Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Høgare prisauke på datakonsulenttenester
Prisane på datakonsulenttenester auka med 2,2 prosent i 1. kvartal i år, ein merkbart høgare vekst enn i førre kvartalet. Auken på eitt år er 5,3 prosent. Prisane på tenester leverte av konsulentar med relativt låg utdanning og erfaring går mest opp.
Prisane på datakonsulenttenester auka med 5,3 prosent frå 1. kvartal 2007 i høve til den same perioden i 2008. Frå 4. kvartal 2007 til 1. kvartal 2008 auka prisane med 2,2 prosent, mot berre 0,3 prosent førre kvartalet.
Prisane har auka mest frå det førre kvartalet for rådgjevarar og IT-arkitektar, med omlag 3,5 prosent. Det siste året har delindeksane for IT-arkitektar auka mest, med 7,9 prosent.
Når ein ser på utviklinga for ulike kompetansenivå, har prisane auka mest for tenester leverte av dei med lågast kompetansenivå. Dette gjeld både auken frå førre kvartalet og frå same kvartalet i fjor. Frå det førre kvartalet auka prisane hos dei på lågaste nivå med over 4 prosent. Frå 1. kvartal 2007 til 1. kvartal 2008 auka dei med nesten 9 prosent, medan prisane hos dei med høgast kompetansenivå auka med berre 3 prosent i den same perioden.
Indeks |
Endring frå
1. kvartal 2007. Prosent |
Endring frå
4. kvartal 2007. Prosent |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1. kvartal 2007 | 2. kvartal 2007 | 3. kvartal 2007 | 4. kvartal 2007 | 1. kvartal 2008 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 104,8 | 106,3 | 107,7 | 108,0 | 110,4 | 5,3 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
It-arkitekt, systemdesignar | 105,7 | 107,7 | 109,5 | 110,3 | 114,0 | 7,9 | 3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Programmerar, systemprogrammerar | 104,2 | 106,2 | 106,1 | 107,0 | 107,5 | 3,2 | 0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
It-prosjektleiar | 103,7 | 104,8 | 107,1 | 107,5 | 109,9 | 6,0 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Rådgjevar | 107,4 | 107,9 | 110,5 | 110,0 | 113,8 | 6,0 | 3,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Systemteknisk konsulent | 104,4 | 106,0 | 107,3 | 106,2 | 109,3 | 4,7 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 1 | 106,8 | 109,0 | 110,8 | 111,3 | 116,0 | 8,6 | 4,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 2 | 103,8 | 105,7 | 107,2 | 107,7 | 108,2 | 4,2 | 0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 3 | 104,8 | 105,7 | 107,6 | 106,7 | 110,2 | 5,2 | 3,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 4 | 103,7 | 104,1 | 104,6 | 105,6 | 107,1 | 3,3 | 1,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Dei fire kompetansenivåa er definerte etter utdanning og lengd på arbeidserfaring. Nivå 1: Utdanning innanfor området og inntil eitt års erfaring. Nivå 2: Utdanning innanfor området og eitt til tre års erfaring. Nivå 3: Minst tre års utdanning og meir enn åtte års erfaring. Nivå 4: Ekspertkompetanse og minst sju til tolv års erfaring. For meir informasjon sjå i ”Om statistikken”. |
Statistikken publiseres nå sammen med Produsentprisindekser for tjenester.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42