Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Lågare prisauke på datakonsulenttenester
Prisane på datakonsulenttenester auka med 5,9 prosent frå fjerde kvartal 2006 til den same perioden i 2007. Frå tredje til fjerde kvartal 2007 auka prisane berre med 0,3 prosent mot 1,3 prosent førre kvartalet.
Prisane har auka mest frå det førre kvartalet for programmerarar, med 0,8 prosent. Det siste året har delindeksane for IT-arkitektar og rådgjevarar auka mest, med 7,7 og 7,2 prosent.
Prisane har auka mest frå det førre kvartalet for dei med høgast kompetansenivå. Frå fjerde kvartal 2006 til fjerde kvartal 2007 auka prisane derimot med 10 prosent for dei med lågast kompetansenivå, medan prisane for dei med høgast kompetansenivå auka med berre 2 prosent i same perioden.
Indeks | Endring frå 4. kvartal 2006, prosent | Endring frå 3. kvartal 2007, prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
4. kvartal 06 | 1. kvartal 07 | 2. kvartal 07 | 3. kvartal 07 | 4. kvartal 07 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 102,0 | 104,8 | 106,3 | 107,7 | 108,0 | 5,9 | 0,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
It-arkitekt, systemdesignar | 102,4 | 105,7 | 107,7 | 109,5 | 110,3 | 7,7 | 0,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Programmerar, systemprogrammerar | 101,7 | 104,2 | 106,2 | 106,1 | 107,0 | 5,2 | 0,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
It-prosjektleiar | 101,4 | 103,7 | 104,8 | 107,1 | 107,5 | 6,0 | 0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Rådgjevar | 102,6 | 107,4 | 107,9 | 110,5 | 110,0 | 7,2 | -0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Systemteknisk konsulent | 102,5 | 104,4 | 106,0 | 107,3 | 106,2 | 3,6 | -1,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 1 | 101,4 | 106,8 | 109,0 | 110,8 | 111,3 | 9,8 | 0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 2 | 101,5 | 103,8 | 105,7 | 107,2 | 107,7 | 6,1 | 0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 3 | 102,4 | 104,8 | 105,7 | 107,6 | 106,7 | 4,2 | -0,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 4 | 103,5 | 103,7 | 104,1 | 104,6 | 105,6 | 2,0 | 1,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Dei fire kompetansenivåa er definerte etter utdanning og lengd på arbeidserfaring. Nivå 1: Utdanning innanfor området og inntil eitt års erfaring. Nivå 2: Utdanning innanfor området og eitt til tre års erfaring. Nivå 3: Minst tre års utdanning og meir enn åtte års erfaring. Nivå 4: Ekspertkompetanse og minst sju til tolv års erfaring. For meir informasjon sjå i ”Om statistikken”. |
Statistikken publiseres nå sammen med Produsentprisindekser for tjenester.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42