Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Prisauke på datakonsulenttenester
Prisane på datakonsulenttenester auka med 6,8 prosent frå tredje kvartal 2006 til den same perioden i 2007. Frå andre kvartal 2007 til tredje kvartal i 2007 auka prisane med 1,3 prosent. Skilnadene i prisauken er større etter kompetansenivå enn mellom ulike typar datakonsulentar.
Prisane har auka frå det førre kvartalet for alle delindeksar med unntak for delindeksen for programmerar, systemprogrammerar. Delindeksane for IT-arkitektar og rådgjevarar har auka mest det siste året.
Prisane har auka mest for dei med lågast kompetansenivå. Frå tredje kvartal 2006 til tredje kvartal 2007 auka prisane med 10 prosent for dei med kompetansenivå 1. Delindeksen for dei med høgast kompetansenivå auka med berre 3 prosent i same perioden.
Indeks |
Endring frå
3. kvartal 2006, prosent |
Endring frå
2. kvartal 2007, prosent |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2. kvartal 2006 | 3. kvartal 2006 | 4. kvartal 2006 | 1. kvartal 2007 | 2. kvartal 2007 | 3. kvartal 2007 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 100,0 | 100,8 | 102,0 | 104,8 | 106,3 | 107,7 | 6,8 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||
IT-arkitekt, systemdesignar | 100,0 | 101,3 | 102,4 | 105,7 | 107,7 | 109,5 | 8,1 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||
Programmerar, systemprogrammerar | 100,0 | 100,6 | 101,7 | 104,2 | 106,2 | 106,1 | 5,5 | -0,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||
IT-prosjektleiar | 100,0 | 100,5 | 101,4 | 103,7 | 104,8 | 107,1 | 6,6 | 2,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||
Rådgjevar | 100,0 | 101,0 | 102,6 | 107,4 | 107,9 | 110,5 | 9,4 | 2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||
Systemteknisk konsulent | 100,0 | 100,9 | 102,5 | 104,4 | 106,0 | 107,3 | 6,3 | 1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 1 | 100,0 | 100,7 | 101,4 | 106,8 | 109,0 | 110,8 | 10,0 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 2 | 100,0 | 100,6 | 101,5 | 103,8 | 105,7 | 107,2 | 6,6 | 1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 3 | 100,0 | 101,0 | 102,4 | 104,8 | 105,7 | 107,6 | 6,5 | 1,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||
Kompetansenivå 4 | 100,0 | 101,1 | 103,5 | 103,7 | 104,1 | 104,6 | 3,5 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||
Dei fire kompetansenivåa er definert etter utdanning og lengde på arbeidserfaring. Nivå 1: Utdanning innan området og inntil eitt års erfaring. Nivå 2: Utdanning innan området og eitt til tre års erfaring. Nivå 3: Minst tre års utdanning og meir enn åtte års erfaring. Nivå 4: Ekspertkompetanse og minst sju til tolv års erfaring. For meir informasjon sjå i ”Om statistikken”. |
Statistikken publiseres nå sammen med Produsentprisindekser for tjenester.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42