13632_om_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpp/aar
13632_om
statistikk
2002-12-19T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
true

Personell i sosialtenesta (opphørt)2001

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Personell i sosialtenesta (opphørt)
Emne: Sosiale forhold og kriminalitet

Ansvarleg seksjon

Seksjon for inntekts- og levekårsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Utdanning

Statistikken har følgjande utdanningskategoriar: sosionomar, barnevernspedagogar, vernepleiarar, anna 3-årig høgskule-/universitetsutdanning, kontor-/merkantilutdanning, anna utdanning/ufaglært.

Tilleggsutdanning

Personar med tilleggsutdanning innan psykiatri/psykisk helsevern samt tilleggsutdanning innan rusomsorg opplysas her. Det som her ettersperres er kor mange av dei tilsette innafor sosialtenesta, registrert under utdanning som har den aktuelle tilleggsutdanning.

Stønadssatsar

Her registrerer ein dei økonomiske satsane ein legg til grunn når ein skal rekna ut den økonomske stønaden, kva for utgifter som inngår i dei ulike stønadssatsane og kva for ytingar som reduserer utmålinga av den økonomiske stønaden.

Standard klassifikasjonar

I KOSTRA publiseringa er dei 435 kommunane gruppert i 16 gruppe, etter folkemengde og økonomiske rammebetingelser. Grupperinga er basert på Langørgen, A., R. Aaberge og E.R. Åserud (2001): Gruppering av kommunar etter folkemengde og økonomiske rammebetingelser 1998. Rapporter 2001/35, Statistisk sentralbyrå.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Tal på nasjonalt, fylkes- og kommunenivå

  • _Bydel (for Oslo og Bergen, med gjennomsnittstal for kvar by og for Oslo og Bergen samla)
  • _Kommune (for alle kommunar, med gjennomsnittstal for kommunegrupper, fylker og landet utanom Oslo)
  • _Fylkeskommunar (for alle fylkeskommunar, med gjennomsnittstal for regionar og landet utanom Oslo)

Kor ofte og aktualitet

Ureviderte tal publiseras 15. mars kvart år - KOSTRA.

Oppretta tal publiseras 15. juni kvart år - KOSTRA.

Den endelige statistikken kjem ut ein gong for året.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Statistisk sentralbyrå har årgangsfiler og filforklaringar.

Annan dokumentasjon

For meir informasjon om KOSTRA sjå om statistikken for KOSTRA som ligg på KOSTRA sine Internettsider http://www.ssb.no/kostra/ .

Bakgrunn

Føremål og historie

Målet med statistikken har vore å laga ein oversikt over personellinnsatsen i den kommunale sosialtenesta med opplysningar om tilsette si stillingsomfang og utdanning. Det har òg vore eit mål å laga ein oversikt over dei kommunale stønadssatsane.

I 1992 blei det for fyrste gong henta inn opplysningar om sosialkontora sine stønadssatsar eller normer for sosialhjelp, og om organiseringa av sosialtenesta og samarbeid med andre instansar. Det blei òg henta inn opplysningar om tilsette og stillingar. Statistikken over tilsette i sosialtenesta byggjer på opplysningar samla inn gjennom årsmeldingsskjema frå kommunane. Frå og med 1992 blei statistikken endra, slik at sosialtenesta og barneverntenesta no blir handsama som to separate tenester sjølv om dei i mange kommunar er organisert innanfor eit og same kontor.

Etter at sosialhjelpsstatistikken blei ein del av KOSTRA er årsmeldingsskjemaet for tenesta splitta, slik at sosialkontora i dag fyller ut eit skjema med opplysningar om dei tilsette. Her fordelast stillingane etter utdannings og funksjonar. I skjemaet for stønadssatsane blir det no henta inn opplysningar om kva for veiledande satsar kommunen legg til grunn for sien satsar samt kva utgiftar som inngår eller hels utanføre ved utmåling.

Brukarar og bruksområde

Brukarane er Sosial- og helsedepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, fylka og kommunar, granskings- og utgreiingsmiljø, media og studentar innan helse- og sosialfag. Statistikken blir òg brukt i offentleg planlegging, gransking, utdanning og offentleg debatt. KOSTRA er og meint å skulle gi styringsinformasjon om kommunar og fylkeskommunar, til bruk for befolkning og media, kommunane sjølv og for statlige styringsorgan

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Opplysningane hentes inn av Statistisk sentralbyrå på vegne av Sosial- og helsedirektoratet med hjemmel i Lov om sosiale tenester av 13. desember 1991 nr 81, § 2-5. Statistisk sentralbyrå vil med hjemmel i Lov om offisiell statistikk av 16. juni 1989 nr 54, § 3-2 nyttast opplysningane til framstilling av offisiell statistikk.

Til innhenting av opplysningane nyttas KOSTRA skjema

Skjema 7 'Ansette i sosialtenesta. Ansatte etter utdanning og stillingsomfang pr. 31. 12. og skjema

Skjema 12 'Stønadssatser økonomisk sosialhjelp.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Registrering av tilsette i den kommunale sosialtenesta skjer på eit skjema som sendast inn ein gong for året. Data over personell er knytt til teljedatoen 31. desember. Opplysningar om stønadssatsane til økonomisk sosialhjelp fyllast ut på eiget skjema, som òg sendast inn ein gong i året.

Datakjelder og utval

Den kommunale sosialtenesta er opphav til opplysningane sosialhjelpsstatistikken byggjer på.

Statistikken baserer seg ikkje på utval, men på oppgåver om alle de tilsette i tenesta. Kommunane sender òg inn oppgåver og opplysningar om dei kommunale stønadssatsane.

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikken byggjer på oppgåver frå sosialkontora i den einskilde kommune over alle tilsette og grunnlaget for dei kommunale stønadssatsane. Innsamlinga skjer ved årleg innsending av elektroniske data med frist 15. februar.

Oppgåvebyrde

Utfylling av kvart skjema tek for ein som kjenner sosialtenesta om lag 10 minutt.

Dataene vert kontrollert før innsending ved hjelp av kontroller i dei elektroniske skjemaene. Medan dei internt vert ytterligare kontrollert ved hjelp av ei jamføring med tal frå året før.

I samband med KOSTRA har ein gitt kommunane frist til 15. april for å sende oppretta data etter publiseringa 15. mars. Etter at KOSTRA i 2002 var fullskala drift har ein som mål at ein frå og med 2003 skal ha avslutta all revisjon i løpet av 1. halvår, slik at KOSTRA publiseringa 15. juni gir endelige tall.

Konfidensialitet

Tilsette i sosialtenesta er telleeining i statistikken.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken over tilsette i sosialtenesta blei frå og med 1992 endra slik at sosialtenesta og barneverntenesta no blir handsama som to separate tenester sjølv om dei i mange kommunar er organisert innanfor eit og same kontor. Dette gjer at tal frå før 1992 ikkje er heilt samanliknelige med dagens tal. Etter at alle kommunane i 2001 vart med i KOSTRA er det òg innført funksjonar i rapporteringa over tilsette, nok som gjer statistikken meir detaljert ein tidligare. Tal frå 2001 vil derfor ikkje være heil samanliknelige med tal frå tidligare år.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Personellregistreringa i sosialtenesta byggjer på oppgåver frå den einskilde kommune eller bydel. Ein viktig feilkjelde i registreringsarbeidet er at skilje mellom sosialtenesta og andre kommunale tenester er uklar. Særleg gjeld dette stillingar knytte til tiltak som rettar seg mot grupper av funksjonshemma, flyktningar, rusmiddelmisbrukarar og unge arbeidsledige. Ofte vil det her være tvil om tiltaka ligg utanfor eller innanfor sosialtenesta. Mindre endringar i talet på tilsette kan derfor skyldast registreringsfeil og ikkje reelle endringar i bemanninga.

For Statistisk sentralbyrå er det vanskeleg å finne fram til visse typar feil. Ein freistar å få retta opp dei feil og manglar som kjem til syne når ein jamfører med fjorårstala. Ved å sende ut ureviderte tabellmateriale til den kommunale sosialtenesta må kommunane sjølve rette opp feil og manglar og meddele desse rettingane til oss.

For stønadssatsane er den viktigaste feilkjelda at kommunane har andre grupperingar enn dei som er fastlagte i dei elektroniske skjemaene.

Ved KOSTRA publiseringa 15. mars er data bere kontrollert ved elektroniske kontroller. Disse kontrollane fangar ikkje opp alle type feil, det vil derfor førekome partielt fråfall. Dette gir seg utslag i feil i dei publiserte tala dersom individ- eller institusjonsrapporteringa for ein kommune ikkje er fullstendig. Det førekommer også andre type feil i kommunanes innrapportering. Ved publiseringa 15. juni er tala kontrollert både av kommunane sjølve og Statistisk sentralbyrå. For 2002 er ikkje kontrollane i Statistisk sentralbyrås helt sluttført per 15. juni.