Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Jamn prisauke på datakonsulenttenester
Prisane på datakonsulenttenester auka med 0,8 prosent i 3. kvartal i år. Auken på eitt år er på 3,7 prosent.
Prisane på datakonsulenttenester auka med 3,7 prosent frå 3. kvartal 2007 til 3. kvartal 2008. Det er ein svak nedgang frå 4,2 prosent auke på eitt år i det førre kvartalet. Frå 2. kvartal til 3. kvartal 2008 auka prisane med 0,8 prosent, mot 0,4 prosent førre kvartalet.
IT-arkitektar har størst prisauke
Prisane har auka mest frå det førre kvartalet for IT-arkitektar, med 3,2 prosent. Delindeksen for den same gruppa har auka mest også det siste året, med 6,6 prosent.
Enda ein gong har prisane auka mest for dei med lågast kompetansenivå. Dette gjeld samanlikna med same kvartal i fjor der auken er på heile 6,9 prosent. Prisane for dei med høgast kompetansenivå auka med berre 1,8 prosent i den same perioden. Også frå førre kvartal auka prisane mest for dei med lågast kompetanse, med 1,9 prosent mot berre 0,1 prosent for dei med høgast kompetanse.
Indeks |
Endring frå
3. kvartal 2007, prosent |
Endring frå
2. kvartal 2008, prosent |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3. kvartal 2007 | 4. kvartal 2007 | 1. kvartal 2008 | 2. kvartal 2008 | 3. kvartal 2008 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 107,7 | 108,0 | 110,4 | 110,8 | 111,7 | 3,7 | 0,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
It-arkitekt, systemdesignar | 109,5 | 110,3 | 114,0 | 113,1 | 116,7 | 6,6 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Programmerar, systemprogrammerar | 106,1 | 107,0 | 107,5 | 108,5 | 109,8 | 3,5 | 1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
It-prosjektleiar | 107,1 | 107,5 | 109,9 | 109,7 | 112,4 | 4,9 | 2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Rådgjevar | 110,5 | 110,0 | 113,8 | 114,6 | 115,3 | 4,3 | 0,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Systemteknisk konsulent | 107,3 | 106,2 | 109,3 | 110,8 | 111,9 | 4,3 | 1,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 1 | 110,8 | 111,3 | 116,0 | 116,2 | 118,4 | 6,9 | 1,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 2 | 107,2 | 107,7 | 108,2 | 110,1 | 110,4 | 3,0 | 0,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 3 | 107,6 | 106,7 | 110,2 | 109,8 | 111,1 | 3,3 | 1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 4 | 104,6 | 105,6 | 107,1 | 106,4 | 106,5 | 1,8 | 0,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Dei fire kompetansenivåa er definerte etter utdanning og lengd på arbeidserfaring. Nivå 1: Utdanning innanfor området og inntil eitt års erfaring. Nivå 2: Utdanning innanfor området og eitt til tre års erfaring. Nivå 3: Minst tre års utdanning og meir enn åtte års erfaring. Nivå 4: Ekspertkompetanse og minst sju til tolv års erfaring. For meir informasjon sjå i ” Om statistikken ”. |
Ny næringsstandardStatistikken for 1. kvartal 2009 skal publiserast etter ny næringsstandard (SN2007). Denne statistikken vil bli vidareført som prisindeks for datakonsulenttenester (ny næringskode 62). Utvikling av standard programvare vil då ikkje lenger inngå i denne indeksen. |
Statistikken publiseres nå sammen med Produsentprisindekser for tjenester.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42