Formålet med skjemaet er å hente inn tenestedata om den delen av verksemda til fylkeskommunane innanfor kollektivtransport som har rett på tilskot. Det vil seie dei transporttenestene som fylkeskommunen kjøper og som erstattar fylkeskommunal tenesteproduksjon. Andre relevante opplysningar innan området blir henta inn frå administrative register og skjer difor utanom innsamlingsrutinane i KOSTRA.

Det skal fyllast ut eitt skjema per fylkeskommune. Fylkesnummer og -namn blir registrert automatisk i den elektroniske blanketten. Namnet og telefonnummeret til ho/han som har fylt ut skjemaet skal førast opp, samt e-postadressa dersom den er tilgjengeleg.

2.1.a.Før opp det samla talet på grunnskoleelevar som har rett på skyss for transportformene buss, fylkesvegferjer, båtruter, t-bane og trikk/bybane og transport for rørslehemma elevar. Ta også med talet på personar som har rett på skyss til ordninga med lukka skoletransport/tilleggsskyss.

2.1.b.Før opp det samla talet på elevar i vidaregåande skole som har rett på skyss for transportformene buss, fylkesvegferjer, båtruter, t-bane og trikk/bybane og transport for rørslehemma elevar i vidaregåande skole. Ta også med talet på personar som har rett på skyss til ordninga med lukka skoletransport/tilleggsskyss, og elevar som har ungdomskort (sjølv om kortet kan brukast på vanlege ruter utanom skoletida).

2.2.a.Også elevar som blir transporterte i følgje kommunale vedtak skal førast her.

2.2.c. Før opp brutto driftsutgifter ved lukka skoletransport/tilleggsskyss (utgifter til drosjetransport, direkte skyssgodtgjersle mv.). Også utgifter knytt til kommunale vedtak skal førast her. Før opp beløpet i heile 1 000 kroner ekskl. mva.

3.1.a. Før opp talet på påstigingar med tilskot for buss i alt, dvs. både ordinære og i skoletransport medrekna lukka transport. For fylkeskommunar som hentar opplysningar om elevpåstigingar frå elektroniske billetteringssystem, skal desse tala nyttast, korrigert for ev. manglande valideringar (t.d. at 6-åringar ikkje har fått tildelt kort, nedetid på elektronisk system osb.). Dersom tala ikkje vert henta frå elektroniske billettsystem, skal denne formelen nyttast: Talet på skoledagar (190) - forventa fråvær (10 dagar) multiplisert med 2 (tur/retur) multiplisert med talet på elevar med rett på skyss.

3.2.Rutekilometer er definert som sum kilometer køyrde i rute. For assistanse-/dubleringsbuss blir produksjonen i rute rekna frå den haldeplassen ein startar å køyre til den haldeplassen ein stopper.

3.3.Talet på påstigingar (passasjerar) multiplisert med gjennomsnittleg reiselengde.

3.4.Setekilometer er definert som summen av sitjeplassar multiplisert med rutekilometer per køyretøy. Det er talet på sitjeplassar som står i kjøretøyforskrifta/vognkortet som skal leggjast til grunn. Rutekilometer er sum kilometer køyrd i rute (jf. 3.2). Dersom den eksakte informasjonen manglar, så bruk eit gjennomsnitt.

4.1.Ei ferjestrekning er ei strekning mellom to ferjekaiar der det er lagt til rette for å reise med ferje. Eit ferjesamband kan ha to eller fleire stoppestader, oftast trafikkert med same fartøy.

4.2.Før opp talet for påstigingar med tilskot for fylkesvegferjer i alt (inkl. føraren av bilen), dvs. både ordinære og i skoletransport. For behandling av elevpåstigingar, sjå meir utfyllande informasjon under 3.1.a.

4.3.Utsegla distanse er definert som utsegla kilometer i rute.

4.4.Talet på påstigingar (passasjerar) multiplisert med gjennomsnittleg reiselengde.

4.5.a.PBE er ei måleeining som seier noko om kor stor plass og kor stor belasting det einskilde køyretøyet utgjer på ferja/ferjedekket. Omrekningsfaktoren for PBE baserer seg på køyretøylengde som følgjer:

Lengde på køyretøyet (ekvipasjen) i meterTalet på PBE
< 4,91,025
5,0-5,91,025
6,0-6,92,435
7,0-7,92,899
8,0-9,94,009
10,0-11,95,040
12,0-13,96,125
14,0-16,97,315
17,0-18,98,954
19,0-22,010,682
MC, mopped0

Kjelde: Statens vegvesen, Ferjestatistikk. 

4.6.Det skal rapporterast for kvardagar (måndag - fredag), og det er vintertilbodet som skal leggjast til grunn. Eit døgnope samband (24 t) er eit samband der det er maksimalt 2,5 t mellom to avgangar. Ver merksam på at summen her skal korrespondere med talet på strekningar oppgjeve under pkt. 4.1. ÅDT (årsdøgntrafikk) er gjennomsnittleg døgntrafikk i året, dvs. sum totaltrafikk gjennom året dividert med talet på dagar i året.

4.7.Bilar som ikkje kjem med ønskt avgang av totalt transporterte bilar i sambandet, målt samla heile året.

5.1.a. Før opp talet på påstigingar med båtruter med tilskot i alt, dvs. både ordinære og i skoletransport. For behandling av elevpåstigingar, sjå meir utfyllande informasjon under 3.1.a.

5.2.Utsegla distanse er definert som utsegla kilometer i rute.

5.3.Talet på påstigingar (passasjerar) multiplisert med gjennomsnittleg reiselengde.

5.4.Setekilometer er definert som summen av sitteplassar multiplisert med utsegla distanse (utsegla kilometer i rute). Dersom den eksakte informasjonen manglar, så bruk eit gjennomsnitt.

6.1.Før opp talet på påstigingar, dvs. talet på personar som har reist med transportordninga for funksjonshemma og andre rørslehemma (hovudsakleg eldre).

6.2.Før opp talet på brukarar av transportordninga for funksjonshemma og andre rørslehemma.

7.1.a.Før opp talet på påstigingar med t-bane og trikk/bybane i alt som får tilskot, dvs. både ordinære og i skoletransport. For behandling av elevpåstigingar, sjå meir utfyllande.

7.2.Banekilometer (rutekilometer) vert definert som køyrelengda for heile togeininga (her T-bane og trikk/bybane) når fleire vogner er hekta saman. Ta ikkje med køyring utanom fastsett rute, dvs. posisjonskøyring for at togeininga skal kome i ruteposisjon.

7.3.Talet på påstigingar (passasjerar) multiplisert med gjennomsnittleg reiselengde.

7.4.Setekilometer er definert som summen av sitteplassar multiplisert med rutekilometer. Dersom den eksakte informasjonen manglar, så bruk eit gjennomsnitt.

8.1.Før opp talet på km køyreveglengde opna for trafikk siste året. Talet skal fange opp endringar som skjer både etter gjennomføring av strekningsvise investeringstiltak og tiltak på veg som inngår i programområda. Både anlegg av ny veg og utbetringsanlegg skal takast med. Veglengde på strekningar med enkeltpunkt utbetringar som t.d. siktforbetring eller kurveutretting skal ikkje reknast med. Eksisterande veg som blir avløyst av ny veglinje reknast ikkje med, sjølv om den får ei miljøopprusting. Rampar og rundkøyringar skal ikkje vere med. For det enkelte prosjektet skal både hovudveglengder og eventuelle sidevegslengder reknast med. Veglengder som ligg på fylkesveg eller kommunal veg og inngår i eit riksvegprosjekt, skal ikkje inkluderast. For 4-felts veg må veglengda settast til ein gjennomsnittsverdi for lengda av køyrebanen i dei to køyreretningane. Gang- og sykkelveglengder inngår ikkje i måleindikatoren.

8.2.Talet på kilometer fast dekke lagt siste året skal gjevast opp i høve til strekningar som er dekkelagde. Lapping som berre er utført enkelte stader skal ikkje takast med. Sjå også detaljerte årlege lister på www.vegvesen.no over fylkesvegar som får høvesvis asfalt eller lapping utført berre enkelte stader. Her finst talet på km.

8.3.Dersom det er lengre strekningar med berre lapping av vegdekket, så skal det opplysast om talet kilometer det gjeld for. Sjå også detaljerte årlege lister på www.vegvesen.no over fylkesvegar som får høvesvis asfalt eller lapping utført berre enkelte stader. Her finst talet på km.

8.4.Som tilrettelegging for gåande og syklande skal reknast tradisjonelle gang- og sykkelvegar, sykkelveg med fortau, eigne tosidige sykkelfelt og gater med fartsgrense skilta med 30 km/t eller 40 km/t dersom dei er i samsvar med vedtatt hovudnett for sykkel. Fortau langs fylkesveg skal no reknast med. Gang- og sykkelvegar som unntaksvis blir brukte som bilveg til eit fåtal eigedomar, kan likevel også reknast med (jf. vegnormalene). Tosidige sykkelfelt skal rapporterast med 1 x veglengda. Kva som skal rapporterast: talet på km tilrettelagt som følgje av investeringstiltak.

8.5.Før opp talet på skredutsette punkt som vart utbetra siste året på fylkesvegnettet. Skredutsette punkt blir her rekna som ein stad der eit tiltak er nødvendig for å gje ein skredsikringseffekt.Eit tiltak kan i visse tilfelle føre til utbetring i fleire skredpunkt. I dei regionale skredsikringsplanane for riks- og fylkesvegar kan ein sjå kor desse punkta ligg. Data blir henta frå det enkelte prosjektet/tiltaket.

8.6.Før opp talet på km nyutbygd firefelts veg med fysisk skilte køyrebanar opna for trafikk siste året på fylkesvegnettet.

8.7.Før opp talet på km midtrekkverk som er ferdig bygd på eksisterande to- og trefelts fylkesvegar og antall km midtrekkverk på nye to- og trefelts fylkesvegar siste året.

8.8.Før opp talet på km forsterka midtoppmerking på fylkesveg etablert siste året. Forsterka midttoppmerking kan ha følgjande alternativ:

1. Oppmerka sperreområde: Profilert vegoppmerking og fresing i vegdekket (jf. dimensjoneringsklasse S4 i Håndbok N100) 

2. Midtmarkering: Midtkonsoll med markeringsskilt for å hindre forbikøyring

3. Rumleriller: Løysing der midtlinjeoppmerkinga enten er innafor eller i freste spor (rumleriller).

8.9.Før opp kor mange (konkret tall) haldeplassar for kollektivtransport på fylkesvegnettet som er oppgradert/ombygd til universell utforming siste år. Nye haldeplassar blir ikkje rekna med, da ein går ut frå at nye anlegg har universell utforming. Ein haldeplass blir definert til å vere ein stoppestad. For å definere ein haldeplass som universelt utforma, må krava til stoppunkt/haldeplass i Håndbok N100 vere oppfylt. Det gjeld hovudkrava knytt til:

  • Plattform (kantsteinhøgde 16-18 cm) og tilstrekkeleg fri breidde
  • Ved busslomme: Tilstrekkeleg lengde på inn-/utkøyring for bussen slik at den kjem inntil plattformkanten.
  • Taktil markering av stoppunkt.
  • Leskur (der det er behov, jf. Håndbok V123).
  • Opplysing av haldeplassen inkl. opplyst ruteinformasjon