Nytt i 2025-rapporteringa

  • Det er eit nytt spørsmål i del 4 om heimebesøk av helsesjukepleiar innan 10 dagar etter fødsel som første konsultasjon i helsestasjon for 0-5 åringar
  • I del 5 er det er ei kartlegging om frisklivs-, lærings- og meistringstilbod både i kommunar med og utan frisklivssentral
  • I del 7 er det et nytt overordna spørsmål om kommunen har knytt til seg psykologkompetanse, og nokre justeringar i svaralternativa for målgrupper

Oversikt over funksjonane personellet i skjema 1 skal fordelast på

Funksjonane i KOSTRA tar sikte på å fange opp bestemte aktivitetar eller tenester i kommunen, uavhengig av korleis kommunen har organisert dette arbeidet. I nokre kommunar kan ansvar for enkelte av dei tenestene som omfattast av skjema 1, vere lagt til andre etatar enn helse- og omsorgstenesta, som NAV og teknisk sektor. I så fall må også aktuelle data frå desse etatane trekkast med for å sikre at skjema 1 skal gi eit komplett bilete av kommunen si verksemd på feltet. Spesielt vil dette gjelde data om miljøretta helsevern. Sjå elles definisjonane nedanfor.

Om forholdet mellom rekneskapsføring av løn og føring av timeverk i skjema 1

I KOSTRA gjeld i fleire tilfelle strengare krav til fordeling av timeverk enn ved fordeling av løn, ikkje minst i skjema 1. Alle timeverk skal førast på rett funksjon i skjemaet. Når det gjeld fordeling av løn, blir det vist til Kommunal- og distriktsdepartementets retningsliner for rekneskapsrapportering (regjeringen.no). Denne forskjellen mellom føring av rekneskap og personell heng saman med at det så langt ikkje har vore mogleg å implementere KOSTRA-funksjonane fullt ut i kommunane sine løns- og personalsystem. 

Funksjonar dekka av den kommunale helse- og omsorgstenesta

KOSTRA-funksjonane er grunnlaget for å fordele timeverk knytt til tenester eller oppgåver som kvar enkelt tilsett faktisk ivaretek, uavhengig av rekneskapsplassering. Følgjande funksjonar utgjer KOSTRAs kontoplan for utgifter til den kommunale helse- og omsorgstenesta.

241: Diagnose, behandling, re-/habilitering

Timeverk til fengselshelseteneste og legevakt skal ikkje inkluderast i KOSTRA.

232: Førebygging, helsestasjons- og skulehelseteneste

Funksjonen omfattar all helsestasjonsteneste og all skulehelseteneste (grunn- og vidaregåande skule). Dette omfattar også foreldrerettleiingsgrupper, anna grupperetta helsestasjonsteneste, jordmorteneste, svangerskapskontroll og helsestasjon for ungdom.

233: Anna førebyggande helsearbeid

Miljøretta helsevern, bedriftshelseteneste og anna førebyggande arbeid etter helse- og omsorgstenestelova og folkehelselova. Døme er frisklivssentralar, reisevaksinering og flyktninghelseteneste. Smittevernberedskap og tiltak som t.d. smittesporing, testing og telefonteneste (t.d. i samband med korona).

Sosialt førebyggande arbeid skal ikkje bli registrert på skjema 1.

234: Aktiviserings- og servicetenester til eldre og personar med funksjonsnedsettingar mv.

Aktiviserings- og servicetenester til eldre, personar med funksjonsnedsettingar, psykiske lidingar, utviklingshemming, personar med rusproblem mv.

253: Helse- og omsorgstenester i institusjon

Her registrerer ein legar og fysioterapeutar si verksemd i institusjonar for helse- og omsorgstenester. (For det meste sjukeheim, men også nokre aldersheimar, barnebustadar mv.) Timeverk av resterande yrkesgrupper i den kommunale helse- og omsorgstenesta som yt tenester retta mot institusjonar, skal ikkje rapporterast i skjema 1. SSB hentar årsverkstal for desse yrkesgruppene frå a-ordninga.

Alle timeverk for legar og fysioterapeutar som er knytt til institusjonar for helse- og omsorgstenester, skal registrerast på denne funksjonen. Dette gjeld sjølv om desse arbeidsoppgåvene i natur kan høyre inn under dei andre funksjonane i skjema 1 (til dømes 241 diagnose, behandling og re-/habilitering).

256: Tilbod om augeblikkjeleg hjelp døgnopphald i kommunane (nokre stader kalla KAD.)

Dette gjeld både tilbod om augeblikkeleg hjelp døgnopphald i kommunane for somatikk (tredde i kraft frå 1.1.2016) og for rus og psykisk helsevern (frå 1.1.2017) iht. helse- og omsorgstenestelova § 3-5.

257: Heimetenester – personellbase knytt til bufellesskap/samlokaliserte omsorgsbustadar 

Helse- og omsorgstenester frå personellbase til brukarar i bufellesskap eller samlokaliserte omsorgsbustader, der personellbasen og omsorgsbustaden er lokalisert på same stad. Funksjonen kan omfatte følgjande heimetenester:

  1. Helsetenester i heimen, herunder sjukepleie (heimesjukepleie) og psykisk helse- og rusarbeid
  2. Praktisk bistand og opplæring
  3. Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
  4. Avlastning utanfor institusjon.

Sjå rettleiaren til kontoplanen i KOSTRA for nærmare presiseringar.

Eventuelle timeverk utført av lege og fysioterapeut på 257 skal førast på funksjon 241 i timeverksmatrisa under punkt 2-1 og 3-1 i skjemaet.

258: Heimetenester – ambulerande verksemd med meir  

Helse- og omsorgstenester til heimebuande brukarar, der tenesta blir gitt frå personellbase som ikkje er lokalisert på same stad som brukaren sin bustad.

Funksjonen kan omfatte følgjande heimetenester:

  1. Helsetenester i heimen, under her sjukepleie (heimesjukepleie) og psykisk helse- og rusarbeid
  2. Praktisk bistand og opplæring
  3. Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
  4. Avlastning utanfor institusjon
  5. Omsorgsstønad

Heimetenester frå ein personellbase som er oppretta for ein enkelt brukar (som er 18 år eller eldre). Se rettleiaren til kontoplanen i KOSTRA for nærmare presiseringar.

Eventuelle timeverk utført av lege og fysioterapeut på 258 skal førast på funksjon 241 i timeverksmatrisa under punkt 2-1 og 3-1 i skjemaet.

120: Administrasjon

Ved plassering av personell under denne funksjonen bruker ein definisjonen av administrative funksjonar som er etablert i KOSTRA. Til funksjon 120 skal det førast leiarressursar som etter KOSTRA er definert å vere administrative leiarar, og som leiar andre administrative leiarar. Funksjonen skal berre omfatte sektorleiing, altså leiing av fleire etatar, avdelingar, institusjonar bydelar osv. Eit døme på sektorleiing er kommunalsjef for helse/helsesjef inkludert kontorstaben til vedkomande.

Dette inneber at heile eller delar av årsverk som er knytt til administrering av tenestestad (t.d. eit legekontor) ikkje blir definert som administrasjon, men som ein del av den funksjonen som blir administrert (ved legekontoret altså funksjonen 241 «diagnose, behandling, re-/habilitering»).

Fagstillingar som utøver leiing i forhold til ein profesjon (som kommunelege I og sjefsfysioterapeut), skal plasserast under den aktuelle tenesteytande funksjonen og ikkje funksjon 120. Unntak kan bli gjort dersom vedkomande samtidig har eit overordna styringsansvar for større delar av tenesteapparatet, t.d. som helsesjef.

Viss ein person både utfører sektorleiing og tenesteyting, skal vedkomande sine timeverk fordelast mellom funksjon 120 og den/dei aktuelle tenestefunksjonane.

Definisjon av aktuelle yrkesgrupper

Yrkesgrupper: Det er utdanning som er kriteriet for klassifisering av tilsette.

Lege: Person med medisinsk embetseksamen og som har lisens eller autorisasjon frå Helsedirektoratet.

Næringsdrivande legar med fastlegeavtale: Sjølvstendig næringsdrivande lege som har avtale med ein kommune om å delta i fastlegeordninga. Omfattar også legar med kombinasjon av fastløna deltidsstilling og privat praksis under fastlegeordninga. Offentleg legearbeid som blir utført av næringsdrivande lege med fastlegeavtale på fast timebasis i f.eks. skole- og/eller helsestasjonstenesta, blir rekna som arbeid utført av næringsdrivande lege med fastlegeavtale. Ved suspensjon frå fastlegeordninga fører ein privatpraktiserande legar under denne kategorien.

Berekning av timar per veke for næringsdrivande fastlegar tar utgangspunkt i at ein full heimel blir rekna som 37,5 timer per veke.

Timer til offentleg legearbeid skal førast i henhald til avtalane som gjeld mellom kommunen og den enkelte lege på dei relevante funksjonane i KOSTRA skjema 1. Timeverk til kurativt arbeid blir ført på funksjon 241 Diagnose, behandling, re-/habilitering.

Døme: Ein lege som arbeider i full heimel og har avtale med kommunen om tilsyn ved sjukeheimen ein hel dag i veka skal førast på følgjande måte:

  • Ein dag i veka, 7,5 timer, skal førast under funksjon 253 Helse- og omsorgstenester i institusjon
  • De resterande 30 timane skal førast under funksjon 241 Diagnose, behandling, re-/habilitering
  • Totalt gir dette 37,5 timer i veka, altså en heil heimel

Dersom legen har avtale med kommunen om andre oppgåver enn tilsyn ved sjukehjem, t.d. helsestasjons- eller skulehelseteneste, skal dette førast på dei tilhøyrande funksjonane etter same prinsipp.

Eit kurativt årsverk for ein fastlege må ta utgangspunkt i opningstida på legekontoret i løpet av ei vanleg arbeidsveke. Når ein fastlege inngår individuell avtale med kommunen, skal samtidig opningstid og telefontilgjengelegheit fastsetjast i avtalen. Full tids kurativ verksemd inneber ei gjennomsnittlig opningstid på minst 28 timer per veke, 44 veker i året. Ei eventuell kommunal oppgåve som sjukeheim eller helsestasjon mfl. vil normalt ta frå fastlegen inntil ein arbeidsdag per veke frå den kurative praksisen. Dei timar/veke fastlegen utfører kommunale oppgåver skal førast opp under andre funksjonar i skjemaet (institusjonstenester, helsestasjon, mfl.). Etter prinsippet frå tidlegare registreringar om at overtid ikkje skal medreknast, inneber dette at ein kurativ fastlegepraksis aldri kan teljast å overstige 37,5 timar/veke.

I kommunar med mindre enn 5 000 innbyggjarar kan det bli gitt eit utjamningstilskot etter reglar spesifisert i "Forskrift av 29.08.2012 om fastlegeordning i kommunene". Ved berekning av storleiken på legen sin heimel oppjusterer i så fall kommunen timetalet i samsvar med utjamningstilskotet.

Kommunalt tilsett lege: Lege som er tilsett med avtale om fast løn i ein fastlegestilling, eventuelt i kombinasjon med ansvar for offentleg legearbeid som t.d. helsestasjons- og/eller skulehelseteneste. Inkluderer også kommune(over)lege. 

Lege i spesialisering (LIS1) (tidl. Turnuslege): Legar som har påbyrja spesialistutdanninga si og er tilsett i ei utdanningsstilling i den kommunale helse- og omsorgstenesta i første del av utdanninga. 

Leger utan avtale: Heilprivate legar (utan fastlegeavtale eller tilsetjing i kommunen). I skjema 1 er det berre timar som er avtalt med/finansiert av kommune/bydel som skal takast med.

Fysioterapeut: Ein person som har offentleg autorisasjon som fysioterapeut frå Helsedirektoratet.

Avtalefysioterapeut: Fysioterapeut som har driftsavtale med ein kommune. Synonym: Fysioterapeut med avtale om driftstilskot (med kommune).

Fastløna fysioterapeut: Fysioterapeut som er tilsett i ei kommunal stilling, i heiltid eller deltid.

Turnuskandidat/turnusfysioterapeut: Person med fysioterapiutdanning som avtener praktisk teneste i den kommunale helse- og omsorgstenesta for å oppnå rett til autorisasjon.

Helsesjukepleiar: Offentleg godkjent sjukepleiar med spesial­utdanning i helsefremjande og førebyggande arbeid retta mot barn, unge og deira familiar. (Tidlegare kalla helsesøster.)

Psykolog: Ein person som har gjennomført profesjonsstudiet i psykologi og har offentleg godkjent autorisasjon.

Jordmor: Offentleg godkjent sjukepleiar med toårig spesialisering i svangerskapsomsorg, fødselshjelp og kvinnehelse.

Generelt om utfyllinga av skjema 1

Den kommunale helse- og omsorgstenesta: Den delen av helse- og omsorgstenestene som kommunane har ansvaret for etter lov av 24.06.2011 nr. 30, om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. (helse- og omsorgstenesteloven). Den omfattar helsefremjande og førebyggande helsearbeid, diagnose og be­handling, habilitering/rehabilitering og helse- og omsorgstenester i institusjon eller i heimen.

Skjema 1 består av 7 delar:

  • Del 1. Generelle opplysningar om kommunen og utfyllar.
  • Del 2. Legar – Omfattar avtalte timeverk av legar, talet på legar og legevaktorganisering. Timeverk av legar i helsestasjons- og skulehelsetenesta skal førast på dette delskjemaet.
  • Del 3. Fysioterapeutar – Omfattar avtalte timeverk av fysioterapeutar samt spørsmål om talet på avtaleheimlar til fysioterapeutar. Timeverk av fysioterapeutar i helsestasjons- og skulehelsetenesta skal førast på dette delskjemaet. 
  • Del 4. Helsestasjons- og skulehelsetenesta – Omfattar spørsmål om organisering av jordmortenesta, aktivitet i helsestasjons- og skulehelsetenesta, samarbeid med andre aktørar og fordeling av årsverk innan tenesta.
  • Del 5. Anna førebyggande arbeid - Omfattar spørsmål om organisering av anna førebyggande arbeid og om førekomst av frisklivssentralar. I 2025-skjemaet er det også ei kartlegging av frisklivs-, lærings- og meistringstilbod både i kommunar med og utan frisklivssentral.
  • Del 6. Re-/habilitering og samhandling – Omfattar spørsmål rundt organisering av re-/habilitering og koordinerande eining.
  • Del 7. Psykologer i den kommunale helse- og omsorgstenesta – Omfattar spørsmål om psykologar er tilsett eller kjøpt, kva oppgåver og målgrupper arbeid til psykologane er retta mot. 

Del 2 og 3. Leger og fysioterapeutar

Talet på timar per veke: Det er avtalte timar og ikkje utførte timar som skal registrerast. Registreringa skal gjelde for ei representativ veke ved utgangen av året. Timetalet skal bli oppgitt med to desimalar. Overtid skal ikkje medreknast.

For registrering av talet på timar i veka utført av privatpraktiserande fastlegar, blir det vist til definisjon av næringsdrivande leger med fastlegeavtale under avsnittet "Definisjon av aktuelle yrkesgrupper".

Leger utan avtale: For registrering av talet på timar i veka utført av «Leger utan avtale», skal berre timeverk som er avtalt med/finansiert av kommunen/bydelen rapporterast. Timeverk av heilprivate legar som kommunane/bydelane ikkje finansierer, skal ekskluderast frå rapporteringa.

Engasjement/arbeidsmarknadstiltak: Legar og fysioterapeutar på engasjement eller arbeidsmarknadstiltak skal takast med.

Fråvere: 

  • Langtidsfråvere: Tilsette som har vore fråverande samanhengande i fire månader eller meir grunna permisjon/sjukdom, skal ikkje reknast med. I staden skal eventuelle vikarar som erstattar desse, takast med.  Vikarane blir registrert på grunnlag av eiga utdanning.
  • Korttidsfråvere: Tilsette med kortare fråvere enn fire månader skal reknas med. Eventuelle vikarar for desse skal ikkje registrerast.

2-2 Talet på legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta: Her skal ein telja talet på legar som har sitt virke i kommunen. Det er viktig at kvar enkelt lege berre blir tald ein gong. Legar i kombinasjonar av deltidsstillingar som til saman utgjer ei heltidsstilling, blir tald ein gong som fulltids sysselsett. Turnuslegar skal også teljast med her. Kommunalt tilsette fastlegar skal teljast med i lina for «talet på legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta med fastlegeavtale».

Anna: Ved interkommunalt samarbeid om t.d. legetenester, augeblikkeleg hjelp døgnopphald eller oppgåver innan miljøretta helsevern/anna førebyggande arbeid er det viktig at kvar kommune/bydel som deltek i slikt samarbeid, fører opp sin del av desse timeverka. Sjølv om tenesta er lokalisert i ein annan kommune, skal timeverka som er avtalt brukt på deira kommune sine innbyggjarar førast opp i matrisa.

Timeverk til legevakt og sosialt førebyggande arbeid skal ikkje registrerast.

Når det gjeld forholdet til kommunen sine helse- og omsorgstenester i institusjonar (funksjon 253), skal legar og fysioterapeutar sine timeverk i institusjonar for helse- og omsorgstenester registrerast særskilt. Resterande timeverk av legar/fysioterapeutar retta mot helse- og omsorgstenester i heimen skal førast på dei andre tilgjengelege funksjonane i skjema 1, vanlegvis under funksjon 241: Diagnose, behandling og re-/habilitering.

Frå 2021 av var det ei endring i inndelinga av deltidsheimlar i 3-2 Talet på avtaleheimlar (fysioterapeutar). Inndelingane av deltidsheimlar er f.o.m. 20 opp til 50 %, f.o.m. 50 opp til 100 % og 100 %. Tidlegare var inndelinga f.o.m. 20 opp til 40 %, f.o.m. 40 opp til 100 % og 100 %.

Det er lagt inn eit felt knytt til matrisene både for timeverk av leger og fysioterapeutar som viser verdien for timeverk i alt som kommunen rapporterte i førre årgangs skjema. Dette er for å hjelpe i rapporteringa av timeverk i alt for denne årgangen.

2.3 Organisering av legevakttenesta: Spørsmål om organisering av legevakt er endra f.o.m. 2023-årgangen. Nå blir det spurt etter kva organiseringsform(er) kommunen har for legevakt, og i kva tidsrom de(n) aktuelle organiseringsforma/organiseringsformene gjeld for.  

Spørsmål om organisering er utforma som ei matrise, med organiseringsformer i venstre kolonne, og tidsrom i øvste rad.

Det er følgjande alternative organiseringsformer for legevakt i matrisa:

  • A - Ein-kommune legevakt (inkludert også legevakt på dagtid, til dømes på eit fastlegekontor i eigen kommune)
  • B - Vertskommune for interkommunal legevakt. Inkluderer kommunar som drifter legevakta og sel tenesta til andre kommunar
  • B – Vertskommune for interkommunalt selskap (IKS)/interkommunalt AS
  • C – Deltakarkommune i samarbeid med vertskommune
  • C – Deltakarkommune i interkommunal legevakt som er organisert i fleire kommunar eller som går på omgang
  • C - Deltakarkommune i interkommunalt selskap/interkommunalt AS
  • D – Annet (til dømes kjøp av legevaktteneste drifta av private). Gjeld ikkje der legevakttenesta er ein del av ordinær fastlegepraksis blant sjølvstendig næringsdrivande fastlegar. 

De skal krysse av for alle tidsrom, både dag, kveld, natt og helg/helligdag.

Dersom de har legevakt på dagtid på eit fastlegekontor i eigen kommune skal de krysse av «A- en-kommunelegevakt» og «Dag».  

Dersom kommunen kjøper legevakttenesta frå ein annan kommune, og det ikkje er inngått et formelt interkommunalt samarbeid (som vertskommunesamarbeid, IKS eller legevakt på omgang), skal det også kryssast av for C – deltakarkommune i vertskommunesamarbeid. Omtal gjerne i kommentarfeltet at det er eit kjøp.

Dersom kommunen sel legevakttenesta til en annan kommune, og det ikkje er inngått et formelt interkommunalt samarbeid (som vertskommunesamarbeid, IKS eller legevakt på omgang), skal det kryssast av for B – vertskommune. Omtal gjerne i kommentarfeltet at det er eit sal.

Dersom de har satelittlegevakt, kryssar de av for passande alternativ under organiseringsformene for C – deltakarkommune.

Samlokalisering av legevakt og akuttmottak ved sjukehus reknast som Ein-kommunelegevakt (A) - så lenge kommunen ikkje betaler spesialisthelsetenesta/akuttmottaket for drifta av heile legevakttenesta, inkludert legane ved legevakta.

Nedst under spørsmål 2-3.1 er det eit kommentarfelt kor de kan gi utfyllande informasjon om legevaktorganiseringa i dykkar kommune.

2.3 Organisering av legevakttenesta omfattar ikkje overgrepsmottak der kommunen driftar dette på vegne av spesialisthelsetenesta. 

Det skal ikkje rapporterast for legevaktsentral i 2.3, berre legevakttenesta.

Spørsmål 2.3 Organisering av legevakttenesta skal ikkje svarast på av bydelane i Oslo.

3-1 Timeverk av fysioterapeutar

Sjølv om enkelte fysioterapeutar har 37,5 timars arbeidsveke, ønskjer me likevel at det skal rapporterast 36 timar, då dei totale timane blir omrekna til årsverk ved å dele på 36 timar.

Dersom kommunen/bydelen har timeverk av fysioterapeutar som høyrer til funksjon 257 eller 258, skal desse timane rapporterast saman med timeverka på funksjon 241, i kolonnen i matrisa som nå heiter "f241, inkl. 257 og 258".

Del 4. Helsestasjons- og skulehelsetenesta

4-1 Svangerskaps- og barselsomsorgstenester i kommunen 

I det første spørsmålet om kommunen har jordmor tilsett per 31.12. i rapporteringsåret, meiner ein her eit faktisk tilsetjingsforhold i eigen kommune. Det blir spurt vidare om kommunen/bydelen har inngått eit formalisert samarbeid med andre kommunar/bydelar om heile eller delar av jordmortenesta. Med formalisert samarbeid meiner ein at jordmortenesta i to eller fleire kommunar har avtale om samarbeid om heile eller delar av svangerskaps- og barselsomsorga. Sjølv om det er eit interkommunalt samarbeid, vil ofte jordmora vere tilsett i berre ein av dei samarbeidande kommunane. I praksis er det derfor å sjå på som kjøp/sal av jordmortenester, som anten kan vere lokalisert i eller utanfor kommunegrensene.

4-2 Aktivitet i helsestasjons- og skulehelsetenesta

Generelt gjelder det at for presisering av spørsmåla om aktivitet i helsestasjons- og skulehelsetenesta blir det vist til retningsliner for tenesta: Nasjonal fagleg retningsline for helsestasjons- og skulehelsetenesta (Helsedirektoratet.no). Enkelte sentrale omgrep og forhold er likevel tatt med i dette avsnittet.

Helsestasjon: Den delen av den kommunale helse- og omsorgstenesta som utøver planmessig helsefremjande og førebyggande hel­searbeid retta mot førskulebarn i følgje helse- og omsorgstenestelova. Kjernepersonellet er helse­sjukepleiar og lege, men også anna personell kan vere engasjert, som jordmor, fysioterapeut, psykolog, tannlege og sosionom.

Helseundersøking/ konsultasjon: Undersøking av enkeltindivid for ei generell vur­dering av risiko og helsetilstand basert på opplysnin­gar om livsstilsforhold, risikofaktorar, klinisk under­søking og prøver. Inkl.: generell helsekonsultasjon (fullstendig anamnese, klinisk undersøking og vanlege prøvar, t.d. barne­konsultasjon), målretta helsekonsultasjon (undersøking og prøvar vald ut ifrå individuell risiko mv.)

Svangerskaps­konsultasjon: Helsekonsultasjon som gravide får hos lege/jordmor på helsestasjonane i samband med eit svangerskap.

Anna: 

Spørsmålet om «Talet på heimebesøk utført av helsesjukepleiar innan 2 veker etter heimkomst frå føde/barselavdeling som første konsultasjon i helsestasjon 0-5 år» avvik noko frå Helsedirektoratets retningslinje som anbefaler innan 7-10 dagar etter heimkomst. Heimreisedagen skal teljast med som den første av dei 14 dagane. F.o.m. 2025-skjemaet er det også med eit nytt spørsmål: «Talet på heimebesøk av helsesjukepleiar innan 10 dagar etter fødsel, som første konsultasjon i helsestasjon 0-5 år».

Når det gjeld helseundersøkingar, er det talet på barn med fullførte undersøkingar som skal teljast, og ikkje talet på konsultasjonar.

Konsultasjonar/helseundersøkingar utført ved ulike alderstrinn skal berre teljast som ein per barn, sjølv om det t.d. har vore to separate konsultasjonar med helsesjukepleiar og lege.

Med «Talet på fullførte helseundersøkingar innan utgangen av 8. leveveke» siktar ein til dei såkalla 6-vekerskontrollane. Her skal barnet ha hatt konsultasjon med både lege og helsesjukepleiar for å kunne teljast med. Det same gjeld for 2-årskonsultasjonar og helseundersøking innan utgangen av 1. trinn grunnskule.

4-3 Helsestasjon for ungdom

Ved utfylling av spørsmål om kommunen har helsestasjon for ungdom, så finst det meir om innhaldet i tenesta i retningslina frå Helsedirektoratet (Helsedirektoratet.no).

4-5 Fordeling av årsverk ved Helsestasjons- og skulehelsetenesta

Føremålet er å få ei oversikt over korleis personellressursane målt i avtalte årsverk fordeler seg på dei ulike delane av helsestasjons- og skulehelsetenesta:

  • Svangerskaps- og barselsomsorg
  • Helsestasjon 0-5 år
  • Skulehelsetenesta barneskule
  • Skulehelsetenesta ungdomsskule
  • Skulehelsetenesta vidaregåande skule
  • Helsestasjon for ungdom
  • Resterande årsverk (her plasserer ein berre årsverk som er vanskeleg å plassere i dei andre kategoriane, men som inngår i det totale tilbodet i helsestasjons- og skulehelsetenesta. Merk at administrative årsverk skal ikkje plasserast her, men fordelast ut på dei aktuelle deltenestene.)

Først hentar ein automatisk avtalte timar for helsestasjonar og skulehelsetenesta (f232) rapportert av kommunen i timeverksmatrisene i skjema 1 både for legar (punkt 2-1) og fysioterapeutar (punkt 3-1). Dette blir så rekna om til årsverk (37,5 time blir rekna som eitt årsverk for legar og 36 timar for fysioterapeutar). Desse to tala blir så summert med avtalte årsverkstal som kommunen har rapportert inn til a-ordninga for det resterande personellet på næringa 86.903 Helsestasjons- og skulehelsetenesta. (Registertala frå A-ordninga er henta ut 3. veke i september i statistikkåret.).

Kommunen skal deretter rapportera talet på årsverk selt til andre kommunar sine helsestasjons- og skulehelsetenester og årsverk kjøpt til slike tenester for eigne innbyggjarar.

Sum talet på avtalte årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta retta mot eigne innbyggjarar, som då kjem opp automatisk, skal kommunen/bydelen fordela på dei ulike deltenestene. Dersom kommunen meiner at dei automatisk utfylte avtalte årsverka ikkje stemmer, fyller ein i staden ut det som ein meiner er det rette talet på avtalte årsverk ved utgangen av året. Grunngjev i så fall avviket mellom dei førehandsutfylte tala og tala som blir rapportert i skjema i kommentarfeltet, og undersøk med løn- og personalkontoret og rett opp eventuelle feil i det som kommunen har rapportert til A-ordninga.

Det er viktig å understreke at det er avtalte årsverk det blir spurt om, kommunane skal derfor ikkje korrigere for overtid, korte sjukefråvere o.l.

Følgjande avtalte årsverk skal inkluderast i rapporteringa:

  • Vikarar
  • Innleigd personell
  • Tilsette på prosjekt- og tilskotsmidlar
  • Merkantilt personell (t.d. helsesekretær), lokal administrasjon og leiarar

Følgjande avtalte årsverk skal ikkje inkluderast i rapporteringa:

  • Vakansar
  • Langtidssjukemelde
  • Permisjonar (permisjon over ein lengre tidsperiode)
  • Årsverk knytt til KOSTRA-funksjon 233 Anna førebyggjande arbeid, som t.d. vaksinering av og smittevern for vaksne, miljøretta helsevern, frisklivssentralar, reisevaksinering og helsetenester for flyktningar skal ikkje inkluderast. Dette gjeld òg viss desse tenestene er samlokaliserte med helsestasjons- og skulehelsetenesta.
  • Dersom flyktningbarn/unge/gravide går til helsestasjon og får oppfølging i tråd med anbefalt helsestasjonsprogram og gjeldande retningsliner, så skal årsverk til dette inkluderast.

Døme på andre tenester som heller ikkje skal rapporterast kan vera familiesenter, miljøarbeidarar, folkehelsekoordinator, kriseteam, psykososial teneste for barn og unge, smittevern for vaksne og reisevaksinering for barn og vaksne, ernæringsrådgiving, heimrettleiing, rusførebyggande arbeid, hørselstenester, ansvarsgrupper, følgje- og beredskapsteneste, tuberkuloseførebyggande arbeid, lågterskel helsetilbod, habilitering eller ergoterapi for barn.

Når det gjeld fråvere:

  • Langtidsfråvere: Tilsette som har vore fråverande samanhengande i fire månader eller meir pga. permisjon/ sjukdom, skal ikkje reknast med. I staden skal eventuelle vikarar som erstattar desse, bli tekne med. Vikarane vert registrerte på grunnlag av eigen utdanning.
  • Korttidsfråvere: Tilsette med kortare fråvere enn fire månader skal reknast med. Eventuelle vikarar for desse skal ikkje registrerast.

Ved interkommunalt samarbeid om tenesta skal ein vertskommune berre opplysa om den delen av tenesta som er retta mot eigne innbyggjarar. Resten skal bli oppgitt under sal av tenester, og tilsvarande kjøp av tenester retta mot eigne innbyggjarar for dei andre deltakande kommunane.

Andre presiseringar når det gjeld rapportering og fordeling av avtalte årsverk:

Dersom ein kommune (a) har elevar som går på vidaregåande skule i ein annan kommune (b) og brukar skulehelsetenesta/HFU der, og kommune (a) ikkje betalar kommune (b) for det, så skal dei ikkje rapportere årsverk på det. Viss kommune (a) kjøper tenesta frå kommune (b), så skal kommune (a) rapportere inn årsverka dei kjøper. Kommune (b) må trekkja tilsvarande i frå.

Merkantilt personell (som helsesekretær), lokal leiar  og administrasjon skal òg fordelast i høve til kor stor del av årsverka deira som blir brukt i dei ulike deltenestene. Dersom leiaren er tilsett i tenesta og ikkje har eit overordna ansvar også for andre tenester, skal leiarstillinga teljast med (jf. rekneskapsrettleiaren til KOSTRA).

Det er berre årsverk knytt til å følgje opp det arbeidet som er omfatta av helsestasjonsprogrammet/oppfølging av retningslinene som skal inngå. For meir om kva fagpersonell som skal inngå i helsestasjons- og skulehelsetenesta, sjå Helsedirektoratet sine retningsliner (Helsedirektoratet.no). 
 

Dersom barn/unge/gravide blir sende vidare til oppfølging i andre tenester som følgje av ein konsultasjon/time i helsestasjons- og skulehelsetenesta, så skal årsverk i oppfølginga ikkje rapporterast inn.

Del 5. Annet forebyggende arbeid

I 5-2-1 er det spørsmål om kommunens innbyggjarar har tilgang til frisklivssentral i eigen eller i ein annan kommune. Vidare blir det spurd om kommunen har eit samarbeid med andre kommunar om frisklivssentralen sitt tilbod. Ein blir også bedd om å liste opp alle samarbeidskommunar i kommentarfeltet, og eventuelt kort omtala samarbeidet. For meir om innhald i frisklivssentralar, sjå rettleiar: Veileder for kommunale frisklivssentraler – Etablering, organisering og tilbod. (Utgitt: februar 2011, oppdatert februar 2022. IS-1896, Helsedirektoratet). (Helsedirektoratet.no).

I årets skjema er det ei utvida kartlegging av frisklivs-, lærings- og meistringstilbod, som skal svarast på av alle kommunar. Kommunar som har eit tilbod om frisklivssentral til sine innbyggjarar, anten i eigen kommune eller i samarbeid med ein eller fleire andre kommunar, skal svare på ei kartlegging om frisklivssentralar for 2025. Kommunar der innbyggjarane er utan tilbod om frisklivssentral skal svare på spørsmål om dei har helsetenester som gir støtte til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar. I tillegg skal dei svare på kva kommunale helse- og omsorgstenester som gir desse tilboda.

Punkt 5-2-3 om utdanning/yrke og timeverk for personell knytt til frisklivssentralen gjeld berre tilsetteressursar ved frisklivssentralen i eigen kommune (skal ikkje fyllast ut om det utelukkande blir sendt deltakarar til frisklivssentralar i andre kommunar). Er harmonisert med kartlegginga som er gjort av lege- og fysioterapeutressursar tidlegare i skjema 1. Det er talet på timar per veke i ei representativ veke mot utgangen av året som skal registrerast. Det er grunn til å understreke at talet på timer per veke som blir rapportert i tilknyting til frisklivssentralar, er timar som allereie skal inngå i rapporteringa av talet på timar per veke for legar og fysioterapeutar under hhv. punkt 2 og 3 i skjema, funksjon 233.

Punkt 5-2-4 Talet på personar som har brukt tilbod ved frisklivssentralen i kommunen i 2025 (kvar person skal teljast ein gong): Her er det talet på personar som skal rapporterast. Det er altså ikkje en kartlegging av talet på tilvisingar, talet på deltakarar eller andre mål for aktivitet ved frisklivssentralen. Ein skal også oppgi kor mange av personane som er menn, og kor mange personar frå andre kommunar som har brukt tilbod ved dykkar frisklivssentral. Viss det deltek personar frå fleire kommunar, kan de eventuelt fordele/spesifisere dette i merknadsfeltet til slutt i kartlegginga.

Punkt 5-2-5. Kven har tilvist personar til frisklivssentralen? Med «private fysioterapeutar» meiner ein berre dei heilprivate fysioterapeutane (utan driftsavtale med kommunen). Fysioterapeutar med driftsavtale inngår i svaralternativet «Øvrige kommunale helse- og omsorgstenester?»

Punkt 5-2-6. Kva tilbod har frisklivssentralen?: Når ein kryssar av «Ja» for eit kurs, får ein opp spørsmål om talet på personar som har brukt tilbodet. Her skal ein fylle inn talet på personar som har delteke på tilbodet/kurset (viss ein person har delteke på same kurs fleire gonger, skal personen berre teljast ein gong). Personar frå andre kommunar skal også teljast med. Kommunar som utelukkande sender deltakarar til frisklivssentral i annan kommune skal svare "Nei" på de ulike tilboda.

Punkt 5-2-7. Frisklivssentralen samarbeider med: Kommunar som utelukkande har sendt deltakarar til frisklivssentralar i andre kommunar, skal svare "Nei" på dei ulike alternativa.

Punkt 5-2-9. Kva andre kommunale helse- og omsorgstenester gir tilbod om støtte til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar og kronisk sjukdom? Har kommunens resterande helse- og omsorgsteneste (utanom frisklivssentralen) andre tilbod som gir støtte til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar og kronisk sjukdom? I så fall, kryss av på kva tenester, og spesifiser tilbodet i punkt 5-2-10.

Viss ein har kryssa av Nei på spørsmål 5-2-1 om kommunens innbyggjarar har tilgang på helsetenesta frisklivssentral, hoppar ein rett til punkt 5-2-11 i skjemaet. (Kommunar der innbyggjarane ikkje har tilgang til frisklivssentral). Her blir det spurt om kommunen har helse- og omsorgstenester som gir tilbod om støtte til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar og kronisk sjukdom (anten individ- og /eller grupperetta)?  Her svarer ein Ja for alle slike tilbod som finst, og i spørsmål 5-2-12 svarer ein på kva kommunale helse- og omsorgstenester som gir desse tilboda.

Del 6. Re-/habilitering

Re-/habilitering: For meir informasjon om omgrepa i spørsmål om re-/habilitering (del 6, spørsmål 6-1), blir det vist til følgjande lov og forskrift om re-/habilitering og individuelle planar: Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator (lovdata.no).

Del 7. Psykologar i den kommunale helse- og omsorgstenesta

Denne delen av skjema omhandlar psykologkompetansen i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Frå 2020 tredde eit lovkrav i kraft om at kommunane skal ha knytt til seg psykologkompetanse som ein del av kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenester (Lov om kommunale helse- og omsorgstenester, § 3-2). Psykologar er i denne samanhengen psykologar med profesjonsutdanning eller spesialisering, og med godkjent autorisasjon i Norge.

Dei kommunale helse- og omsorgstenestene omfattar funksjonane:

  • 232 Førebygging, helsestasjons- og skulehelseteneste
  • 233 Anna førebyggande helsearbeid
  • 234 Aktiviserings- og servicetenester overfor eldre og personar med funksjonsnedsettingar
  • 241 Diagnose, behandling, re-/habilitering
  • 253 Helse- og omsorgstenester i institusjon
  • 256 Tilbod om augeblikkeleg hjelp døgnopphald i kommunane.
  • 257 Heimetenester – personellbase knytt til bufellesskap/samlokaliserte omsorgsbustader
  • 258 Heimetenester – ambulerande verksemd med meir

Psykologar tilsett i sosialsektoren, som t.d. PPT og barnevern er ikkje inkludert i denne samanhengen.

Det blir i denne delen av skjema først spurt om kommunen/bydelen har knytt til seg psykologkompetanse. (Nytt f.o.m. 2025.) Deretter blir det spurd om kommunen sjølv har tilsett psykolog(ar) som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta, eventuelt om det er utlyst psykologstillingar i løpet av året. Vidare blir det spurt om kommunen/bydelen har knytt til seg psykologkompetanse gjennom kjøp frå andre, t.d. andre kommunar eller frå private psykologtenester og spesialisthelsetenesta (inkluderer også kjøp av digitale psykologtenester).

Ved kjøp blir det også spurt om psykologkompetansen er lokalisert i eller utanfor kommunen. Kommunen skal svare JA på at de kjøper psykologkompetansen også dersom de samarbeider med andre kommunar om psykologkompetansen, der psykologen formelt sett er tilsett i ein annan kommune eller i eit IKS, og de betaler for tenesta.

Det blir også spurt om kommunen/bydelen har eit formalisert samarbeid med andre kommunar/bydelar om heile eller delar av psykologstillinga(ne). Med formalisert samarbeid meiner ein her at to eller fleire kommunar har avtale om samarbeid mellom psykologane om ein eller fleire av følgjande oppgåver: system- og samfunnsretta arbeid, rettleiing/fagstøtte til personell/tenester, helsefremjande og førebyggande arbeid og behandlings- og oppfølgingstilbod. Formalisert samarbeid kan inkludere delte stillingar, kjøp/sal, IKS mv. For å kunne krysse Ja på samarbeid, må det vere svart Ja på at kommunen har tilsett psykolog eller at kommunen kjøper psykologkompetanse.

Det blir vidare spurt om kva oppgåver arbeidet til psykologen/psykologane er retta inn mot. Oppgåvene det blir spurt om, samt døme på kva type arbeid som kan inngå under kvar av desse oppgåvene, er som følgjer:

System- og samfunnsretta arbeid:

  • planarbeid, tenesteutvikling
  • administrativt arbeid
  • deltaking i folkehelsearbeid, samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre tenester

Rettleiing/fagstøtte til personell/tenester i kommunen: 

  • rettleiing, konsultasjon
  • fagutvikling, undervisning og opplæring

Helsefremjande og førebyggande arbeid: 

  • opplysning, råd og rettleiing for å fremme helse og forebygge problem, sjukdom eller skade
  • fremje psykisk helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold retta inn mot ulike målgrupper og arenaar
  • førebygge og avdekke problem knytt til psykisk helse, rus, vald og overgrep

Behandlings- og oppfølgingstilbod: 

  • kartlegging, utreiing og diagnostisering
  • behandling for enkeltpersonar, par, familiar og grupper
  • deltaking i psykososial beredskap og oppfølging

Dersom kommunane har svara «ja» på at arbeidet til psykologen/psykologane omfattar «Helsefremjande og førebyggande arbeid» og/eller «Behandlings- og oppfølgingstilbod» blir det vidare spurt om kva målgrupper arbeidet til psykologen/psykologane var retta mot i rapporteringsåret.

Med «retta mot» meiner ein her at det var eit eksisterande tilbod til gruppa i fjor, anten det det blei nytta eller ikkje.

Målgruppene det blir spurt om, er som følgjer:

Etter alder:

  • Barn (0-12 år)
  • Ungdom (13-17 år)
  • Unge vaksne (18-24 år)
  • Vaksne (25-66 år)
  • Eldre (67 år og eldre)

Dersom tilbodet var ope for alle, kryss av for alle alternativa under alder.

Etter andre kjenneteikn:

  • Personar med psykiske helseproblem
  • Personar med rusmiddelproblem
  • Eldre og vaksne (25 år og over) med samtidige psykiske helse- og rusmiddelproblem
  • Unge under 25 år med samtidige psykiske helse- og rusmiddelproblem
  • Personar som har vore utsatt for vald og/eller overgrep
  • Andre (spesifiseringsfelt)

Det er mogleg å svare på fleire av alternativa under de to spørsmåla om målgrupper.

Dersom psykologens/psykologanes helsefremjande og førebyggande arbeid og/eller behandlings- og oppfølgingstilbod ikkje var retta direkte mot kommunens innbyggjarar i rapporteringsåret, er det eigne svaralternativ for dette under begge målgruppespørsmåla.