Del 1. Opplysningar om kommunen

Kommunenummer

Feltet er obligatorisk.

Her skal ein registrera det firesifra kommunenummeret for gjeldande kommune.

Ansvarleg for innhaldet i skjemaet

Feltet er obligatorisk.

Her skal ein registrera fullt namn på personen som står ansvarleg for utfylling og innhald i skjemaet, og som er den som skal kontaktast dersom Statistisk sentralbyrå har spørsmål eller merknader til registreringa av skjemaet.

E-postadresse, skjemaansvarleg

Her skal ein registrera e-postadressa til personen som er ansvarleg for utfylling og innhald i skjemaet – helst same person som under Ansvarleg for innhaldet i skjemaet.

Telefon

Her skal ein registrera telefonnummeret til den personen som står ansvarleg for utfylling og innhald i skjemaet – helst same person som for dei to ovan ståande felta.

Del 2. Politisk plan mot vald i nære relasjonar

For spørsmål 2 skal kommunen gje opp om dei har ein gjeldande politisk vedteke plan for arbeid mot vald i nære relasjonar. 

For definisjon av vald, sjå:

https://www.nkvts.no/sites/komplan/Sider/default.aspx

For rettleiing til kva som vert meint med vald i nære relasjonar, sjå: https://www.nkvts.no/sites/komplan/Sider/default.aspx

Med politisk vedteke plan meiner vi ein plan som beskriv aktiviteter eller tiltak som skal verte gjennomført med føremål om å oppnå ei endring eller betring. Planen er gjeldande så lenge planperioden er beskrive i planen, og ikkje har utløpe innan gjeldande år for KOSTRA. Dersom planen ikkje har ein definert dato for utløp, skal dato for utløp vere tidspunktet som eventuelt er sett i planen for evaluering eller rullering.

Planen skal vere vedteke av den politiske leiinga på kommunalt nivå. 

Ein slik plan vert kjenneteikna ved at den inneheld konkrete aktivitetar (som tiltak), ein framdriftsplan og milepålar for arbeidet. Planen kan gå over fleire år. Slike planar vert stundom referert til som strategi eller handlingsplan. Jf. NKVTS si digitale rettleiing om utarbeiding av kommunale handlingsplanar:

https://www.nkvts.no/sites/komplan/Sider/default.aspx

Om kommunen har vedteke ein gjeldande politisk plan om valdsproblematikk, der nære relasjonar er ein del av denne planen, nyttast alternativ a) eller b). 

Føremålet med spørsmålet er å finne ut om kommunen har ein aktiv, politisk forankra plan for korleis dei skal arbeide mot vald i nære relasjonar. At ein kommune har ein gjeldande plan for arbeidet mot vald i nære relasjonar, indikerer ei prioritering av vald i nære relasjonar som innsatsområde, og ei forsterking av samordning og at ansvarsområda til kommunane sine verksemder er meir tydeleg avgrensa. På denne måta kan ein gjeldande politisk vedteke plan bidra til at kommunen gjev eit samla oppfølgingstilbod til valdsutsette, jf. § 1 og 4 i Krisesenterlova. 

 

Del 3. Koordineringsansvar knytt til arbeid mot vald i nære relasjonar

For spørsmål 3 skal kommunen svare på om dei har tilsette med koordineringsansvar for arbeidet mot vald i nære relasjonar. 

Om kommunen svarer ja på spørsmål 3, skal kommunen gje opp talet på årsverk for tilsette ein nyttar i samband med koordineringsansvaret karlegge

Med koordineringsansvar meiner vi ansvar for å ha ein samla og oppdatert oversikt over kven det er i kommunen som har ansvar for, samt utfører dei ulike funksjonane knytt til vald i nære relasjonar. Ansvaret kan innebere tilrettelegging av kommunikasjon og samarbeid mellom ulike verksemder i kommunen sitt arbeid mot vald i nære relasjonar, og ein overordna oppfølging av kommunen sitt arbeid med vald i nære relasjonar. 

Arbeidet mot vald i nære relasjonar kan inngå som ein del av eit større ansvar for kommunen sitt arbeid med valdsproblematikk. 

Føremålet med spørsmål 3 er å finne ut om kommunen har tilsette som har ansvar for å ha oversikt over kommunen sitt arbeid mot vald i nære relasjonar, jf. § 4 i Krisesenterlova, og som kan legge til rette for, samarbeid og samordning i kommunen sitt arbeid mot vald i nære relasjonar. 

Del 4. Samarbeid med kommunen sitt krisesentertilbod

For spørsmål 4, skal kommunen svare på kva for kommunale tenester dei har eit formalisert samarbeid med knytt til kommunen sitt krisesentertilbod om samla oppfølging av brukarane (jf. §§ 1 og 4 i krisesenterlova). Det gjeld anten senteret ligg i eigen kommune eller i ein annan.

Med formalisert samarbeid meiner vi skriftlege avtalar om samarbeid om samla oppfølging mellom dei aktuelle etatane og krisesentertilbodet. Avtalane kan ta form av konkrete samarbeidsavtalar, intensjonsavtalar, protokollar for samarbeid, tiltaksplanar der samarbeidet er nedfelt, og andre dokument der det vert lagt opp til eit samarbeid.

Det er mogeleg med fleire svar. Om kommunen har eit overordna formalisert samarbeid med krisesenteret som dekkjer fleire av eller alle dei nemnde tenestene, kan kommunen kryssa av for dei aktuelle tenestene i spørsmål 3. 

Om kommunen berre har uformelt samarbeid med krisesenteret, skal ein kryssa av for ingen formaliserte samarbeid

Føremålet med spørsmål 4 er å kartleggja kva kommunar som har formelt samarbeid mellom kommunens tenester og krisesentertilbodet. Det formelle samarbeidet vert sett i samanheng med ein samla oppfølging av brukarane, jf. §§ 1 og 4 i krisesenterlova.  

Del 5. Krisesentre

 Spørsmål 5 skal alle kommunar svare på. Tidsperioden det vert etterspurt data for, er kalenderåret for det året som det vert rapportert for.

  1. totale kostnader pr. 31.12: 

Kvar enkelt kommunes bidrag til drift av krisesentertilbod etter plikten som følgjer av krisesenterlova, uavhengig av om kommunen er vertskommune eller ikkje. (Dette krev at rekneskap er avslutta ved innsendingsfristen 15.februar). Kommunen sine utgifter til krisesentertilbod for menn skal også vere med. 

For vertskommunane sin del skal dei totale kostnader minus økonomisk bidrag frå andre kommunar vere rapportert her. 

Kommunen sine utgifter til incestsenter skal ikkje vere med. Også i dei tilfelle der krisesenter og incestsenter er i same institusjon, skal berre utgifter til krisesenterdelen vere rapporterte her.

  1. Er krisesentertilbudet for kvinner lokalisert i deres kommune per 31.12.? Ja/Nei

Hvis nei: i hvilken kommune…

  1. Er krisesentertilbudet for menn lokalisert i deres kommune per 31.12.? Ja/Nei

Hvis nei: i hvilken kommune…

Spørsmål b og c skal svarast på av alle kommunar. Føremålet med spørsmålet er å få fram kva kommunar som har krisesentertilbod for høvesvis kvinner og menn i eiga kommune og kva kommunar som har tilbod gjennom anna kommune. 

  1. Samarbeider kommunen med andre kommuner om krisesentertilbudet? Ja/ Nei

Gjennom spørsmål d) er det ønskjeleg å finna ut om kommunar samarbeider om krisesentertilbodet.

  1. System for internkontroll

Med «system for internkontroll» meiner vi at kommunene har etablert eit system for internkontroll i samsvar med krava til dette i kommunelova.