Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var 5,5 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter i august. Det var 24 000 fleire enn i same månad i fjor, ein auke på 0,4 prosent. 

Det var 3 millionar norske Merk skilnaden på «overnattingar» og «gjestar». Ein gjest kan stå for fleire overnattingar ved dei Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, camping og vandrarheim i august, ein nedgang på 1,3 prosent frå august i fjor. Utlendingar stod for 2,5 millionar overnattingar, ein auke 2,6 prosent. Auken i utanlandske overnattingar vog opp for nedgangen i norske overnattingar. 

Antal hotellovernattingar auka med 3 prosent, medan talet på overnattingar både på campingplassar og Alle verksemder med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar gjekk ned med 3,4 prosent. 

– Sjølv om vêret i delar av landet var dårleg i sommar og mange nordmenn har fått strammare økonomi, viser tala frå overnattingsnæringa ein historisk bra sommar. Dette viser at Noreg framleis er ein attraktiv turistdestinasjon trass høgare prisar og auka uro i mange deler av verda, seier Endre Brunner Furu, rådgjevar i Statistisk sentralbyrå. 

Figur 1. Kommersielle overnattingar etter innkvarteringstype. August 2019 – august 2026

God månad for hotella 

Det var 3,4 millionar overnattingar ved norske hotell i august 2026, ein auke på 3 prosent frå august i fjor. Det vart sett augustrekord for utanlandske hotellovernattingar, som auka med 10 prosent samanlikna med august i fjor. Norske overnattingar gjekk ned 2 prosent. 

Det var flest hotellovernattingar i Oslo, med 678 000 overnattingar, følgt av Vestland med 641 000 overnattingar. 

– To av fem hotellovernattingar i august var utanlandske. Det var ein stor vekst i utanlandske overnattingar, talet på overnattingar frå Tyskland og Polen auka mest, medan nordmenn overnatta mindre på hotell enn i fjor, seier Furu. 

Stor auke i losjiomsetning på hotell 

Omsetning for overnattingar skal ikkje omfatte omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet ved norske hotell var på nesten 3,5 milliardar kroner i august i år. Samanlikna med august 2025 har losjiomsetninga auka med 8,1 prosent, medan talet på hotellovernattingar auka med 3 prosent. Dei største bidraga for den samla auken i losjiomsetning kom frå Vestland og Rogaland, kor losjiomsetninga auka med høvesvis 11 og 30 prosent. 

– Mange hotell har rapportert at prisane har auka blant anna på grunn av betre standard på hotella, dynamisk prissetting og arrangement som auka etterspurnaden, seier Furu. 

Figur 2. Antal hotellovernattingar etter fylke. August 2026

Størst nedgang på campingplassane i nord og vest 

Det var nesten 1,6 millionar overnattingar på campingplassane i august. I ni fylke var det ein nedgang i overnattingar på campingplassar. Det var 849 000 norske overnattingar, ein auke på 1 prosent samanlikna med august i fjor. Utanlandske overnattingar gjekk ned med 8,1 prosent, til 726 000. 

Vestland fylke bidrog mest til nedgangen i overnattingar på campingplassane, med 26 000 færre overnattingar enn i august i fjor, ein nedgang på 8,5 prosent. Etterfølgt av Møre og Romsdal og Trøndelag med høvesvis 19 000 og 17 000 færre overnattingar. 

 – Frå Nord-Noreg, Trøndelag og Vestlandet melde fleire campingplassar om færre gjestar i august 2026 enn i fjor. Fleire fortel at dårleg og kaldt vêr har vore medverkande til nedgangen, seier Furu. 

På hyttegrender og vandreheimar var det 545 000 overnattingar. Norske overnattingar gjekk ned 3,5 prosent medan utanlandske overnattingar gjekk ned 3,4 prosent. 

Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar, og fordelinga på ulike nasjonalitetar har blitt betre over tid.

Betre fordeling på nasjonalitet skuldast blant anna:

  • Fleire oppgåvegjevarar rapporterer direkte frå sine bookingsystem. 
  • Utlendingsforskrifta krev at alle som driv hotell eller tilbyr overnatting registrerer opplysningar om utanlandske gjestar. Fleire store hotellkjeder har starta med ID-kontroll. 

Likevel er det framleis utfordringar med  gjester som bestiller via internasjonale bookingplattformer, der bustadsland ikkje alltid er eintydig ved bestilling. I nokre tilfelle kan desse gjestene bli registrert på landet kor bookingplattformen er registeret. Fleire av dei store bookingplattformane er amerikanske. Dette kan bidra til ein overrepresentasjon av amerikanske overnattingar i statistikken. Vi kjenner ikkje omfanget av denne feilregistreringa.

Frå februar 2026 har vi endra metoden for utrekning av overnattingar for faste sesongkontraktar ved campingplassar som ikkje kan rapportere eksakte tal for overnattingar.

Aktørar som ikkje har opplysningar om talet på overnattingar, kan no rapportere talet på sesongkontraktar i bruk. Statistisk sentralbyrå reknar deretter ut overnattingar ved hjelp av faktorar basert på månad og kva fylke campingplassen ligg i.

Faktorane er fastsette på bakgrunn av historiske data og dialog med bransjen.

Når vi nyttar faste faktorar vert ikkje eksterne forhold som vêr og etterspurnad tatt omsyn til.

SSB bereknar no bruken av sesongkontraktar ved fleire campingplassar. Det ser ut som at nokre av desse bedriftene tidlegare ikkje klarte å rapportere kor mykje sesongkontraktane vart nytta, noko som førte til at talet på overnattingar ofte vart underrapportert. Endringa kan føre til at talet på overnattingar blir høgare enn i tidlegare periodar. SSB har ikkje grunnlag for å fastslå kor stort omfang den tidlegare underrapporteringa hadde.