13094_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/datapi/kvartal
13094
Lågare prisauke på datakonsulenttenester
statistikk
2008-10-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Teknologi og innovasjon
no
datapi, Databehandlingstjenester, prisindeksInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Produsent- og engrosprisindekser, Teknologi og innovasjon, Priser og prisindekser
false

Databehandlingstjenester, prisindeks2. kvartal 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågare prisauke på datakonsulenttenester

Prisane på datakonsulenttenester auka med 0,4 prosent i første kvartal i år, ein merkbart lågare vekst enn i førre kvartal. Auken på eitt år er på 4,2 prosent.

Prisane på datakonsulenttenester auka med 4,2 prosent frå andre kvartal 2007 i høve til den same perioden i 2008. Frå første kvartal til andre kvartal 2008 auka prisane med berre 0,4 prosent, mot 2,2 prosent førre kvartalet.

Prisane har auka mest frå det førre kvartalet for systemtekniske konsulentar, med om lag 1,4 prosent. Det siste året har delindeksen for rådgjevarar auka mest, med 6,2 prosent.

Prisindeks datakonsulenttenester. 2. kvartal 2006-2. kvartal 2008. 2. kvartal 2006=100. Totalindeks, kompetansenivå

Prisindeks datakonsulenttenester. 2. kvartal 2006-2. kvartal 2008. 2. kvartal 2006=100. Totalindeks, datakonsulentkategoriar

Når ein ser på utviklinga for ulike kompetansenivå, har prisane auka mest for dei med lågast kompetansenivå. Dette gjeld særskild samanlikna med same kvartal i fjor. Frå andre kvartal 2007 til andre kvartal 2008 auka prisane for denne gruppa med nesten 7 prosent, medan prisane for dei med høgast kompetansenivå auka med berre 2 prosent i den same perioden.

Prisindeks datakonsulenttenester. 2. kvartal 2007-2. kvartal 2008. 2. kvartal 2006=100. Totalindeks, datakonsulentkategoriar og kompetansenivå. Endring frå same kvartal året før og frå førre kvartal. Prosent
  Indeks Endring frå 2. kvartal 2007. Prosent Endring frå 1. kvartal 2008. Prosent
  2. kvartal 2007 3. kvartal 2007 4. kvartal 2007 1. kvartal 2008 2. kvartal 2008
Totalindeks  106,3  107,7  108,0  110,4  110,8 4,2 0,4
               
IT-arkitekt, systemdesignar  107,7  109,5  110,3  114,0  113,1 5,0 -0,8
Programmerar, systemprogrammerar  106,2  106,1  107,0  107,5  108,5 2,2 0,9
IT-prosjektleiar  104,8  107,1  107,5  109,9  109,7 4,7 -0,2
Rådgjevar  107,9  110,5  110,0  113,8  114,6 6,2 0,7
Systemteknisk konsulent  106,0  107,3  106,2  109,3  110,8 4,5 1,4
               
Kompetansenivå 1  109,0  110,8  111,3  116,0  116,2 6,6 0,2
Kompetansenivå 2  105,7  107,2  107,7  108,2  110,1 4,2 1,8
Kompetansenivå 3  105,7  107,6  106,7  110,2  109,8 3,9 -0,4
Kompetansenivå 4  104,1  104,6  105,6  107,1  106,4 2,2 -0,7

Dei fire kompetansenivåa er definerte etter utdanning og lengd på arbeidserfaring.

Nivå 1: Utdanning innanfor området og inntil eitt års erfaring.

Nivå 2: Utdanning innanfor området og eitt til tre års erfaring.

Nivå 3: Minst tre års utdanning og meir enn åtte års erfaring.

Nivå 4: Ekspertkompetanse og minst sju til tolv års erfaring.

For meir informasjon sjå i ”Om statistikken”.