Endringar for rapportering i 2027 (tal per 31.12.2026)
- Del 2 Opplysningar om institusjonen:
- Del 2.4 Private verksemder - ideell drift:
Nytt spørsmål: «Er drifta ved institusjonen omfatta av krav om ideell drift?», for verksemder med privat eigarskap.
- Del 2.4 Private verksemder - ideell drift:
- Del 3 Rom og plassar:
- Ny formulering som skal skape eit tydelegare skilje mellom rom/plassar som er i drift og rom/plassar som ikkje er i drift.
- Del 3.12 Plassar ikkje i drift - årsak:
Nytt spørsmål: «Ver vennleg og oppgi årsaka eller årsakene til at institusjonen har plassar som ikkje var i drift per 31.12»
- Del 4 Tilrettelagde plassar i sjukeheim:
- 4.1 Tilrettelagde langtidsplassar for personar med demens:
Tydelegare skilje mellom kva som skal rapporterast på demensplassar med og utan forsterka tilrettelegging. Det er i tillegg lagt til ein kontroll ved stor endring frå rapporteringa av demensplassar i fjor.
- 4.1 Tilrettelagde langtidsplassar for personar med demens:
Kva er ein helse- og omsorgsinstitusjon?
- Sjukeheim
- Aldersheim
- Barnebustad, inkludert avlastingsbustad
- Døgnplassar for augeblikkeleg hjelp/kommunal akutt døgneining (ØHD/KAD)
- Institusjon for personar med rusmiddelproblem/rusomsorgsinstitusjon
Eit kjenneteikn ved institusjonar er at brukarane vanlegvis betaler ein eigendel i samsvar med forskrift om eigendel for kommunale helse- og omsorgstenester, kapittel 1. Eigendelen dekkjer både tenestene og opphaldet ved institusjonen. Brukarar på langtidsopphald i institusjon betaler ein viss del av inntekta si i eigenbetaling, medan brukarar på tidsavgrensa opphald betaler per opphaldsdøgn. At brukarane betaler eigendel, skil institusjonane frå verksemder som tilbyr butilbod i heimetenesta, der brukarane sjølve leiger eller eig bueininga dei bur i når dei tek imot tenestene.
Kvar finn eg KOSTRA-skjema 5?
Du finn KOSTRA-skjema 5, og alle dei andre KOSTRA-skjemaa, i KOSTRAs skjemaportal. Gå fram slik:
- Logg inn med organisasjonsnummeret til kommunen eller føretaket og den 8-sifra PIN-koden som vart send via Altinn i byrjinga av desember.
- Etter å ha logga inn trykkjer du på fana «Mine skjema», «Nytt skjema» og vel «5 Helse- og omsorgsinstitusjon».
- Her finn du skjema 5 for alle helse- og omsorgsinstitusjonane til kommunen eller føretaket som er registrerte i Einingsregisteret.
Dersom du meiner at ei verksemd manglar i lista du får i SSBs KOSTRA-portal når du vel «Nytt skjema», kan det vere fleire årsaker til dette, til dømes at:
- verksemda er registrert med feil næringskode i Einingsregisteret
- verksemda ikkje er registrert som ei eiga verksemd (med eige organisasjonsnummer) i Einingsregisteret
- verksemda nyleg er oppretta
Ta kontakt med kommunal-helse-omsorg@ssb.no om du meiner ei verksemd manglar frå lista i KOSTRA-portalen, med organisasjonsnummeret til verksemda i den grad det er kjent. Dersom verksemda ikkje er registrert som ei eiga verksemd i Einingsregisteret, men burde vore det, ber vi om at de opprettar ei ny verksemd i samsvar med Reglar for registrering av kommunale tenester (PDF, ssb.no). Dokumentet er òg å finne i KOSTRA innrapporteringsportal.
Korleis fyller eg ut KOSTRA-skjema 5?
Skjemaet er delt opp i 7 spørsmålsgrupper. Nokre av felta er ferdigutfylte, baserte på utrekningar i skjemaet, tidlegare årgangar eller opplysningane om verksemda i Einingsregisteret.
Nummereringa nedanfor viser til spørsmålsgruppene i skjemaet.
2 Opplysningar om institusjonen
Dei førehandsutfylte opplysningane er baserte på førre innsending av KOSTRA-skjema 5 og Einingsregisteret i oktober.
Dersom namnet eller besøksadressa til verksemda er feil, kan du sende ein e-post til bof@ssb.no for å melde endring i Einingsregisteret. Du kan endre e-postadressa eller telefonnummeret til verksemda direkte i skjemaet.
2.2 Årsak, stansa som institusjon
Dersom verksemda er permanent stansa som institusjon, oppgi årsaka til dette. Dersom verksemda er i drift som ein annan type verksemd enn institusjon, skal du spesifisere aktiviteten til verksemda.
2.3 Kontroll mot Einingsregisteret
Statusen, næringskoden og sektoren til verksemda er henta frå Einingsregisteret i oktober. Dersom statusen eller sektoren er feil, ta kontakt med Einingsregisteret for å få retta opplysningane.
Næringskodane beskriv den viktigaste aktiviteten til ei verksemd, basert på kodeverket Standard for næringsgruppering (SN). I 2025 vart det innført ein revidert versjon, SN2025, som erstattar SN2007. I felta i skjemaet kan du føreslå nye næringskodar for verksemda.
2.4 Private verksemder – ideell drift
Spørsmålet er nytt frå og med 2026-årgangen og skal kartleggje om drifta ved institusjonen er omfatta av krav om ideell drift, fastsett i ein avtale med kommunen eller i vedtektene til føretaket som driv institusjonen. Du kan velje begge ja-alternativa dersom begge gjeld.
Med «ideell drift» meiner vi at eventuelt overskot frå drifta ved institusjonen skal brukast til eit ideelt formål og ikkje kan delast ut til eigarane.
3.2-3.8 Rom og plassar for institusjonstilboda
Tabellane i del 3.2-3.8 i skjemaet vil opne seg basert på kva du har kryssa av i del 3.1.
Her skal du rapportere inn talet på brukarretta rom og plassar i institusjonen per 31. desember i rapporteringsåret. Utilgjengelege plassar skal ikkje rapporterast. Dette gjeld til dømes plassar i rom som er under ombygging, eller som er i ein slik tilstand at dei ikkje er forsvarlege å ta i bruk.
I drift og ikkje i drift
Del 3.2 Sjukeheim og 3.3 Aldersheim skil mellom rom og plassar som er i drift, og rom og plassar som ikkje er i drift:
- I drift: Alle brukarretta rom og plassar som institusjonen hadde personell til å bemanne. Dette inkluderer både plassar som var i bruk, og plassar som stod ledige.
- Ikkje i drift: Brukarretta rom og plassar som institusjonen ikkje hadde personell til å bemanne, men som likevel er tilgjengelege i bygningane til institusjonen og kan takast i bruk ved behov.
Rom og plassar totalt er summen av rom og plassar i drift og rom og plassar ikkje i drift. Dette blir automatisk fylt ut i skjemaet. Utilgjengelege plassar skal ikkje inngå i denne summen.
3.12 Plassar ikkje i drift - årsak
Dersom du har rapportert at institusjonen har plassar som ikkje var i drift per 31.12., skal du oppgi årsaka eller årsakene til dette. Du kan setje fleire kryss. Skjemaet har òg svaralternativet «Veit ikkje / ønskjer ikkje å svare».
4 Tilrettelagde plassar i sjukeheim
Denne spørsmålsgruppa gjeld berre sjukeheim. Her skal du rapportere inn talet på rom og plassar i drift som er tilrettelagde med bygg, utstyr eller personell for bebuarar med særskilde behov. Du skal ikkje rapportere inn plassar utan spesiell tilrettelegging.
Talet på rom og plassar kan ikkje vere høgare enn det du rapporterte inn for sjukeheimsrom og -plassar i drift i del 3.2.
Spørsmålsgruppe 4 er delt inn i tre hovuddelar:
- 4.1-4.2: Tilrettelagde langtidsplassar for personar med demens
- 4.3-4.4: Tilrettelagde langtidsplassar for personar med andre særskilde behov
- 4.5-4.6: Tilrettelagde tidsavgrensa plassar
Demensplassar utan forsterka tilrettelegging omfattar plassar som er berekna på og tilrettelagde for personar med demens. Plassane er samla i oversiktlege og mindre einingar med fysisk utforming som gir høve til kognitiv støtte, struktur og aktivitet, men òg ro og skjerming. Bemanning og tenestetilbod er tilrettelagde for å møte behova til målgruppa.
Demensplassar med forsterka tilrettelegging er plassar i einingar som er særskilt tilrettelagde for personar som har alvorlege åtferdsmessige og/eller psykologiske symptom ved demens (APSD). I tillegg til tilrettelegginga som er omtalt i avsnittet over, har forsterka plassar for personar med demens tilgang til tilsette med spesialisert kompetanse om demens og APSD. Einingane er gjerne små, med auka personellressursar per bebuar og særleg individuelt tilpassa tiltak.
Vi presiserer at plassane skal vere berekna på (planlagde for og brukte av) målgruppa. Tilrettelegging åleine er ikkje tilstrekkeleg. Dersom plassane blir brukte fleksibelt av ulike målgrupper eller til ulike formål gjennom året, skal dei ikkje rapporterast her.
5 Sal av plassar
Del 5.1 viser plassar i drift frå spørsmålsgruppe 3.
I del 5.2 skal private verksemder fordele alle plassar i drift på kommunar/bydelar, med unntak av plassar som skal førast i del 5.3 som selde på privatmarknaden eller ikkje selde.
Kommunale verksemder skal i del 5.2 berre fordele plassar i drift som blir disponerte av andre kommunar eller bydelar.
6 Andre helse- og omsorgstenester i verksemda
Her skal du krysse av for om personalet ved institusjonen òg betener andre helse- og omsorgstenester. Du kan setje fleire kryss:
- Heimeteneste - omsorgsbustader/bufellesskap
- Ambulerande heimetenester
- Dagsenter/dagaktivitetstilbod
- Annan type verksemd. Gi nærare opplysningar i spesifikasjonsfeltet.