Frå 1. august 2024 trådde ny opplæringslov i kraft. Med den nye opplæringslova har opplæringa endra namn frå grunnskoleopplæring for vaksne til førebuande opplæring for vaksne (hkdir.no). Samtidig vart modulstrukturert opplæring innført for alle deltakarar. Førebuande opplæring for vaksne er eit kommunalt ansvar, gjerne organisert gjennom vaksenopplæringssentra. Dei fleste deltakarane i førebuande opplæring for vaksne skoleåret 2024/2025 fekk modulstrukturert opplæring etter ny opplæringslov. Modulane går frå ein til fire, og i tillegg er det ein grunnmodul med grunnleggjande lese- og skriveopplæring.
Skoleåret 2024/2025 fekk 8 546 personar førebuande opplæring for vaksne, noko som er 1 170 fleire enn skoleåret før. Dei fleste deltakarane var Personar som er fødde i utlandet av to utanlands fødde foreldre og fire utanlands fødde besteforeldre. med eit unntak på mindre enn ein prosent. Statistikken har dei siste åra vist at dei vanlegaste landbakgrunnane blant deltakarane har vore Syria, Somalia, Afghanistan, Kongo og Eritrea.
– Deltakarar med landbakgrunn frå Ukraina har tidlegare vore relativt få samanlikna med kor mange ukrainarar som er busette i Noreg dei siste åra. No ser vi derimot ei auke, seier seniorrådgivar Per Torstein Tuhus i Statistisk sentralbyrå.
Skoleåret 2022/2023 fekk 104 personar med landbakgrunn frå Ukraina førebuande opplæring for vaksne, og i skoleåret 2024/2025 har talet stege til 556 deltakarar. Likevel var det berre ein prosent av alle busette ukrainarar over 15 år som fekk førebuande opplæring for vaksne skoleåret 2024/2025.
- Framleis er Syria den klart vanlegaste landbakgrunnen blant deltakarane med ein del på 30 prosent av alle deltakarane. Deltakarar med førebuande opplæring frå Syria utgjer åtte prosent av alle innvandrarar over 15 år med syrisk landbakgrunn, seier Tuhus.
Samstundes var det færre deltakarar frå Somalia i skoleåret 2024/2025. Somalia var tidlegare den nest vanlegaste landbakgrunnen blant dei i førebuande opplæring for vaksne, men nedgangen i deltakarar gjer at Somalia i 2024/2025 var den fjerde vanlegaste landbakgrunnen. Tre prosent av alle innvandrarar over 15 år frå Somalia fekk førebuande opplæring for vaksne.
– Gruppa som i størst grad fekk førebuande opplæring for vaksne var deltakarar frå Kongo. Heile 13 prosent av alle innvandrarar over 15 år frå Kongo fekk førebuande opplæring for vaksne skoleåret 2024/2025, seier Tuhus.
Fleire mannlege deltakarar
Frå skoleåret 2022/2023 til skoleåret 2024/2025 er det og ei endring i kjønnssamansetninga blant deltakarar i førebuande opplæring for vaksne, der delen menn har auka frå 30 til 36 prosent.
– Blant deltakarar med landbakgrunn frå Ukraina er det no fleire menn enn kvinner som får førebuande opplæring for vaksne. Det same gjeld for dei med landbakgrunn frå Syria. For dei andre landbakgrunnane er det fleire kvinner enn menn blant deltakarane, seier Tuhus.
55 prosent av deltakarane i skoleåret 2024/2025 med landbakgrunn frå Ukraina var menn. Til samanlikning var delen menn blant deltakarar med landbakgrunn frå Somalia og Eritrea på høvesvis 17 og 27 prosent.
– 71 prosent av mannlege deltakarar med landbakgrunn frå Ukraina er mellom 16 og 29 år gamle. Blant kvinnene med same landbakgrunn er aldersforskjellane ikkje like store, seier Tuhus.
Også blant mannlege deltakarar med landbakgrunn frå Afghanistan og Somalia er unge menn under 30 år i klart flertall. På motsett side er det langt fleire kvinnelege deltakarar som er 30 år eller eldre med landbakgrunn frå Syria, Kongo, Somalia og Afghanistan.
Kortare butid enn tidlegare år
Oversikta over kor lenge deltakarane har budd i Noreg visar at gjennomsnittleg Viser butida i heile år frå første opphaldsdato i landet og fram til referansedato blant deltakarane har gått ned frå skoleåret 2022/2023 til skoleåret 2024/2025. 71 prosent av deltakarane hadde budd i Noreg i seks år eller kortare skoleåret 2024/2025. Samstundes har delen deltakarar som har budd i Noreg i meir enn 10 år gått ned.
– Det kan tyde på at opplæringa særleg er til nytte for dei som har komme til landet relativt nyleg og starta eit opplæringsløp, til dømes gjennom introduksjonsordninga, og treng førebuande opplæring for å kvalifisere seg til vidare utdanning eller arbeid, seier Tuhus.
Statistikk om introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar visar at Ukraina var den klart vanlegaste landbakgrunnen blant deltakarane i 2024. 24 178 personar med landbakgrunn frå Ukraina var deltakarar i introduksjonsordninga i 2024, mot 4 202 personar med landbakgrunn frå Syria, som sto for den nest største delen.
– Sjølv om delen deltakarar med landbakgrunn frå Ukraina i førebuande opplæring for vaksne aukar, er delen som tek førebuande opplæring framleis betydeleg lågare enn delen deltakarar i introduksjonsordninga, seier Tuhus.
Alderen til deltakarane heng saman med modulnivå
Etter at den førebuande opplæringa for vaksne blei modulstrukturert, kan ein og sjå fordelinga av deltakarane på dei ulike modulane. Modulane går frå ein til fire, og i tillegg er det ein grunnmodul med grunnleggjande lese- og skriveopplæring.
– Særleg alderen på deltakarene verkar å ha samanheng med modulen dei får opplæring i. Vi ser at dei eldste over 50 år er overrepresentert i grunnmodul og modul ein og underrepresentert i modul tre og fire samanlikna med yngre deltakarar, seier Tuhus.
Statistikken vil i åra framover følgje deltakarane i førebuande opplæring for vaksne frå dei startar, undervegs i den modulstrukturerte opplæringa og etter at dei er ferdige.
– På sikt vil vi kunne sjå kven som har progresjon og fullfører opplæringa, kven som tar vidare utdanning og ender opp i arbeid, og kva som kjenneteiknar dei som avbryt og ikkje held fram i utdanning, seier Tuhus.
