- Lag ei prosentvis fordeling av tidsbruken for aldersgruppa 9–79 år og for den av aldersgruppene 9–15 år eller 16–24 år som du tilhøyrer per 2022, for det vi kallar aktivitet på overordna nivå i statistikkbanken. Du bruker tala i statistikkbanktabell 14320: Tid brukt til ulike aktiviteter en gjennomsnittsdag, etter kjønn og alder 1970–2022. Du kan velje å finne tala via denne ferdiglaga tabellen i statistikkbanken dersom du vil det. Tips: Hugs at tala er oppgjevne i timar og minutt. Altså betyr for eksempel 0,50 her 50 minutt, ikkje ein halv time (30 minutt). 2,30 er 2 timar og 30 minutt. Du må altså hugse å rekne tala om til minutt før du lager prosentfordelinga.
- Sjå på svara dine i 1. Beskriv med ord korleis tidsbruken til di aldersgruppe skil seg frå tidsbruken til aldersgruppa 9–79 år.
- Bruk tala i 1 for tidsbruken til den aldersgruppa du er i. Rekn ut forskjellen mellom tidsbruken til di gruppe og tidsbruken til 9–79-åringane i prosentpoeng. Tips: Prosentpoeng er differansen mellom to prosenttal.
Oppgåve D
Tidsbudsjettet for di aldersgruppe
Korleis er den prosentvise fordelinga av aktivitetar i gjennomsnitt for personar i den aldersgruppa du tilhøyrer? Og korleis er denne fordelinga samanlikna med alle personane i tidsbruksundersøkinga? Lær meir om dette.
Tekstar og oppgåver
Dei yngste, i alderen 9–15 år, bruker mest fritid på dataspel og gaming. Kva andre fritidsaktivitetar er på topp-plassane for dei yngste aldersgruppene i tidsbruksundersøkinga? Lær om dette ved å bruke teksten og løyse oppgåver.
Av alt vi bruker tid på i Noreg, kjem nattesøvn på førsteplass, arbeid som gjev oss inntekt på andreplass og fjernsynsjåing på tredjeplass. Men dette er for alle i alderen 9–79 år. Korleis bruker barn, ungdom og unge vaksne tida?
Finn svaret på kva ulike aldersgrupper bruker fritida si på, og rekn ut nokre forskjellar mellom aldersgruppene sin tidsbruk på fritid.
Rekn på forskjellane i tid som gutar/menn og jenter/kvinner i kvar av aldersgruppene 9–15 og 16–24 år bruker til gaming.
Lær meir om kva vi bruker tida vår på. Kva bruker vi for eksempel mest tid på, og kor mykje tid blir dette per år? Bruk visualiseringa og rekn ut svara.
Korleis er den prosentvise fordelinga av aktivitetar i gjennomsnitt for personar i den aldersgruppa du tilhøyrer? Og korleis er denne fordelinga samanlikna med alle personane i tidsbruksundersøkinga? Lær meir om dette.