Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 1,3 millionar norske og 643 000 utanlandske overnattingar på norske hotell i februar. Samla sett var det 75 000 fleire enn i februar i fjor. Dei utanlandske Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. auka med 14 prosent, medan dei norske gjekk ned med 0,5 prosent.
– Aldri før har det blitt registrert så mange overnattingar ved hotella i februar månad. Det var veksten i utanlandske overnattingar som bidrog til rekorden, seier Kristin Aasestad, seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå.
72 prosent av dei utanlandske hotellovernattingane i februar kom frå Europa. Flest europeiske overnattingar var det frå Storbritannina med 93 000, ein auke på 19 prosent frå februar i fjor. Deretter følgde Danmark med 85 000, og Sverige med 70 000 overnattingar. Overnattingar frå desse landa auka med høvesvis 5,6 og nesten 11 prosent.
For landa utanfor Europa var det kinesiske overnattingar som auka mest. I februar var det litt over 41 000 overnattingar frå Kina, nesten en dobling frå same månad i fjor.
Regionale skilnader
10 av fylka hadde ein auke i talet på hotellovernattingar i februar samanlikna med februar i fjor. Størst var auken i Troms med om lag 27 000 fleire overnattingar. Deretter følgde Akershus og Vestland med høvesvis 25 000 og 21 000 fleire overnattingar.
Samstundes var det nokre fylke som opplevde nedgang. I Rogaland vart det registrert om lag 18 000 færre overnattingar enn i februar i fjor. Trøndelag hadde ein reduksjon på nesten 14 000.
– Nedgangen i Trøndelag kan blant anna sjåast i samanheng med at ski-VM vart arrangert der i slutten av februar i fjor som ga høge tal på overnattingar då, seier Aasestad.
Dyrast med hotellrom i Tromsø
Omsetning for overnattingar som ikkje omfattar omsetning for eventuell servering og meirverdiavgift delt på utleidde rom. for eit hotellrom i februar var 1460 kroner. Det var ein auke på 5,3 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Av dei 66 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB., var den høgaste gjennomsnittsprisen i reiselivsregion Tromsø, der eit hotellrom kosta nesten 3000 kroner i gjennomsnitt. Dette er det dobbelte av landsgjennomsnittet. På dei neste plassane følgde reiselivsregionane Øst-Telemark og Trysil med ein gjennomsnittspris på om lag 2800 kroner.
Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar februar 2026
- 328 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
- 134 000 norske overnattingar, 12 prosent auke frå februar 2025
- Nesten 194 000 utanlandske overnattingar, 9,7 prosent auke frå februar 2025
Campingovernattingar februar 2026
- Om lag 140 000 overnattingar på campingplassar
- Om lag 112 000 norske overnattingar, 3,2 prosent auke frå februar 2025
- 27 000 utanlandske overnattingar, 1,3 prosent auke frå februar 2025
Frå februar 2026 har vi endra metoden for utrekning av overnattingar for faste sesongkontraktar ved campingplassar som ikkje kan rapportere eksakte tal for overnattingar. Aktørar som ikkje har opplysningar om talet på overnattingar, kan no rapporter talet på sesongkontraktar i bruk. Statistisk sentralbyrå reknar deretter ut overnattingar ved hjelp av faktorar basert på månad, og kva fylke campingplassen ligg i. Faktorane er fastsette på bakgrunn av historiske data og dialog med bransjen.