Tilleggsstipendet for nedsett funksjonsevne er tilgjengeleg for personar som har rett på basislån frå Lånekassen og som har ei funksjonsnedsetting som gjer at dei ikkje kan ha betalt arbeid ved sidan av studia. Rapporten viser at det har vore ei stor auke i talet på mottakarar av tilleggsstipendet for nedsett funksjonsevne i universitets- og høgskuleutdanning. Delen har auka frå omtrent ein prosent av studentane med kundeforhold i Lånekassen i studieåret 2013/2014, til nærare seks prosent i 2023/2024. Dei som mottok tilleggsstipendet for nedsett funksjonsevne var oftare kvinner, i ung alder, utan innvandringsbakgrunn og hadde foreldre med utdanning på universitets- og høgskulenivå.
Rett under halvparten av dei som mottok tilleggsstipendet for nedsett funksjonsevne, fekk dette frå det semesteret dei byrja i gradsutdanning i 2017/2018. Det vil seie at mange også fekk tilleggsstipendet for første gong etter kvart i utdanningsløpet, noko som kan skuldast både at ein har utvikla nedsett funksjonsevne over tid eller at ein ikkje var kjend med tilleggsstipendet ved studiestart. Det er også svært vanleg å ha opphald i mottak av nedsett funksjonsevne. Blant dei som fekk tilleggsstipendet frå oppstart i utdanninga, hadde halvparten eit opphald på minst eit semester utan tilleggsstipendet for nedsett funksjonsevne. Det er liknande fordeling blant dei som fekk tilleggsstipendet for første gong undervegs i utdanninga, der halvparten hadde eit opphald på minst eit semester etter første mottak av tilleggsstipend for nedsett funksjonsevne.
Det er også mogleg å få basislån og tilleggsstipend på sommaren grunna nedsett funksjonsevne, med grunngjeving at ein ikkje får eller kan ha jobb på sommaren. Desse kan anten få berre basislån, eller tilleggsstipendet i tillegg. Ein av fire av dei som fekk tilleggsstipend for nedsett funksjonsevne på hausten og våren mottok basislån i minst eitt sommarsemester grunna nedsett funksjonsevne. Det var eit større innslag av eldre studentar som mottok basislån på sommaren enn yngre studentar.
Av dei som mottok tilleggsstipend for nedsett funksjonsevne minst ein gong i studietida, fullførte nærare halvparten utdanninga på normert tid (47 prosent). Dette er 10 prosentpoeng lågare enn for studentar elles, altså dei som ikkje fekk tilleggsstipend for nedsett funksjonsevne i studietida. Ein større del av dei som mottok tilleggsstipend for nedsett funksjonsevne trong fleire år på å fullføre. Det var lågare gjennomføring blant dei som fekk tilleggsstipendet i periodar samanlikna med dei som fekk tilleggsstipendet i heile studieperioden. Studentane som fekk basislån grunna nedsett funksjonsevne på sommaren hadde klart lågast gjennomføring på normert tid av alle undergrupper, noko som kan skuldast at desse har ei funksjonsnedsetting som hindrar dei i å jobbe også i friperiodar utanfor haust- og vårsemesteret.
Det er markante skilnadar i sysselsetjingsgrad etter fullført utdanning mellom studentane, der sysselsetjinga er gjennomgåande lågare blant dei som i løpet av studieperioden mottok tilleggsstipend for nedsett funksjonsevne. Lågast del sysselsette etter fullføring på normert tid finn vi blant dei som fekk tilleggsstipendet i periodar og dei som fekk basislån grunna nedsett funksjonsevne på sommaren. Når ein først er sysselsett, er det små skilnadar i heiltids- og deltidsarbeid mellom dei som fekk tilleggsstipendet for nedsett funksjonsevne i heile perioden og studentar elles.
Rapporten er finansiert av Kunnskapsdepartementet.