Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 1,5 millionar norske og 406 000 utanlandske overnattingar ved dei norske hotella i november 2025. Det utgjer ein nedgang på nesten 41 000 Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar samanlikna med same månad året før. Dei norske overnattingane fall med 35 000, medan dei utanlandske fall med 5 000. 

– Etter fleire månader med rekordhøge overnattingstal for hotellnæringa, rapporterte hotella ein liten nedgang for november månad. Nokre hotell opplevde svekka etterspurnad grunna svakare økonomi, både for bedrifter og privatpersonar, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i Statistisk sentralbyrå.

– Samstundes må ein ta i betraktning at talet på hotellovernattingar i november i fjor var på eit historisk høgt nivå. Berre i 2024 var det registrert fleire hotellovernattingar i november månad, legg Aasestad til.

Legg vi til overnattingar på campingplassar, Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar, var det om lag 2,2 millionar overnattingar ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, camping og vandrarheim i november 2025. Det utgjer ein nedgang på 2,3 prosent samanlikna med same månad året før.

Figur 1. Norske og utanlandske hotellovernattingar. November 2016 - 2025

Regionale skilnader i hotellovernattingane

I november 2025 rapporterte dei fleste fylka ein nedgang i talet på hotellovernattingar samanlikna med november året før. Dei største prosentvise nedgangane blei registrert i Vestfold, Telemark og Innlandet fylke, medan den største prosentvise auken var på Svalbard etterfølgt av fylka Akershus og Nordland.

Nedgang på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar

Det var 172 000 overnattingar ved norske hyttegrender i november 2025, ein nedgang på 3,9 prosent samanlikna med same månad året før. Norske overnattingar gjekk ned med 1,5 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk ned med over 7 prosent.

Ved campingplassane var det 119 000 overnattingar, 4,6 prosent færre enn året før.

– November er ikkje ein stor campingmånad. Ein nedgang på 4,6 prosent, utgjer berre ein reduksjon på nesten 6 000 overnattingar samanlikna med november året før, seier Aasestad.