Svar på spørsmåla. Bruk oppgåvetabellen over inntekter. Tala er laga av oss for denne oppgåva, og er ikkje inntekt for faktiske personar i Noreg.
- Finn ut kven av personane i tabellen som har medianinntekta.
- Ligg inntekta til vedkommande under eller over gjennomsnittet av inntektene i denne tabellen?
- Hugs at låginntekt er definert som inntekt under 60 prosent av medianinntekta i befolkninga, og er justert for storleiken på hushaldet. For å gjere det enkelt seier vi at vi berre har hushald med éin person. Kva blir då låginntektsgrensa i kroner?
- Kva personar i tabellen vil ha inntekt under grensa for låginntekt?
- Og kor stor låginntektsandel blir dette?
- Finn ut kven av personane i tabellen som har medianinntekta. Hans har medianinntekta på kr. 570 000.
- Ligg inntekta til vedkommande under eller over gjennomsnittet av inntektene i denne tabellen? Hans sin inntekt ligg under gjennomsnittsinntekta på kr. 629 571.
- Hugs at låginntekt er definert som inntekt under 60 prosent av medianinntekta i befolkninga, og er justert for storleiken på hushaldet. For å gjere det enkelt seier vi at vi berre har hushald med éin person. Kva blir då låginntektsgrensa i kroner? Låginntekt er under 60 prosen av medianen, altså inntekt lågare enn 342 000 kroner.
- Kva personar i tabellen vil ha inntekt under grensa for låginntekt? Dei som hamnar under denne grensa er Oskar, Jakob, Nina og Jon.
- Og kor stor låginntektsandel blir dette? I prosent av 21 personar i denne tabellen er dette ein andel med låginntekt på 19 prosent.