Av den Biologisk behandling omfattar kompostering og biogassbehandling. gjekk 528 000 tonn til Biogassproduksjon er ein form for anaerob (utan tilgang på oksygen) nedbryting av biologisk avfall. Biogassen som oppstår består av 60 % metan og 40 % karbondioksid. og 218 000 tonn til Kompostering er ein form for aerob biologisk behandling, nedbryting av avfall ved hjelp av levande organismar, der nedbrytinga av avfallet skjer med tilgang på oksygen.

–  Det er spesielt matavfall frå hushalda og næringslivet, samt fiskeavfall og anna marint avfall, som bidreg til auken i avfall til biogassproduksjon. Vi forventar ei slik utvikling ettersom fleire kommunar legg til rette for utsortering av matavfall frå både hushalda og næringslivet, seier seniorrådgjevar Camilla Skjerpen

Om lag to tredelar av den biologiske behandlinga av avfall i Noreg er biogassproduksjon. Mengda som gjekk til biogassproduksjon har auka frå 471 000 tonn i 2023 til 528 000 tonn i 2024. Totalt blei 746 000 tonn biologisk avfall handtert ved norske biogass- og komposteringsanlegg.

Figur 1. Biologisk behandla avfall. 1 000 tonn

Denne statistikken tar berre for seg deponert, forbrent og biologisk behandla avfall. Materialgjenvinning er ikkje inkludert.

For dei fleste typane biologisk avfall som blir sende til biologisk behandling, er mengdene oppgjevne i våtvekt. Unntaket er avløpsslam (eiga kategori) og vassverksslam (under anna organisk), der mengdene blir oppgjevne i tørrvekt.

Det er større grad av uvisse knytt til tala for 2024. Hovudsakleg gjeld dette for forbrent avfall. Dette kjem av manglande rapportering for nokre anlegg der imputering har vore nytta.

Fortsatt nedgang i avfall

I 2024 blei det behandla 7,1 millionar tonn avfall ved norske avfallsanlegg. Dette er 100 000 tonn mindre enn året før, trass i ei auking i biologisk behandla avfall.

I overkant av 1,4 millionar tonn avfall blei forbrent ved norske avfallsforbrenningsanlegg, og over 4,9 millionar tonn blei lagt på deponi i 2024. Dette er ein nedgang i avfall som blir forbrent, og ein auke i avfall som blir deponert.

– I Noreg nyttar vi ein god del av avfallet. 80 prosent av det forbrente avfallet blir Brenning av avfall der energi blir utnytta, til dømes til fjernvarme. Om avfall erstattar anna brensel til bruk i produksjon eller oppvarming ved bedrifta, reknast det som energiutnytta., og biologisk avfall går til produksjon av biogass og jord, seier seniorrådgjevar Camilla Skjerpen

Figur 2. Avfallsbehandling i Norge fordelt på behandlingsmåtar. 1 000 tonn

Nedgang i deponert ordinært avfall

Totalt blei 4,9 millionar tonn avfall lagt på deponi i 2024, om lag 90 000 tonn meir enn året før. Litt over halvparten av avfall deponert i Noreg var lett forureina massar, medan dei resterande mengdene som blei deponerte, var Ordinært og farlig avfall som ikkje reknast som lett forureina massar .. Av desse 4,9 millionar tonn avfall blei 166 000 tonn brukt som fyll- og eller dekkmassar. Å bruke massar og avfall som fyll- eller dekkmasse er ei form for materialgjenvinning, fordi ein då slepp å utvinne nye materiale.

Mengda lett forureina massar som blei deponerte, har auka med 224 000 tonn – frå 2 236 000 tonn i 2023 til 2 460 000 tonn i 2024. Samtidig har mengda Omfattar all avfall som ikkje reknast som farleg avfall eller lett forureina avfall. som blei deponert, minka med 100 000 tonn frå 2023 til 2024.

Det blei deponert 1,4 millionar tonn ordinært avfall i 2024. Dette består for det meste av betong og tegl. Noko av dette er forureina med tungmetall, PCB eller andre helse- og miljøskadelege stoff. I tillegg består avfallet av forbrenningsrestar som slagg, støv, botnoske og flygeoske. Dei resterande mengdene som blei deponerte var 885 000 tonn farleg avfall.

Figur 3. Avfallstyper lagt på deponi. 1 000 tonn