Generelle opplysningar om rapportering

Her gis ei rettleiing for korleis enkelte av oppføringane bør gå føre seg. Rettleiinga er tilpassa det elektroniske skjemaet. Det meste av informasjonen er å finne under -knappen i det elektroniske skjemaet. Skjemaet er programmert med automatiske kontrollar i tilknyting til manglande utfylling av felt og med sumkontrollar. Navigering mellom felta i skjemaet er enklast ved bruk av Tabtasten. I alle tilfella der vi ber dykk føre opp tal, skal 0 registrerast dersom det ikkje har vore nokon aktivitet eller der tal ikkje er tilgjengelege.

Ein skal ikkje rapportere all aktivitet i soknet, berre nokre sentrale delar av den aktiviteten som presten(-ane), soknerådet og dei tilsette har ansvar for. Aktivitetar som andre kristelege organisasjonar driv, uavhengig av soknerådet, skal ikkje vere med i dette skjemaet, med mindre aktiviteten/tiltaket blir drive i samarbeid med soknerådet og inngår i årsmeldinga til soknerådet. Dette gjeld særleg del 6 og 7 i skjemaet.

Skjemaet fokuserer på kyrkjeleg verksemd og aktivitet i soknet. Soknerådet er det ansvarlege organ for føringa av årsstatistikken. Soknerådet oppnemner ein kontaktperson som, i samarbeid med soknepresten i soknet, fyller inn opplysningar om året som har gått. Alle felt skal fyllast ut (skriv 0 dersom det ikkje er aktivitet på feltet).

1 Opplysningar om soknet

Kommunenummer, organisasjonsnummer, namn og adresseopplysningar er fylte ut på førehand og skal ikkje endras. Dersom det er feil i dei opplysningane som er fylte ut på førehand, ber vi om tilbakemelding om det. Opplysningar om namn og e-post på skjemaansvarleg samt telefonnummer skal vere for den som fyller ut skjemaet og/eller er kontaktpersonen for skjemaet.

2 Kyrkjelege handlingar 

For føring av dei kyrkjelege handlingane vil medlemsregisteret vere eit utgangspunkt for
grunnlagstal.

2.1 Kor mange blei konfirmerte i soknet?

Talet på konfirmantar som deltok i forbønshandling (konfirmasjon) innanfor soknet sine
grenser. Dette kan også gjelde konfirmantar frå andre sokn, som står til konfirmasjon i
soknet (registreringssoknet). 

2.2 Kor mange kyrkjelege vigslar blei utførte i soknet?

Her fører ein vigslar som er innførde i vigselboka i samsvar med retningslinjene for kyrkjebokføringa, jf. rundskriv V-5/2006. Det er alltid kyrkjebokføraren i det soknet der vigselen finn stad som registrerer vigselen i vigselboka og ser til at han blir registert i dei kyrkjelege registera.

Deltakartalet som ein spør etter, er deltakarar (brurefølgjet) som har vore til stades på vigselen. Dersom soknet ikkje har registrert tala, fører ein 0 eller gjev eit tal etter skjøn. Dersom det er tilfellet, ver så venleg å gjere merksam på tilhøvet i pkt. 11, merknader.

2.3 Kor mange forbønshandlingar for borgarlege giftarmål blei utførte i soknet?

2.4 Kor mange kyrkjelege gravferder (jordpåkastingar) blei forretta for befolkninga i soknet?

Hovudregelen er at gravferda blir registrert/kyrkjebokført i det soknet (a) der avdøde var busett og der presten i denne kyrkjelyden utfører handlinga, uavhengig av om handlinga finn stad i eiga kyrkje/kapell eller ein bruker ei kyrkje/kapell utanfor soknet. - Gravferder som går føre seg utanfor soknet.

Dersom gravferda går føre seg i ei kyrkje/krematorium (b) utanfor soknet a og har med prest frå soknet a, skal gravferda førast i sokn a. Dersom b blir nytta og prest frå sokn b har utført gravferdshandlinga, skal ho førast i sokn b. Med andre ord førast gravferda i det soknet der presten har hovudtenestestaden sin.

2.5 kor mange av gravferdene blei forretta i soknets kyrkje(r)?

Gjeld ikkje gravkapell o.l.

2.6 Deltakartalet som det blir spurt etter, er deltakarar som er til stades ved gravferda

Deltakartalet som blir etterspurt, er talet på deltakarar som er til stades ved gravferda. Gjeld også gravferder gjennomført i gravkapell o.l. 
Deltakere ved gravferder der kyrkje, gravkapell o.l. er lånt ut til gjennomføring andre gravferder enn dei som følgjer Den norske kyrkjas ordning for gravferd, blir ikkje rekna med her.

3 Gudstenester

Her fører ein totalt tal på gjennomførte gudstenester, også gudstenester på institusjon. Føljande er å rekne som gudsteneste utanom høgmesse/hovudgudsteneste;

  • morgonsong
  • aftansong
  • kveldsbøn
  • barnehagegudsteneste
  • aamtalegudsteneste
  • skulegudsteneste
  • vandregudsteneste
  • temagudsteneste
  • musikkgudsteneste
  • gudsteneste på leir som tilhøyrar soknet
  • Tidebønsgudstenester med liturgisk innhald
  • Dersom kyrkjelyden har eigne dåpsgudstenester tel ein desse som eigne gudstenester

Andakter skal ikkje vere med her. Andaktene skal registrerast på 6.D.6. Viss fleire sokn held felles gudsteneste, er hovudregelen at gudstenesta og deltakarane blir førte opp i det soknet der gudstenesta blei halden, men avhengig av kven som hadde ansvaret for gjennomføringa av gudstenesta. I pkt. 3.D fører ein opplysningar om opp felles gudstenester.

3.A Talet på gudstenester og deltakarar

3.A.1 Kor mange gudstenester blei totalt haldne på søn- og helgedagar?

I kyrkja, på institusjonar og andre stader. Ta med julaftan, 1. og 17. mai, påske, pinseog nyttårsaftan. Utanom hovudgudstenesta gjeld dette også alle andre gudstenester haldne
på søn- og helgedagar, for eksempel eigne dåpsgudstenester, kveldsgudstenester og
liknande.

3.A.2 Kor mange gudstenester blei totalt haldne utanom søn- og helgedagar?

Alle andre gudstenester enn i spørsmål 3.A.1. 

3.A.3 Totalt (sumfelt)

Automatisk sumering av 3.A.1, 3.A.2 . 

3.B Fordel totalt tal på gudstenester, etter kvar dei fann stad

3.B.1 .... kyrkja(ene) i soknet?

3.B.2 .... på institusjon i soknet?

3.B.3 .... på ein annan stad, verken i kyrkja(ene) i soknet eller på institusjon i soknet?

Til dømes leir, vandregudsteneste, friluftsgudsteneste, bygdehus og liknande.

3.B.4 Totalt tal gudstenester

Summen skal vere lik 3.A.3.

3.C Kor mange av desse typane gudstenester blei gjennomførte?

I det følgjande skal det førast opplysningar om nokre utvalde typar gudstenester. Skriv talet 0
dersom det er ein type gudsteneste soknet ikkje har.

3.C.1 Gudstenester med nattverd

Her fører ein alle gudstenester der det har vore gjennomført nattverd (utan omsyn til
type gudsteneste). Soknebod skal ikkje tas med her, men førast på pkt. 6.D.8.

3.C.2 Gudstenester med skriftemål

Her fører ein alle gudstenester der det har vore gjennomført skriftemål. Nokre av desse vil
òg vere nattverdsgudstenester og skal oppgis både her og i rubrikken over.

3.C.3 Hovudgudsteneste særlig tilrettelagd for barn og ungdom

Ikkje julaftan eller konfirmasjonsgudstenester

Her fører ein gudstenester som tidlegare blei ført under «Familie- og barnegudstenester», for eksempel gudstenester knytt til trusopplæringstiltak.

3.C.4 Gudstenester særlig tilrettelagd for barnehagebarn

3.C.5 Gudstenester særlig tilrettelagd for skolebarn?

Gjeld gudstenester for grunnskolen (barne- og ungdomsskole)

3.C.6 Gudstenester med dåp

Her reknast ordinære søndagsgudstenester med dåp samt eigne dåpsgudstenester, inkludert dåpsgudstenester som blir haldne på kvardagar. Gudstenester med både dåp og nattverd i same gudsteneste, skal tas med både her og under 3.C.1.

3.C.7 Konfirmasjonsgudstenester

Her reknast også gudstenester som er haldne på laurdagar.

3.C.8 Julaftansgudstenester

3.C.9 Gudstenester i påska

Alle gudstenester i påska, frå skjærtorsdag til og med 2. påskedag teljast med her. Også påskenattsgudsteneste.

3.C.10 Gudstenester Kristi himmelfartsdag

3.C.11 Gudstenester i pinsa

Alle gudstenester i pinsa, 1. og 2. pinsedag, samt eventuell pinseaftangudsteneste.

3.C.12 Gudstenester med samisk innslag

Her meiner ein gudstenester der heile eller delar av gudstenesta går føre seg på samisk. Dersom preika eller bøner blir omsett til samisk, ein syng salmar på samisk eller andre samiske innslag inngår i ei gudsteneste, skal også denne reknast med her.

3.C.13 Allehelgensgudstenester

Her meiner ein hovudgudstenesta halden på allehelgenssøndag, samt andre typar gudstenester på allehelgenssøndag eller i samband med allehelgenssøndag.

3.C.14 Økumeniske gudstenester

Her meiner ein gudstenester haldne saman med andre kristne trussamfunn.

3.C.15 Temagudstenester med fokus på miljø, internasjonal diakoni og/eller misjon

Her fører ein t.d. Skaperverkets dag, søndag for dei forfølgte, misjonsgudstenester og globale messer og gudstenester knytt til fasteaksjonen.

3.D Felles gudstenester

Blei det arrangert felles gudsteneste(r) med andre sokn?

4 Kontakt med barnehage og skole

4.A Besøk i kyrkja utanom gudsteneste

4.A.1 Av barnehage

4.A.2 Av skoleklasse

Gjeld både barne- og ungdomskole (grunnskolen)

I det første feltet, talet på besøk av barnehagar i kyrkja, fører ein kor mange gonger barnehagar har vore på besøk. Ikkje talet på besøkjande barn. I det andre feltet, talet på avdelingar – fører ein som eksempelet under viser:

Eks. 1 – Ein barnehage har vore på besøk 1 gong med 2 avdelingar: Tal på avdelingar = 1 x 2 = 2

Eks. 2 – barnehagar har vore på besøk i kyrkja 3 gonger. 2 gonger var det 3 avdelingar.

Da fører ein 2 x 3 = 6. Ein gong var det 2 avdelingar. Da fører ein 1 x 2 = 2 Totalt tal avdelingar: 6 + 2 = 8

Tilsvarande fører ein besøk av skoleklasser i kyrkja utanom gudstenester, pkt. 4.A.2: Tal på skoleklasser: Talet på besøk x talet på skoleklasser.

4.B Besøk av prest, kateket, trusopplærar eller annan kyrkjelydsarbeidar?

Særskilte møter med tilsette skal ikkje teljast med. Besøk i fleire avdelingar i same
barnehage på same dag, alternativt i fleire skoleklasser på same skule på same dag reknar
ein som eitt besøk.

4.B.1 I barnehage

4.B.2 I skoleklasse

Gjeld både barne- og ungdomskole (grunnskolen)

Her tel ein kor mange gonger presten/kateketen har vore på besøk i barnehage og/eller skule.

Eks. Har presten vore 2 gonger på besøk i barnehagen, og møtt 2 avdelingar kvar gong, tel ein 2 x 2 = 4 avdelingar. Tilsvarande for skoleklasser.

4.C Dreiv kyrkjelyden barnehage?

Dette gjeld barnehagar som Den norske kyrkja/kyrkjelyden eller soknerådet driv, eller der kyrkjelyden er inne som eigar, sitt i stiftinga og liknande, og som kyrkjelyden reknar som ”sin barnehage”.

Dersom kyrkjelyden driv open barnehage, fører ein talet på barn som barnehagen er godkjend for. Med open barnehage meiner ein: "Opne barnehagar har inga fast gruppe av barn, men tek imot barn saman med foreldra eller andre vaksne til leik og sosialt samvær."

5 Diakoni

5.1 Har kyrkjelyden vedteke lokal diakoniplan?

6 Ulike tilbod til barn og vaksne

I delane (6-9) skal ein føre opplysningar om verksemda som soknerådet, dei tilsette og/eller prestane har ansvaret for, og som inngår i soknerådets planar og rapportar. Dersom fleire sokn samarbeider om eit tiltak/tilbod, skal det førast i eitt sokn. Hovudregelen er at det skal førast i det soknet der aktiviteten fann stad.

I alle punkta i dette feltet er det førd opp ein eigen kolonne med ja/nei spørsmål i samband med eventuelt samarbeid om tiltak mellom sokn. I kvart av underfelta i pkt. 6 (6.A.3, 6.B.2, 6.C.4 og 6.D.19) er det eit eiga felt kor ein kan føre kva for sokn som samarbeider om eit tiltak (for å unngå dobbeltføringar i fleire sokn).

6.A Tilbod til barn 0-12 år

Her førast opplærings- og diakonale tilbod til ungdom i alderen 0-12 år. Ein person registrerast
kunn ein gong. Då oppmøtet kan variera frå gong til gong kan det førast ein anslag på kor mange barn (unike deltakarar) som nyttar tilbodet.

6.A.1 Arrangerte kyrkjelyden babysong eller småbarnsong for barn 0-5 år?

Med talet på tilbod meiner ein talet på økter/samlingar som er gjennomførte. Feltet inkluderer også trilletreff. I dette feltet tek ein med berre talet på barn. I dette feltet fører ein alle tiltak som omfattar babysong og som kyrkjelyden er engasjert i, inkludert tiltak som også blir rapportert til trusopplæringa.

6.A.2 Dreiv kyrkjelyden søndagsskole?

I dette feltet fører ein alle tiltak som omfattar søndagsskole og som kyrkjelyden er engasjert i, inkludert tiltak som blir rapportert til truosopplæringa.

6.A.3 I dette feltet er det mulig å spesifisere nærare fellestiltak.

For å unngå dobbeltrapportering av deltakarar i tilbod kor sokna samarbeider om fellestiltak, spesifiserer ein det i dette feltet korleis fellestiltaka er ført i skjema, til dømes i kva for sokn(skjema) deltakarane er ført i. 

6.B Tilbod til unge 13-17 år

Her fører ein opplærings- og diakonale tilbod til ungdom i alderen 13-17 år. Konfirmantar kan telles med dersom det ikkje er en del av den ordinære konfirmantundervisninga. Ein person registrerast berre ein gang. Sidan oppmøtet kan variere frå gong til gong kan ein gjeve eit anslag på kor mange unge (unike personar) som nytta seg av tilboda i løpet av året.

6.B.1 Dreiv kyrkjelyden leiarkurs og liknande for unge 13-17 år? 

Omfattar ulike typar leiartrening, hjelpe- og ungdomsleiarkurs, LIV-kurs, MILK-kurs,
inkludert leiarkurs som er rapportert i kyrkjelyden sin trusopplæringsplan.

6.B.2 I dette feltet er det mulig å spesifisere nærmare fellestiltak.

For å unngå dobbeltrapportering av deltakarar i tilbod kor sokna samarbeider om fellestiltak, spesifiser ein det i dette feltet korleis fellestiltaka er ført i skjema, til dømes i kva for sokn(skjema) deltakarane er ført i.

6.C Tilbod til unge vaksne 18-30 år

Opplæringstilbod og diakonale tilbod til unge i alderen 18-30 år.

Talet på deltakarar. Gi omtrentleg tal på personar som nytta tilbodet i løpet av året. Ein person skal registrerast berre ein gong. Sidan oppmøtet kan variere frå gong til gong kan ein gjeve eit anslag på kor mange unge (unike personar) som nytta seg av tilboda i løpet av året.

6.C.1 Hadde kyrkjelyden kontinuerlege tilbod for unge 18-30 år?

Spørsmålet gjeld tilbod retta mot unge vaksne som vert gjentatt med regelmessige samlingar, t.d. samtalegrupper, idrettsgrupper o.l.

6.C.2 Gjennomførte kyrkjelyden enkeltarrangement, leirar o.l. for unge 18-30 år

Spørsmålet gjeld tidsavgrensa tilbod for unge vaksne, som t.d. drettsarrangement.

6.C.3 Arrangerte kyrkjelyden leiarkurs o.l. for unge 18-30 år?

Omfattar ulike typar leiartrening.

6.C.4 I dette feltet er det mulig å spesifisere nærmare fellestiltak

For å unngå dobbeltrapportering av deltakarar i tilbod kor sokna samarbeider om fellestiltak, spesifiser ein det i dette feltet korleis fellestiltaka er ført i skjema, til dømes i kva for sokn(skjema) deltakarane er ført i.

6.D Ulike tilbod til vaksne

Talet på grupper/tilbod. Talet på personar som nytta tilboda? Gi omtrentleg tal på personar som nytta tilbodet i løpet av året. Ein person skal registrerast berre ein gong. Sidan oppmøtet kan variere frå gong til gong kan ein gjeve eit anslag på kor mange (unike personar) som nytta seg av tilboda i løpet av året.

6.D.1 Hadde kyrkjelyden tilbod om bibelgrupper, bibelringar, samtalegrupper eller husfellesskap?

6.D.2 Organiserte kyrkjelyden bibelkurs?

Her tel ein også med tilbod som kyrkjelydskole, serie med bibeltimar o.l.

6.D.3 Hadde kyrkjelyden andre opplæringstilbod?

Til dømes kyrkjelydskveld, samtalekveldar, kyrkjeforum, fellesskapskveld o.l. Resterande tilbod til vaksne føres i punkt 6.D.18.

6.D.4 Hadde kyrkjelyden tilbod om sorggrupper?

6.D.5 Hadde kyrkjelyden tilbod om eldretreff/-kveldar?

Her fører ein til dømes hyggekveldar og hyggetreff for eldre, eldres dag, formiddagstreff o.l. Spørsmålet gjeld dersom ein type tilbod er fast, til dømes ein gong i uka gjennom året. Reknast da som eitt tilbod.

6.D.6 Heldt soknet/kyrkjelyden andakter på institusjon eller aldersheim?

I ein andakt feirast ikkje nattverd. Jf. pkt. 3 gudstenester.

6.D.7 Hadde kyrkjelyden besøksteneste eller anna oppsøkjande verksemd?

Her fører ein besøk hos eldre, heime-, sjuke- og husbesøk, blomsterhelsing, utdeling av blomster til eldre og etterlatne. Besøkstenesta gjeld både dei besøk som tilsette (også prestar) og frivillige utfører. Besøk i institusjonar reknast også med.

6.D.8 Blei det utført soknebod i kyrkjelyden?

Her tel ein nattverd til sjuke og dei som er bundne til heimen, uført av prest eller diakon.

6.D.9 Blei det utført sjelesorgsamtaler i kyrkjelyden?

Her tel ein avtala sjelesorgsamtaler for vaksne, utført med vigsla tilsett. Ordinære sorgsamtalar regnast ikkje med her.

6.D.10 Blei det utført samtaler med ikkje vigsla tilsette?

Her blir samtalar talde med ikkje vigsla tilsette, t.d. kyrkjegardstilsette, diakonimedarbeidarar og kyrkjelydspedagogar. Gjeld fortrulege samtalar på tomannshand med sjelesørgjarisk karakter.

6.D.11 Blei det arrangert turar for kyrkjelyden?

Her fører ein til dømes kyrkjelyds-, pensjonist-, sommar- og haustturar, pilegrimsvandringar. Talet på turar.

6.D.12 Hadde kyrkjelyden tilbod i samanheng med integreringsarbeid retta mot innvandrar?

Integreringsarbeidet gjeld arbeid retta mot innvandrarar, til dømes asylsøkjarar og flyktningar. b) andre utsette grupper.

6.D.13 Hadde kyrkjelyden tilbod i samanheng med integreringsarbeid retta mot andre utsette grupper?

Integreringsarbeidet gjeld arbeid retta mot andre utsette grupper, til dømes rusavhengige eller innsette.

6.D.14 Hadde kyrkjelyden tilbod retta mot menneske med funksjonshemjing?

Her blir ført ulike tilbod retta mot menneske med utviklingshemming, t.d. tilrettelagde fellesskap som HEL-gudsteneste og tilrettelagd konfirmantundervisning. Universell utforming blir ikkje rekna med her.

6.D.15 Har kyrkjelyden tilbod om arbeidspraksis for menneske som står utanfor arbeidslivet?

Arbeidspraksis gjeld tilbod til vaksne som står utanfor arbeidslivet, t.d. på grunn av sjukdom, varig uførleik, avbrote studieløp eller manglande kompetanse. Her blir ikkje rekna tiltak som er utforma for å rekruttera unge som følgjer eit normert utdanningsforløp, til vigsla teneste, t.d. sommarjobb i kyrkja. Lærlingplassar blir heller ikkje rekna som arbeidspraksis her.

Dersom det er ukjent eller uklart om kyrkjelyden har tilbod om slik arbeidspraksis, bør fellesrådet/prost blir kontakta for avklaringar.

6.D.16 Har kyrkjelyden organiserte, faste middagsfellesskap?

Omfattar både enkeltståande middagsfellesskap og middagsfellesskap som blir arrangert i tilknyting til andre aktivitetar.

6.D.17 Er kyrkjelyden involvert som samarbeidspartnar i det psykososiale kriseteamet i kommunen eller annan kommunal psykososial beredskap?

Helsedirektoratet definerer psykososiale kriseteam som tverrfaglege samansette grupper som har ansvar for tidleg innsats ved psykososial oppfølging. Kommunen har ansvar for at det finst eit psykososialt kriseteam i kvar kommune.

Psykososiale tiltak er ei nemning på målretta tiltak som blir sette inn etter potensielt traumatiserande hendingar for å hjelpa enkeltpersonar og/eller grupper, eller der lokalsamfunnet er ramma.

Spørsmålet gjeld tilsette i kyrkjelyden. Dersom det er ukjent eller uklart om kyrkjelyden er involvert i slikt arbeid, bør fellesråd og prost blir kontakta for avklaringar.

6.D.18 Hadde kyrkjelyden andre sosiale og diakonale tilbod?

Til dømes kaffitreff, fellesskapskveldar, seniordans o.l.

6.D.19 I dette feltet er det mulig å spesifisere nærmare fellestiltak.

For å unngå dobbeltrapportering av deltakarar i tilbod kor sokna samarbeider om fellestiltak, spesifiser ein det i dette feltet korleis fellestiltaka er ført i skjema, til dømes i kva for sokn(skjema) deltakarane er ført i.

7 Kyrkjemusikk og kulturarbeid

7.1 Har kyrkjelyden vedteke lokal plan for kyrkjemusikk?

7.2 Hadde soknet fellestiltak med andre sokn innan kyrkjemusikk, kor og/eller kulturarbeid?

7.A Kor og korgrupper

Dersom fleire sokn har kor, korgrupper eller gjennomfører anna kulturarbeid saman, skal det førast i eitt sokn. Hovudregelen er at det skal førast i soknet der aktiviteten fann stad. Alle medverkande sokn fører opp felles verksemd under 11.A.1.

7.A.1 Kor for barn og unge – talet på kor/ korgrupper

7.A.2 Kor for vaksne/familiekor - talet på kor/ korgrupper

Her førast talet på kor og talet på medlemmar i kora. Talet medlemmar telles anten ved kor mange som betaler medlemskontingent eller går i koret noelunde fast.

7.B Konsertar, musikkandakter o.l.

7.B.1 Kor mange konsertar, musikkandakter og liknande blei haldne i regi av kyrkjelyden?

Musikkgudstenester skal ikkje førast her. Kulturarrangement tekne med under pkt. 7.C, førast heller ikkje her.

7.B.2 Kor mange konsertar, musikkandakter og liknande blei haldne i regi av andre? 

7.C Kor mange andre kulturarrangement blei haldne?

Kulturarrangement kan til dømes vere; foredrag, ulike markeringar av hendingar, teater, utstillingar lyrikkaftan og liknande. Konsertar skal ein føre på 7.B.

7.C.1 I regi av kyrkjelyden?

7.C.2 I regi av andre?

Gjeld ved utleige av kyrkja sine lokale

7.D Var det i statistikkåret tilbod om open kyrkje i soknet?

7.D.1 Open kyrkje – talet på dagar/kveldar opne i løpet av året?

Her meiner ein open kyrkje, også utan at det er noko slags aktivitet. Dersom fleire kyrkjer i soknet er opne, tel ein talet på dagar i året som soknet har tilbod om open kyrkje.

7.D.2 Pilegrimskyrkje

Her fører ein talet på dagar som kyrkja var open for reisande og pilegrimar i løpet av året. 

8 Frivillige medarbeidarar

8.A Kor mange frivillige medarbeidarar var total engasjerte i arbeidet i kyrkjelyden? (Ein person teljast ein gong i dette feltet)

Her skal ein ta med dei frivillige medarbeidarane (ta med personar som fylte 15 år i statistikkåret) som har vore engasjerte gjennom året, uavhengig av tidsrom eller mengd arbeid som er utført av dei frivillige. Her tel ein person ein gong (kor mange frivillige har kyrkjelyden til disposisjon totalt).

8.B Kor mange frivillige medarbeidarar (15 år eller eldre) var med i:

I desse felta skal ein ta med frivillige medarbeidarar (ta med personar som fylte 15 år i statistikkåret) som har vore engasjerte gjennom året, uavhengig av tidsrom eller mengd arbeid som er utført av dei frivillige. Ein og same person kan førast på fleire av aktivitetane, men blir tald berre ein gong innanfor kvart felt.

8.B.1 planlegging og gjennomføring av gudstenester?

Dette gjeld til dømes gudstenesteutval og gudstenestegrupper, samt medliturgar som tekstlesar, forbønsleiar, forsongarar, lokale/tilknytte kor, kyrkjevertar m.m.

8.B.2 ... barnearbeid i kyrkjelyden(0-12 år)?

Her tek ein også med frivillige som driv barnekor.

8.B.3 ... ungdomsarbeid i kyrkjelyden (13-25 år)?

8.B.4 ... Kyrkjelydens diakonale arbeidet?

8.B.5 … kultur- og konsertarrangementa til kyrkjelyden?

Dette gjelder frivillige medarbeidarar som var engasjert i samband med førebuing og gjennomføring av kultur- og konsertarrangement nemnd under pkt. 7.A, 7.B og 7.C.

8.B.6 Komité- og utvalsarbeid?

Alle medlemmer i komitear og utval tar ein med her, også soknerådet sine medlemmer.

8.B.7 Av desse medlemmer i soknerådet (medlemmer og vara medlemmer).

Medlemmer av kyrkjelyden som er med i komité- og utvalsarbeid kan ikkje være større enn 8.B.6 (totalt tal frivillige i komité- og utvalsarbeid).

8.B.8  Anna kyrkjelydsarbeid som ikkje er tatt med under pkt. 8.B.1-8.B.7

F.eks. bladbærarteneste, dugnads- og anna kyrkjelydsarbeid.

8.C Opplæring og samlingar

8.C.1 Gav kyrkjelyden tilbod om opplærings- eller motivasjonssamlingar for frivillige vaksne medarbeidarar?

8.C.2 Arrangerte kyrkjelyden fest for frivillige, medarbeidarfest o.l.?

9 Misjons-, vennskaps- og solidaritetsarbeid

I pkt. 9.1 og 9.2 er det alfabetisk liste over land. Skroll nedover med pil til aktuelt land.

9.1 Hadde kyrkjelyden ein (eller fleire) misjonsavtala(r)?

Ein avtale gjennom ein misjonsorganisasjon som inkluderer økonomisk støtte. Til dømes gjennom ein av SMM-organisasjonane (Samarbeid menighet og misjon).

9.2 Hadde kyrkjelyden ein (eller fleire) vennskapsrelasjon(er) til ein kyrkjelyd eller organisasjon i eit anna land?

Ikkje misjonsavtale, men gjensidig relasjon med f.eks. forbøn og jevnleg kontakt. Vennskaps kyrkjelydar førast her.

9.3 Hadde kyrkjelyden arrangement med miljø, internasjonal diakoni og/eller misjon som tema?

Her regner ein arrangement utanom gudstenester, slik som ope møte, kulturarrangement, foredrag, basar/loppemarknad og innsamlingar som fasteaksjonen

10 Ofringar, innsamlingar og gåver

Alle beløp skal ein føre opp i heile kroner. Det blir gitt feilmelding dersom beløpet i kolonne to er
større enn beløpet i kolonne ein.

10.1 Kor stort beløp blei samla inn ved offer/kollekt i kyrkja? 

10.2 Kor stort beløp blei samla inn via givartenesta i kyrkjelyden?

10.3 Kor stort beløp blei samla inn ved andre innsamlingar, ved gåver, basarar, messer og liknande?

Her fører ein andre gåver til kyrkjelydens arbeid (til dømes til barne- og ungdomsarbeidet, diakoni, misjon, kyrkjelydsbladet), gåver til inventar og utstyr til kyrkja/kyrkjelydshuset, innsamling til KNs fasteaksjon, samt andre innsamlingsaksjonar som til dømes loppemarknad, flaskeinnsamling, konsertar til inntekt for eit spesielt formål.

Offentlege tilskot frå kommunen, medlemskontingent, overskot av kafédrift, utleigeverksemd osv. skal ikkje med her.

11 Merknader

Her kan ein til dømes nemne/presisere forhold ved enkelte av felta dersom verdiane avvik vesentleg frå året før. Ein kan også nemne kva for felt/tal som gjeld for fleire sokn.

11.B Nettbaserte gudstenester

Dersom de har talet på gudstenester som vart strøymde ikkje rapportert andre stader og deltakarar på desse, kan de nytta 11.B.1 og 11.B.2 til rapportering av desse.

Gudstenester som vart gjennomførte fysisk og også strøymde, skal berre førast ein gong, og i det ordinære feltet for gudstenester. Talet som fysisk har møtt i kyrkja skal førast som deltakarar i tilknyting til det ordinære feltet (delkapittel 3.C) for å unngå brot mot tidlegare årgangar, og digitale deltakarar blir ført i 11.B.2.

Gudstenester som berre vart strøymde, skal berre førast i 11.B.1 og 11.B.2.

12 Kontroll mot fjorårstal

Dette feltet fyller seg ut automatisk og gjer det mogeleg å sjekke nokre tall mot fjorårstal.