Formålet med skjemaet er å hente inn oppgåver om kommunal tenesteproduksjon innan området kommunale vegar og gater. Andre opplysningar som er relevante for å sjå nærare på området, blir henta inn frå andre kjelder og skjer utanom innsamlingsrutinane i KOSTRA. Den nasjonale vegdatabanken i Vegdirektoratet (NVDB) er t.d. ei viktig kjelde for opplysningar om vegnettet.

Det skal fyllast ut eitt skjema pr. kommune. Kommunenummer og kommunenamn er registrert i skjemaet. Før opp namn, telefonnummer og e- postadresse til den som har fylt ut skjemaet.

2.1. Før opp samla tilskot i heile 1 000 kroner som kommunen har ytt til private vegar som er køyrbare med personbil (jf. spm. 2.2). Ta med faste/årlege tilskott og eingangstilskott utbetalt i rapporteringsåret. Dersom kommunen sjølv står for vedlikehaldet, skal ikkje desse kostnadene takast med.

2.2. Før opp sum kilometer private vegstrekningar (ekskl. skogsbilvegar) som er køyrbare med personbil og som kommunen yter tilskot til. Ta med vegar som får faste/årlege tilskot og eingongstilskot som er utbetalt i rapporteringsåret.

2.3. Brutto driftsutgifter til gatelys kommunen betaler for langs kommunale vegar og gater. Dette vil mellom anna omfatte legging av kablar, oppsetjing av master og armaturar, inkl. materiell, rehabilitering og utskifting (utskifting av eksisterande luftstrekk til jordkablar, utskifting av master og armaturar, inkl. materiell og utbetring av skadar som trafikantar er årsak til), vedlikehald (vanleg vedlikehald i samsvar med avtale med energiverk, t.d. utskifting av enkeltlamper, sikringar, tidsur og fotocelle), nettleige (avtale med netteigar om å føre kraft frå produsent til gatelys) og kraft (kjøp av straum frå leverandør). Kostnadene skal førast eks. mva.

2.4. Før opp det totale talet på km kommunale vegar og gater med gatelys som er køyrbare med personbil.

2.5. Før opp det totale talet på lyspunkt langs kommunale vegar og gater som er køyrbare med personbil.

2.6. Før opp det totale talet på km tilrettelagt for syklande som kommunen har ansvaret for. Som tilrettelegging for syklande vert rekna sykkelvegar, kombinerte gang og sykkelvegar, eigne sykkelfelt og tiltak i gater med fartsgrense skilta 30 km/t eller 40 km/t som inngår i eit sykkelvegnett. Tosidige sykkelfelt skal rapporterast med 1 x veglengda. Fortau langs kommunal veg skal ikkje inngå.

2.8. Nye og oppgraderte kommunale vegar. Det skal berre rapporterast på km det året det er ferdig tilrettelagt, overteke av kommunen og opna for trafikk. For køyrevegar skilst det på nye vegar, oppgraderte vegar og veg som har fått nytt dekke. For anlegg for syklande skal alle tiltak rapporterast under eitt.

2.8. a. Før opp talet på km ny kommunal køyreveg som skjer etter gjennomføring av investeringstiltak i kommunal regi eller i regi av andre.

2.8.b. Før opp talet på km eksisterande veg som er oppgradert som følgje av investeringstiltak. Med oppgradering vert meint at den eksisterande vegen får ei standardheving.

2.8.c. Før opp talet på km eksisterande veg som har fått nytt fast dekke siste år. (Dekkelegging av nye/oppgraderte vegar jf. 2.8.a og b, skal ikkje takast med.) Talet skal berre omfatta heile strekningar og ikkje punktvis dekkelegging/lapping.

2.8.d. Før opp talet på km som er tilrettelagt siste år for syklande og som kommunen har ansvaret for. Som tilrettelegging for syklande vert rekna sykkelvegar, kombinerte gang og sykkelvegar, eigne sykkelfelt og tiltak i gater med fartsgrense skilta 30 km/t eller 40 km/t som inngår i eit sykkelvegnett. Tosidige sykkelfelt skal rapporterast med 1 x veglengda. Fortau langs kommunal veg skal ikkje inngå.

2.9. Før opp kor mange (konkret tal) haldeplassar for kollektivtransport på kommunevegnettet som er oppgradert/ombygd til/med universell utforming siste året. Nye haldeplassar blir ikkje rekna med, da ein går ut frå at nye anlegg får universell utforming. Ein haldeplass blir definert til å vere ein stoppestad. For å definere ein som universelt utforma, må krava til stoppunkt/haldeplass i Statens vegvesen håndbok N100 vere oppfylte. Dette gjeld hovudkrav knytt til:

      • Plattform (kantsteinhøgde 16-18 cm) og tilstrekkeleg fri breidde
      • Ved busslomme: Tilstrekkeleg lengd på inn/ut-køyring for bussen slik at den kjem inntil plattforkanten
      • Taktil markering av stoppunkt
      • Leskur (der det er behov, jf. Statens vegvesen håndbok V123)
      • Opplysing av haldeplass inkl. Opplyst ruteinformasjon

2.10.a. Før opp alle offentleg regulerte biloppstillingsplassar, både avgiftsbelagte og ikkje- avgiftsbelagte. Ta og med offentleg regulerte biloppstillingsplassar (både oppmerka og ikkje- oppmerka) ved barnehagar, skoler, kyrkjer, idrettsanlegg, institusjonar og liknande. Ta ikkje med biloppstillingsplassar for privat næring/arbeidsplassar, og som ikkje er offentleg regulerte. Dersom parkeringsarealet ikkje er oppmerka, kan talet på plassar bereknast ut frå at kvar plass krev 2,5*5m.

2.10.b. Før opp dei avgiftsbelagte, offentleg regulerte biloppstillingsplassane i kommunen, jf. 2.10.a.

2.11. Før opp talet på offentleg regulerte biloppstillingsplassar for rørslehemma (HC), som kommunen har ansvaret for.

2.12. Før opp det totale talet på gyldige parkeringsløyve for rørslehemma i kommunen i alt per 31.12., uavhengig av året løyvet vart utskrive. Dersom kommunen berre har oversikt over dei som er utskrivne det siste året, må det totale talet på gyldige løyve i kommunen bereknast.