter følgde Østfold og Telemark med 16 prosent.
Auke i overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter
Samla sett for hotell, campingplassar og Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar. var det nesten 3,4 millionar overnattingar i mai, ein auke på 1,7 prosent samanlikna med mai 2025. For campingplassar var det ein auke på 12 prosent medan hyttegrender og vandrarheimar hadde ein auke på 6,1 prosent.
Frå februar 2026 har vi endra metoden for utrekning av overnattingar for faste sesongkontraktar ved campingplassar som ikkje kan rapportere eksakte tal for overnattingar. Aktørar som ikkje har opplysningar om talet på overnattingar, kan no rapporter talet på sesongkontraktar i bruk. Statistisk sentralbyrå reknar deretter ut overnattingar ved hjelp av faktorar basert på månad, og kva fylke campingplassen ligg i. Faktorane er fastsette på bakgrunn av historiske data og dialog med bransjen.
Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar, og fordelinga på ulike nasjonalitetar har blitt betre over tid. Betre fordeling på nasjonalitet skuldast blant anna: Likevel er det framleis utfordringar med gjester som bestiller via internasjonale bookingplattformer, der bustadsland ikkje alltid er eintydig ved bestilling. I nokre tilfelle kan desse gjestene bli registrert på landet kor bookingplattformen er registeret. Fleire av dei store bookingplattformane er amerikanske. Dette kan bidra til ein overrepresentasjon av amerikanske overnattingar i statistikken. Vi kjenner ikkje omfanget av denne feilregistreringen.