August var ein god månad for dei Tala omfattar overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar.. Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 5,5 millionar overnattingar ved hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar. Det var ein auke på 4,7 prosent frå august i fjor.
Det var dei utanlandske gjestene som stod for auken. Det var nesten 2,5 millionar utanlandske overnattingar, ein auke på 13 prosent frå august i fjor.
Samstundes var det nesten 3,1 millionar norske overnattingar, ein nedgang på 1,4 prosent.
– August er den store feriemånaden for mange utanlandske reisande. Litt under halvparten av alle overnattingar ved dei kommersielle overnattingsbedriftene i august var gjort av utanlandske gjester, seier rådgjevar Boyd Oyier i Statistisk sentralbyrå.
1 av 4 utanlandske overnattingar var tyske
Det var om lag 2,5 millionar utanlandske overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene i august, 80 prosent av desse var frå europeiske land. Det var flest utanlandske overnattingar frå Tyskland med litt over 586 000. Nederland sto for andreplassen¹ med 237 000 overnattingar, deretter følgde Sverige og Italia med høvesvis 166 000 og 146 000 overnattingar.
– Samansetninga av dei utanlandske overnattingane er ganske forskjellig på sommaren og vinteren. Om sommaren er det flest gjester frå Tyskland, etterfølgt av Nederland, medan vinteren dominerast av danskar og britar. Sverige er stabilt på tredjeplass i begge sesongar, seier Boyd Oyier.
Overnattingar frå Asia har gradvis teke seg opp etter pandemien. I august var det flest overnattingar frå Kina, med om lag 53 000 overnattingar. Dette var ein auke på 63 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Flest overnattingar i Vestland
Det var flest overnattingar ved dei kommersielle overnattingsbedriftene i Vestland, med litt over ein million overnattingar i august. Vestland ble etterfølgd av Oslo med 811 000 overnattingar. Det var fleire utanlandske og færre norske overnattingar i begge fylka samanlikna med august i fjor. Ser ein på resten av fylka, er det auke i overnattingar for stort sett alle fylka og i dei fleste er det auken i dei utanlandske overnattingane som bidreg til veksten.
I Oslo, Vestland, Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark var over 50 prosent av overnattingane utanlandske. På Svalbard var heile 73 prosent av overnattingane i august utanlandske.
Norske overnattingar ved hotella gjekk ned
I august var det om lag 3,3 millionar overnattingar ved hotella. Av desse var 2 millionar norske og 1,3 millionar utanlandske. Dei utanlandske overnattingane auka med 14 prosent samanlikna med august i fjor, medan dei norske gjekk ned med 2,8 prosent.
Det var om lag 1,6 millionar overnattingar på campingplassane i august. Om lag halvparten av desse var norske, medan den andre halvparten var utanlandske overnattingar. Dei norske overnattingane var på nivå med august i fjor, medan dei utanlandske auka med 14 prosent.
På hyttegrender og vandreheimar var det 230 000 norske og 334 000 utanlandske overnattingar. Dei norske overnattingane auka med 3,6 prosent, og dei utanlandske med 7,6 prosent.
¹ I Statistikkbanken kjem USA ut som landet med nest flest utanlandske overnattingar. Merk at gjester som bestiller overnattingar gjennom nokon internasjonale plattformer og appar kan bli registrerte med USA som bustadsland, sjølv om dei eigentleg bur i andre land.
Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar og fordelinga på ulike nasjonalitetar er betre i år enn den var i fjor. Dette skuldast mellom anna at fleire oppgåvegjevarar i fjor hadde utfordringar i samband med overgangen til nye bookingsystem. Redusert usikkerheit knytt til fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar skuldast blant anna: Fleire oppgåvegjevarar rapporterar direkte frå sine bookingsystem. Utlendingsforskrifta krev at alle som driv hotell eller tilbyr overnatting registrerer opplysningar om utanlandske gjestar. Fleire store hotellkjeder har starta med ID-kontroll. Ver difor merksam ved samanlikning av landfordelinga mellom tidlegare år og 2025.