Tal frå den kommunale KOSTRA-rapporteringa viser at det i 2022 blei tillate omdisponert 7 800 dekar jord til andre føremål enn landbruk, fordelt på 3 500 dekar Areal av fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. og 4 300 dekar Areal som ved oppdyrking kan setjast i slik stand at det vil oppfylle krava til lettbrukt eller mindre lettbrukt fulldyrka jord, og som oppfyller krava til klima og jordkvalitet for plantedyrking.. Av det tillate omdisponerte arealet blei 88 prosent regulert etter plan- og bygningslova, medan 12 prosent av arealet blei omdisponert etter jordlova. Areal omdisponert til skogplanting etter jordlova inngår ikkje i tala ovanfor, og i 2022 blei det omdisponert 140 dekar dyrka og dyrkbar jord til skogplanting etter jordlova. Det er omtrent det same som året før.

Figur 1. Tillate omdisponert dyrka og dyrkbar jord til andre føremål enn landbruk. Dekar. 2000- 2022

For 2005 er dyrkbart areal til spesialområde friluftsliv trekt frå.

Noreg har lite jordressursar samanlikna med mange andre land. Berre tre prosent av landarealet er dyrka jord, og berre ein tredjedel av dette arealet er eigna for å dyrke matkorn. Den aller beste jorda i Noreg ligg i stor grad nær byar og tettstader der det også er stort utbyggingspress. Sidan andre verdskrigen er det i Noreg omdisponert cirka 1,2 millionar dekar dyrka og dyrkbar jord. Ein stor del av den jorda har vore eigna til matkornproduksjon.

Det nasjonale jordvernmålet for åra 2004-2015 var at årleg omdisponering av dyrka jord skulle vere under 6 000 dekar. I 2013 blei dette målet nådd med omdisponering av 5 600 dekar dyrka jord, men auka igjen til 6 300 dekar både i 2015 og 2016. Jordvernmålet frå 2016 var å avgrense omdisponeringa til maksimalt 4 000 dekar per år innan 2020. Kvart år sidan 2016, med unnatak av 2020, har det blitt omdisponert mindre enn 4 000 dekar dyrka jord. I 2020 blei det omdisponert 4 600 dekar dyrka jord, medan det i 2021 og 2022 blei omdisponert høvesvis 3 000 og 3 500 dekar dyrka jord.

Stortinget vedtok i juni 2021 eit nytt nasjonalt jordvernsmål, som seier at årleg omdisponering av dyrka jord ikkje skal overstiga 3 000 dekar, og at målet skal vera nådd innan 2025. Det inneber at kommunane må føra ein streng jordvernspolitikk i arealforvaltninga si. Det er viktig at kommunane følgjer opp den nasjonale jordvernsstrategien, og at omsynet til utbygging av industri, infrastruktur og bustader blir godt balansert mot det langsiktige omsynet til matproduksjonen. Kommunane må bruka kunnskapen sin om lokale og regionale forhold til å prioritera og ta vare på jordvernet i arealplanlegginga, i tråd med politikken til regjeringa.

For omdisponering av dyrkbar jord viser tala store variasjonar frå år til år. Det registrerte arealet var nede i 2 200 dekar i 2000, men auka deretter til ein topp på 10 200 dekar i 2004. I 2022 blei 3 500 dekar dyrkbar jord omdisponert til andre føremål enn landbruk, 500 dekar meir enn i 2021.

Rogaland og Oslo og Viken toppa fylkesstatistikken med 700 dekar, etterfølgt av Innlandet og Trøndelag med 500. Kommunetala viser at Gjesdal (400 dekar), Drammen og lillehammer (200 dekar kvar) og Lindesnes (160 dekar) hadde mest omdisponering av dyrka jord til andre føremål enn jordbruk.

Figur 2. Tillate omdisponert dyrka jord til andre føremål enn landbruk, etter kommune. Dekar. 2022
Kilde: Kommunal forvaltning av landbruksarealer, Statistisk sentralbyrå

12 prosent mindre nydyrking i 2022 enn i 2021

Dei årlege tala for Fulldyrking og overflatedyrking av jord. Med fulldyrking meiner ein rydding og bryting til vanleg pløyedjupn, slik at arealet kan nyttast til åkervekstar eller til eng og beite som kan fornyast ved pløgsel. Med overflatedyrking meiner ein rydding og sletting av overflata, slik at maskinell hausting er mogleg. blir henta frå den kommunale KOSTRA-rapporteringa. Nydyrking blir i denne samanheng definert som godkjent areal til fulldyrking og overflatedyrking av jord. Rydding til innmarksbeite inngår ikkje i rapporteringa.

Frå 2002 til 2009 auka arealet godkjent til nydyrking frå 7 300 til 19 900 dekar. Arealet gjekk deretter ned til 13 400 dekar i 2012. Fram til 2020 auka arealet igjen, til 28 100 dekar. Frå 2020 til 2022 har godkjent nydyrka areal gått ned frå 21 600 dekar til 15 900 dekar.

Figur 3. Godkjent areal til nydyrking. Dekar. 2000-2022

Nydyrkinga skjer mellom anna i husdyrområde der krav om spreieareal for hus­dyrgjødsel er ei av drivkreftene for å leggje ny mark under plogen. Krav til beitetid og grovfôropptak på beite kan også bidra til behov for meir beiteareal. Storfe i båsfjøs skal sikrast moglegheit til fri bevegelse og mosjon på beite i minimum 12 eller 16 veker i løpet av sommar­halvåret. Frå 1. januar 2014 har det også vore krav om at storfe i lausdrift skal ha høve til mosjon og fri bevegelse ute på beite i minst 8 veker i sommarhalvåret.

Auka nydyrking skjer også på grunn av endringar i reglane for produksjonstilskot i jordbruket. Reglane som blei innførte i 2014 inneber at det blir gitt tilskot til alt jordbruksareal i drift.

Drenering er viktig

Godt drenert jordbruksareal er ein føresetnad for å auke produktiviteten og matproduksjonen. Det er anslått at meir enn halvparten av jordbruksarealet har behov for dreneringstiltak.  Klimaendringar med meir nedbør fører til meir vasshaldig jord. Grøfting av jordbruksareal er difor viktig for å drenere bort vatn for å få betre avlingar, mindre jordpakking, betre bereevne og for å redusere risikoen for erosjon. Opne grøfter er også viktige element i kulturlandskapet og er leveområde for mange dyr og planter. God drenert jord slepp ut mindre lystgass enn vasshaldig jord. Som regel blir alt nydyrka areal grøfta der det er behov for grøfting.

Nye tilskot til drenering frå 2013

Etter mange år utan tilskot, fastsette Landbruks- og matdepartementet ei ny forskrift om tilskot til drenering av jordbruksareal i 2013. Føremålet med forskrifta var å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksareal ved å gi tilskot til drenering av dårleg drenert jord med potensial for auka jordbruksproduksjon. Det var òg eit viktig mål å redusere risikoen for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. Forskrifta blei endra frå 2016 og omfattar no også planerte areal som ikkje tidlegare har vore grøfta. For anna areal gjeld framleis kravet om at arealet tidlegare skal vere grøfta. Det blir gitt tilskot til 5 ulike dreneringstiltak: Systematisk grøfting, profilering, omgraving, avskjeringsgrøfting og anna (usystematisk) grøfting.

Figur 4. Areal med innvilga tilskot til drenering. Dekar og meter. 2013-2022
Figur 4. Areal med innvigla tilskot til drenering 2013-2022. Les mer om innholdet i tekstbeskrivelse og kilde under figuren.

Figuren viser areal i dekar med innvilga tilskott til systematisk grøfting, profilering og omgraving, og meter med avskjeringsgrøfting og anna systematisk grøfting.

Frå og med 1. juli 2017 blei satsen sett opp frå 1 000 kroner til 2 000 kroner per dekar for systematisk grøfting, profilering og omgraving. Satsen for anna grøfting blei dobla til 30 kroner per meter grøft med avgrensing til 2 000 kroner per dekar.  Denne tilskotsauken førte til meir drenering og ein auke i søknadstala i 2017.  Areal med systematisk grøfting, profilering og omgraving auka frå 25 700 til 55 000 dekar frå 2016 til 2017, og areal med avskjeringsgrøfting og anna grøfting auka frå 489 000 til 725 000 meter. Etter 2017 har areal med systematisk grøfting, profilering og omgraving gått ned til 26 600 dekar i 2021, for så å auke til 28 400 dekar i 2022. Areal med avskjeringsgrøfting og anna grøfting har variert etter 2017 og var på det høgaste med 874 000 meter i 2020. I 2022 blei det gitt tilskot til 657 500 meter avskjeringsgrøft og anna grøfting. Desse tala gjeld areal det er søkt og innvilga tilskot til. Ein har ikkje tal for grøfta areal det ikkje er søkt og innvilga tilskot til.

Innvilga tilskot auka frå 33 til 115 millionar kroner frå 2016 til 2017, samstundes auka talet på tiltak frå 2 000 til 3 200. I 2022 blei det innvilga 89 millionar kroner til drenering, ein auke på 19 millionar frå året før.

Sidan 2005 har kommunane rapportert tillate omdisponering av dyrka og dyrkbar jord gjennom KOSTRA. KOSTRA er eit nasjonalt rapporteringssystem som gir informasjon om kommunal verksemd. Fram til 2005 blei kommune­tal for omdisponering samla inn av Landbruksdirektoratet via statsforvalterens landbruksavdeling. Frå og med 2005 er omdisponering av dyrka og dyrkbar jord rapportert gjennom KOSTRA.

Systematisk grøfting: Drenering med ein bestemt intensitet (avstand mellom grøftene) som dekkjer eit gitt areal, tilstrekkeleg til å sikre ein tilfredsstillande dreneringstilstand på arealet.

Profilering: Overflateforming der eit system av opne grøfter med møneforma teigar mellom, sikrar overflateavrenning på arealet.

Omgraving: Omsnuing av jordprofilet på myrareal, slik at torvjord blir lagd under og eit lag av undergrunnsjord blir lagd på toppen. Omgraving skal drenere arealet og betre bereevna.

Avskjeringsgrøfting: Grøfting som hindrar at vassig frå høgareliggjande areal kjem inn på jordbruksarealet.

Anna grøfting: Usystematisk eller tilfeldig grøfting/drenering for å tørrleggje mindre parti på jordet.